Litteratur

Innkjøpsordningene for litteratur

påmeldte og innkjøpte bøker

Innkjøpsordningane for litteratur

Kulturrådet administrerer fem innkjøpsordningar for litteratur og ei ordning for tidsskrift. Dei innkjøpte titlane blir formidla til bibliotek over heile landet.

Kulturrådet administrerer fem innkjøpsordningar for litteratur og ei ordning for tidsskrift. Dei innkjøpte titlane blir formidla til bibliotek over heile landet.

Under innkjøpsordningane for litteratur kjøper Norsk kulturråd inn nye boktitlar for å sende dei vidare til norske folke- og skulebibliotek og til nokre undervisningsstader og bibliotek i utlandet. Desse bøkene kjem i tillegg til dei titlane biblioteka sjølve kjøper inn over eigne budsjett.

Vi har i dag fem innkjøpsordningar for litteratur:

I tillegg har Norsk kulturråd ei innkjøpsordning for tidsskrift, som inneber at heile årgangen av inntil 15 kulturtidsskrift blir distribuert gratis til norske folkebibliotek.

Kor mange titlar som blir kjøpte inn av ny norsk skjønnlitteratur, varierer for kvart år, ettersom alle bøker som er vurderte til å ha høg nok kvalitet, kjem med på innkjøpsordningane. Forlaga må allereie ha trykt og gitt ut bøkene før dei blir vurderte for innkjøp.

Når det gjeld fagbøker for barn og ungdom, omsett litteratur, sakprosa og teikneseriar (såkalla selektive ordningar), er det øvre titteltalet bestemt på førehand, og innkjøpet gjort etter ei kvalitetsvurdering og deretter ei prioritering av dei beste bøkene.

For alle innkjøpsordningane gjeld særskilde retningsliner. Eigne vurderingsutval er oppnemnde for å sjå til at dei påmelde bøkene er gode nok til å få statsstøtte, og at dei oppfyller krava ordningane set til sjanger. Ein kan ikkje klage på anna enn sakshandsaminga.