Museum og kulturvern

Kulturvern

Aktuelt

Satsar på immateriell kulturarv

Jonsokfeiring på Kyrkjebø i Høyanger, Sogn og Fjordane. Foto: Frank Johansen

Jonsokfeiring på Kyrkjebø i Høyanger, Sogn og Fjordane. Foto: Frank Johansen

Kulturrådet øyremerker to millionar kroner til arbeid med immateriell kulturarv til søknadsfristen 2. september 2015.

Merk at øyremerkinga berre gjeld for denne søknadsfristen.

Kulturarv er meir enn bygningar og monument. Språk, utøvande kunst, dans, sosiale skikkar, ritual, tradisjonelt handverk og praktiske ferdigheiter knytt til naturen er òg ein del av vår kulturelle arv. Immateriell kulturarv har på grunn av sin eigenart vore etter måten usynleg i forhold til den materielle, og er gjennom UNESCO gjort til eit særskilt hovudsatsingsområde.

For mange er immateriell kulturarv ei kjelde til identitet med forankring i historia. Filosofi, verdiar og tenkjemåtar blir overført gjennom munnlege tradisjonar, språk og andre former for ikkje-materiell kommunikasjon, og utgjer samfunnslivets fundament. Nokre av tradisjonane, kunnskapane og uttrykka er i ferd med å gå tapt, medan andre igjen har gode vilkår for å bli vidareført.

Ramme og mål

Kulturrådet ved Fagleg utval for kulturvern innarbeider immateriell kulturarv som eit særskilt satsingsområde i sin områdeplan for 2015-2018, og har i 2015 satt av to millionar kroner øyremerkt til prosjektbasert arbeid med immateriell kulturarv. Målet er å stimulere til prosjekt som styrkjer arbeidet med vern og vidareføring av immateriell kulturarv i Noreg både lokalt, regionalt og nasjonalt. Det er òg eit mål å stimulere til samtidsorienterte prosjekt som utforskar og reflekterer rundt tradisjonar, tradering og det immaterielle som fenomen i ein samfunnskontekst.

Målgruppe

Målgruppa er i prinsippet samanfallande med målgruppa for Kulturfondet si avsetting til kulturvern. Satsinga er slik i fremste rekkje retta mot det frie kulturvernet med tilhøyrande lag og organisasjonar. I tillegg kan privatpersonar, kommunar, fylkeskommunar, museum og samlingar, arkiv, forlag, filmprodusentar og andre aktørar i kulturfeltet sende inn søknad. For institusjonar som inngår i Det nasjonale museumsnettverket gjeld at det blir stilt krav om samarbeid med aktørar i det frie kulturvernet og/eller profesjonelle kunstnarar.

Døme på kva som kan få støtte

  • Metodeutvikling for arbeid med vidareføring av immateriell kulturarv
  • Tiltak for opplæring og vidareføring
  • Utforsking og refleksjon rundt det immaterielle som fenomen i ein samfunnskontekst
  • Dokumentasjon av handlingsboren kunnskap og utøving i form av intervju, film og/eller tekst
  • Formidlingstiltak og opplysning i form av t.d. utstillingar, nettpublisering, dokumentarfilm og faglitteratur

Prosjekta kan gjerne vere ein kombinasjon av tiltak som er nemnde her. Kulturrådet vil særleg oppmode om søknader som vedkjem dei fem nasjonale minoritetane og samisk kultur/urfolk, og det er opning for prosjekt som strekkjer seg ut over landegrensene.

Støtteordningar og søknadsfrist

Aktuelle støtteordningar er prosjektstøtte kulturvern og faglitteratur kulturvern. Den siste gjeld kun for søknader om støtte til faglitteratur. I søknadsskjemaet blir du beden om å velje sjanger, det er viktig at du her vel "Immateriell kulturarv".

Søknadsfristen for denne satsinga er 2. september 2015 kl. 13.00 

Ramme for tildeling

Ved tildeling av støtte kan Kulturrådet løyve maksimalt 33 % av totalbudsjettet for det enkelte prosjekt. Søknadssummen må difor ikkje overstige ein tredel av budsjettet. Kulturrådet føreset at restfinansieringa blir dekt gjennom eigendel og/eller andre finansieringskjelder.

Meir om immateriell kulturav

Kontaktpersonar

Eli Solberg

Stig Johan Kalvatn