Museum og kulturvern

Våre oppgaver

Fakta og tall

Kulturvern

Kulturrådet arbeider for å stimulere prosjektbasert arbeid med bevaring, dokumentasjon og formidling av kulturar og levesett i Noreg. Musea og arkiva er viktige aktørar i kulturvernet, men det skjer også ein omfattande aktivitet utanfor dei etablerte institusjonane. Der utfører både profesjonelle og frivillige aktørar viktig prosjektbasert arbeid for auka kunnskap om historie, kunst og samfunnsliv i Noreg. Kulturfondets prosjektmiddel til kulturvern rettar seg i hovudsak mot slike aktørar og det vart i 2014 løyvd omlag 9,6 mill. kr til 90 ulike tiltak. Ein monaleg del av støtta går til formidling i form av utstillingar, dokumentarfilmar, fagbøker og biografiar, men også viktige bevarings- og dokumentasjonstiltak vert tildelt støtte.

 Kulturrådet forvaltar årlege tilskot til drift av ei mengd enkelttiltak og verksemder innanfor heile kunst- og kulturfeltet. Av dagens mottakarar på museumsfeltet er tidsskrift, foreiningar, museum og andre institusjonar. 

 

Les meir om Kulturvernavsetningen i Kulturfondet.