Inkludering

Inkludering

Norden diskuterar kven som får vera med

Bilete frå konferansen

Bilete frå konferansen "Vem får vara med?" Foto: Kulturrådet

Korleis ein kan skapa eit meir inkluderande kulturliv var tema for konferansen «Nordisk Kulturpolitisk dag» som Kulturrådet arrangerte i samarbeid med Kulturanalys Norden i Stockholm.

– Ein betre representasjon av menneske med fleirkulturell bakgrunn i kulturinstitusjonar er viktig fordi den endrar arenaen i seg sjølv. Det er også med på å definera kva draumar og ambisjonar me som fleirkulturelle har, seier kunstnaren Sandra Mujinga, basert i Oslo og Malmø. Ho var ein av paneldeltakarane under Nordisk Kulturpolitisk dag i Stockholm 29. januar.

Tema for dagen var «Vem får vara med?» som omhandla utfordringane og moglegheitane kring eit inkluderande kulturliv i Norden. Konferansen var eit samarbeid mellom Norsk Kulturråd og KulturAnalys Norden, eit statleg analyseorgan basert i Sverige. Sveriges Kultur- og demokratiminister Alice Bah Kuhnke og påtroppande statssekretær Frida Blomgren ved det norske kulturdepartementet, opna konferansen. Blomgren gav ei helsing frå Kulturminister Trine Skei Grande, som minna om at Jeløya-plattformen var klar på å igangsetja ein inkluderingsdugnad, og at nettopp dette temaet var ei av dei tinga som gjorde at ho ynskte seg kulturministerposten.

Konkrete utfordringar for representasjon i Norden

Norden lir i dag under manglande representasjon av personar med fleirkulturell bakgrunn på kulturarenaer og blant tilsette på kunstinstitusjonar. Dessutan saknar ein konkrete politiske målsetjingar. Dette var nokre av konklusjonane som blei presentert i tre rapportar utarbeida av KulturAnalysNorden. Målet er at forskingsmaterialet skal setja fokus på utfordringane på integreringsområdet og sjå om ein finn fellesnordiske moglegheitar og tiltak for å inkludera fleire.

Kulturrådet presenterte prosjektet som Noreg sit i leiargruppa for, «Inkluderende kulturliv i Norden», som har som oppgave nettopp å sjå på kva metodar, tiltak og politikk som verkar i Norden.

Underliggande strukturar for diskriminering må adresserast

Kulturrådet hadde også samla eit panel av unge, fleirkulturelle kunstnarar som har engasjert seg i tematikken og som sjølv har opplevd ulike barrierar for deltaking i kulturlivet i dei nordiske landa. Belinda Braza, Ninos Josef, Julienne Doko og Sandra Mujinga, kunstnarar innan dans, koreografi, teater og visuell kunst var glade for initiativet, men utolmodige etter å sjå resultat.

Sjå opptak frå panelsamtalen her:

Det er viktig med auka representasjon på ulike arenaer, men samstundes minna Sandra Mujinga om at ein må passa seg for det ho kalla ‘grunn representasjon'. Ein må tørre å sjå på kva som er dei underliggande årsakane til diskriminering i utgangspunktet.

Koreograf og dansar, Belina Braza, som er tilsett ved det Norske Teateret, fortalde konkret at hennar tilknytning til institusjonen har vore viktig for å få anarkjenning for sitt arbeid og for å trekkja nye publikummarar til sine produksjonar. Eit døme på dette er mellom anna Blokk til Blokk, som no vert sett opp for fulle hus.

– Det å bli eksponert for kunst tidleg er viktig for å føla empati og fellesskap med andre. Det er difor viktig å få med skular og kulturskular på dette også, i staden for å kutte i kunstundervisning og kulturtilbod for barn og unge, slo Braza fast.

Nærare 400 deltakarar frå heile Norden deltok på arrangementet.

Sjå fleire videoopptak frå konferansen her.

Kontaktperson

Silje Eikemo Sande