Medvitne val eller tilfeldige handlingar?
De Heibergske Samlingar - Sogn Folkemuseum og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
www.dhs.museum.no/ og fylkesarkiv.no/
Utgangspunktet er at museum og arkiv er ikkje objektive og verdinøytrale institusjonar. Både innsamling, forvalting og formidling er basert på eit sett verdiar, premissar og føresetnader som kan vera eksplisitte eller implisitte, medvitne eller umedvitne.
Eit overordna mål vil vera å studera og analysera verksemda til De Heibergske Samlingar – Sogn Folkemuseum og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, spesielt arbeidet med innsamling og formidling. Prosjektet vil klarleggja kva bilete museet og arkivet sitt innsamla materiale og formidling har gitt og gir av samfunnet som desse institusjonane skal spegla av. Sentralt er spørsmålet om likskap og skilnader mellom museet og arkivet, og om og eventuelt korleis innsamling og formidling på dei to institusjonane har endra seg. Problemstillingane vil vi analysera ved å ta fire spatak i soga til dei to institusjonane.
Prosjektansvarlige: Arkivar Ole Stian Hovland, Fylkesarkivet i Sogn- og Fjordane, Museumslektor Anne Jorunn Avdem og direktør Aage Engsæter, Heibergske Samlingar - Sogn Folkemuseum.
Samarbeidspartner: Høgskulen i Sogn- og Fjordane