Kreativ næring

Kreativ næring

Aktuelt

Store forventningar til Kreativt Noreg i Trondheim

Mange hadde møtt fram til lanseringen av Kreativt Noreg på Dokkhuset i Trondheim.

Mange hadde møtt fram til lanseringen av Kreativt Noreg på Dokkhuset i Trondheim.

4. mai lanserte vi dei nye støtteordningane for kreativ næring i Trondheim. Vi spurde nokre av deltakarane om kva forventningar dei hare til den nye satsinga.

Kulturrådets nye støtteordningar for kreativ næring og det nye kontoret Kreativt Noreg, som skal etablerast i Trondheim etter sommaren, har fått mykje merksemd i vår. 4. mai lanserte vi to nye støtteordningar på Dokkhuset i Trondheim, der Kristin Danielsen, direktør i Kulturrådets og Hilde Opoku, varaordførar i Trondheim, var til stades.

Les meir og sjå opptak av informasjonsmøtet her.

120 personar hadde møtt opp. I tillegg fulgde om lag like mange møtet på nettsidene våre. Vi snakka med nokre av dei som skulle på møtet om kva forventningar dei hadde til kontoret.

Ninjafilm

Astrid Thorvaldsen, Eli Nygård og Gine Kirkholt utgjer selskapet Ninjafilm.

Ninjafilm vart starta i 2013 og produserer kortfilm i fiksjonssjangeren.

- Som filmskaparar er det Fond for lyd og bilete som har vore aktuelt for oss å søkje støtte frå. Det er spennande at tilsette i Kulturrådet flyttar opp her. Vi håpar sjølvsagt det kan kome oss til gode at Kulturrådet flyttar inn i vår eigen bakhage, seier dei tre filmskaparane.

Artscene Trondheim

Marit Flåtter er kunstkritikar og redaktør for Artscene Trondheim.

ArtScene Trondheim (AST) vart etablert i 2009 og er eit uavhengig nettmagasin for samtidskunst.

- Eg er glad for at Kulturrået får ein eigen avdeling i Trondheim og det er bra at byråkratane i Kulturrådet får ei forståing av det som skjer i Trondheim. Eg er her av interesse, som ein som jobbar med formidling av samtidskunst er det naturleg å sjå kva det kan søkjast om støtte til.

 

Galleri Molo

Snorre Hvitsand er engasjert i Galleri Molo i Ørland.

- Galleri Molo blir drive av fire personar og vi er dermed svært sårbare når vi er så få. Vi fekk støtte frå mellom anna Kulturrådet og Koro til prosjektet Landart i 2015. Prosjektet går ut på at bønder i Ørland og Bjugn, i samarbeid med kunstnarar, lagar kunstverk. 

- Eg blei tipsa frå nokon i Fylkeskommenen og er primært interessert i  å få med seg korleis desse støtteordningane fungerer og kva område dei vil dekke og elles halde meg oppdatert på kva som skjer i feltet.

 

Midtnorsk fortellerforum

Tove Olsen er styremedlem i Midtnorsk fortellerforum.

- Midtnorsk fortellerforum er ein interesseorganisasjon for forteljarkunst og munnleg forteljing i Midt-Noreg. Eg er sjølvsagt interessert i kva dette nye kontoret vil ha å seie for oss i Midtnorsk fortellerforum. Vi er ein organisasjon som går i null, og eg er her spesielt for å finne ut om det er aktuelt for oss å søke om tilskot.

 


Bakgrunnsbilde: Kontinuum 1 av Christian Montarou / BONO 2010. Montarou er innehaver av Garantiintekten fra Statens kunstnerstipend og driver sin virksomhet fra Nesoddparken kunst- og kulturnæringssenter, som ble tildelt midler fra Kulturdepartementet for kulturnæringer i 2012.
blog comments powered by Disqus