Hopp til innhold

Rådsmøte

Møte i rådet som forvaltar Norsk kulturfond. Møtet strøymas offentleg på Kulturrådets nettsider.

22. februar 2018

Legg arrangementet i min kalender

Mølleparken 2, Oslo

Kulturrådet

Rådsmøta blir haldne seks gonger i året. Her møtest medlemmane i Kulturrådet til faglege diskusjonar og gjennomgang av siste søknadsrunde. Rådet blir orientert om vedtak i fagutvala og ein gjer også enkeltvedtak i saker som utvala ønskjer at rådet skal drøfte. Dette kan vere saker som utvala meiner er av spesiell interesse for rådet, saker av prinsipiell karakter, saker som blir behandla over fleire utval eller saker der det er usemje i fagutvala.

Rådsmøta blir halde om lag tre månader etter hovudsøknadsfristane for Norsk kulturfond.

Møta er opne for presse og publikum. Sei gjerne i frå om du ønskjer å kome til: Ingunn Eriksen

Rådsmøtet 22. februar blir strøyma her frå kl 10 - 14.

Program

10.00 Oppstart, habilitet og referater

10.15 Årsrapport 2017

11.00 Budsjettsøknad 2019

12.00 Lunsj

13.00 Årskonferansen 2018

13.20 Innspill til ny kulturmelding

14.00 Slutt på strøyming

Norsk kulturfond

Norsk kulturfond har til oppgåve å stimulere nyskapande kunst- og kulturaktivitet, og formidle kunst- og kulturverdiar til så mange som mogleg. Norsk kulturråd fordeler midlane ut frå fagleg og kunstnarleg skjøn i samsvar med formålet til Kulturfondet.

Privatpersonar, organisasjonar og ulike institusjonar kan søkje tilskot innanfor områda litteratur og tidsskrift, musikk, biletkunst og kunsthandverk, scenekunst, kulturvern, barne- og ungdomskultur, rom for kunst/kulturarenaer, tiltak med tverrfagleg innhald og andre tiltak som kjem inn under fondet sitt formål. Det blir lagt vekt på tiltak som medverkar til å realisere eit kulturelt og kunstnarleg mangfald.

Lenker til meir informasjon om rådsmøtet