Søk støtte

Kan eg få støtte?

Kan eg få støtte?

Kulturrådet støttar kunst og kultur over heile landet. Midlane blir delte ut gjennom ulike fond, avsetjingar og støtteordningar. Ei kort oversikt over kven som kan søkje kva finn du nedanfor. For å finne meir detaljert informasjon og kriterium må du gå inn på dei enkelte støtteordningane.

Det frivillige kulturfeltet, undervisningsføremål og kulturtiltak som kun har eit lokalt nedslagsfelt fell normalt utanfor det ein støtter i Kulturrådet. Slike tiltak har andre offentlege instansar ansvar for.

Norsk kulturfond

Søkjarar til ordningane i Norsk kulturfond kan vere kunstnarar, kulturaktørar, private eller offentlege organisasjonar, institusjonar og verksemder i kulturfeltet. Ein støttar prosjekt innanfor musikk, scenekunst, visuell kunst, litteratur, barne- og ungdomskultur, rom for kunst, kulturvern og tverrfaglege område. Støtta blir fordelt gjennom ei rekkje støtteordningar og avsetjingar.

I hovudsak prioriterer ein prosjekt der profesjonelle kunstnarar er involverte, prosjekt som finn stad utanom dei store kulturinstitusjonane og prosjekt som kan ha overføringsverdi til andre aktørar.

Meir om Norsk kulturfond

Driftstilskot

Post 74 er lagt ned frå og med 2015 og midlane for driftsstøtte til kunst- og kulturorganisasjonar er lagt inn i Kulturfondet. Føremålet med ordninga for driftstilskot er å sikre føreseielege driftsrammer for verksemder som har høgt kunst- og kulturfagleg kvalitetsnivå, langsiktige mål og relevans ut over sitt lokale nedslagsfelt. Etablerte verksemder innanfor og på tvers av områda musikk, scenekunst, litteratur, visuell kunst, kulturvern og allmenne kulturformål, som kan vise til høg fagleg kvalitet og kompetanse, kontinuerlig aktivitetsnivå og profesjonell drift, kan søkje. 

Tilskot til tiltak som fekk tilskot under post 74 i 2014, og som egner seg for kunst- og kulturfagleg vurdering, er flytta til post 55 frå 2015. Omlegginga medfører at det no kan gjevast tilskot frå post 55 til drift av verksemder av meir varig karakter.

Meir om driftsstilskot

Statens kunstnarstipend

Kunstnarar som i hovudsak bur og arbeider i Noreg, kan søkje stipend til etablering og/eller vidareutvikling av sitt kunstnariske arbeid. Ein kan gjere unntak frå bu- og arbeidskravet om det blir vurdert som rimeleg. Ordninga gjeld berre einskildkunstnarar, ikkje grupper. Kunstnarar under grunnutdanning kan ikkje søkje om midlar.

Ved tildeling av Statens kunstnarstipend skal det berre leggjast vekt på kunstnarleg aktivitet og kvalitet. Det blir ikkje teke omsyn til medlemskap i kunstnarorganisasjonar.

Meir om Statens kunstnarstipend

Fond for lyd og bilde

Søkjarar til Fond for lyd og bilde kan vere opphavere, utøvande kunstnarar og produsentar som bur og hovudsakleg arbeider i Noreg.

Arrangørar kan normalt ikkje søkje. Offentlege verksemder og aktørar med offentleg driftsstøtte/grunnfinansiering kan ikkje søkje. Ein gjev ikkje tilskot til amatørverksemd, men profesjonelle bidrag i samarbeidsprosjekt mellom profesjonelle og amatørar kan støttast.

Ein kan søkje støtte til: produksjon og formidling av lydopptak, konsertverksemd, komponering, produksjon og formidling av scenekunstframsyningar, manusutarbeiding og andre former for tekstproduksjon, produksjon og formidling av kortfilm og dokumentarfilm, produksjon og formidling av foto og biletkunst, samansette prosjekt.

Meir om Fond for lyd og bilde

Spelemidlar (museum)

Innanfor museumsprogramma, som er finansierte av spelemidlar, kan museumsinstitusjonar søkje om tilskot til forskingsprosjekt, formidlingsmetodikk, kompetansehevande tiltak, utvikling av verktøy, standardar og rettleiingar. Det er ei styrke dersom prosjekta tar form av samarbeid mellom fleire museum, og museum i samarbeid med forskingsmiljø eller andre relevante aktørar. Kulturrådet vil prioritere prosjekt i regi av dei faglege museumsnettverka. Det blir normalt ikkje gjeve tilskot til ordinære drifts- og kjerneoppgåver.

Museum som arbeider med å bevare og gjere tilgjengeleg arkiv frå privat samfunnssektor (privatarkiv) kan søkje Kulturrådet om støtte til dette arbeidet.

Vidare kan musea i det nasjonale museumsnettverket søkje tilskot til sikringstiltak som kan førebyggje og redusere omfanget av øydelegging i samband med brann, tjuveri, ran, hærverk, naturskade og eventuell annan skade.

Meir om museumsprogramma

Andre

EU-/EØS-midlar

Kulturaktørar og kulturinstitusjonar kan søkje om støtte til europeiske samarbeidsprosjekt gjennom EUs kulturprogram, og til kulturarv og kulturutveksling gjennom bilaterale EØS-samarbeidsavtalar med Polen, Latvia, Litauen, Romania, Tsjekkia, Bulgaria, Slovakia, Spania, Ungarn. Kulturrådet er nasjonalt kontaktpunkt for EUs kulturprogram og fagleg samarbeidspartnar i EØS kulturutvekslingsprogram. Søknadane blir ikkje handsama av Kulturrådet, men sendt direkte til EU eller samarbeidslandet i EØS og vurdert av fageksepertar frå medlems- eller samarbeidslanda.

Les om internasjonalt arbeid i Kulturrådet.

Norsk-islandsk kultursamarbeid

Norske og islandske kulturaktørar kan søkje støtte til prosjekt som bidrar til eit mangfaldig kultursamarbeid og gjev varige kontaktar mellom kunstnarar, kulturarbeidarar og forskarar i dei to landa. Kulturrådet og det islandske departementet vurderer søknadane.

Sjå støtteordninga for norsk-islandsk kultursamarbeid.

A.C. Houens og C. Mohrs legat

Reise-/studiestipend som blir tildelt kvart anna år til forfattarar, journalistar, skodespelarar, musikarar og komponistar og kvart anna år til biletkunstnarar, arkitektar og utøvarar innan arkitekturtilknytta kunst. Utvalet for Statens kunstnarstipend tildel stipenda.

Les meir om Houen og Mohrs legat.