Kalender

Kunstnardrivne rom. Boklansering i Tromsø

Foto: Small Projects

mars
20

Når:
20. mars 2017
kl. 17:00 - 19:00

Hvor:
Small projects, Grønnegata 23, Tromsø

Arrangør:
Kulturrådet

Foto: Small Projects

I samarbeid med visningsstadane Kurant og Small Projects inviterer vi til seminar der forfattar Jorunn Veiteberg presenterer boka "Kunstnardrivne visningsrom. Årestadar for ny kunst".

Det siste tiåret har det blitt etablert fleire kunstnardrivne visningsstadar i Norge. Dei har vore viktige og vitale årestadar for framsyning og produksjon av ny kunst. Men kva inneber det å vera kunstnardrive eller sjølvorganisert? Kva skil dei frå meir etablerte institusjonar og kommersielle galleri? Er dei å rekna som eit alternativ eller eit supplement? Og viktigast: Kva slags kunst har blitt til på desse stadane?

Jorunn Veiteberg si bok Kunstnardrivne visningsrom. Årestadar for ny kunst gjev ein gjennomgang og analyse av visningsstadane Kurant og Small Projects i Tromsø, Entrée i Bergen og Dortmund Bodega og 1857 i Oslo. På seminaret vil det bli sett fokus på den rolla dei spelar på kunstfeltet i dag.

Jorunn Veiteberg er kunsthistorikar og kurator og har skrive ei rekke bøker og artiklar om sentrale samtidskunstnarar og om kunsthandverk. 

Program

Jorunn Veiteberg, Kunstnardrivne visningsrom. Årestadar for ny kunst

Innlegg ved Anne Szefer Karlsen, Universitetet i Bergen

Jet Pascua frå Small Projects og Henrik Sørlid frå Kurant i samtale med forfattaren

Omvising og mottaking på Kurant i utstillinga FLEXI, med tekstilarbeider av kunstnarane Vebjørn Guttormsgaard Møllberg, Ingrid Forland og Jørn Tore Egseth

For påmelding, send e-post til anita.eik@kulturradet.no

Kontakt

Marianne Berger Marjanovic