Museum og kulturvern

Kulturvern

Aktuelt

Satsar på transkribering av kjelder

Kulturrådet støtta i 2016 prosjektet «Historiske toll- og skipsanløp». Prosjektet går ut på å transkribere og standardisere vare- og skipsanløpslister frå norske tollstader på 1700-talet. Materialet blir gjort tilgjengeleg på toll.lokalhistorie.no Biletet her viser to av sidene i tollrekneskapen frå Kristiansand i 1756. Foto: Riksarkivet

Kulturrådet støtta i 2016 prosjektet «Historiske toll- og skipsanløp». Prosjektet går ut på å transkribere og standardisere vare- og skipsanløpslister frå norske tollstader på 1700-talet. Materialet blir gjort tilgjengeleg på toll.lokalhistorie.no Biletet her viser to av sidene i tollrekneskapen frå Kristiansand i 1756. Foto: Riksarkivet

Fagleg utval for kulturvern øyremerker to millionar kroner til transkribering og tilgjengeleggjering av kjelder til søknadsfristen 5. september 2017. Øyremerkinga gjeld berre for denne søknadsfristen.

Fagleg utval for kulturvern peikar i områdeplanen for 2017 på at viktige delar av det historiske kjeldematerialet er vanskeleg lesbart og dermed lite tilgjengeleg for publikum og forskarar. Det gjeld særleg handskrivne dokument som brev, dagbøker eller protokollar, samtidige skildringar og nedteikningar etter intervju. Det kan også gjelde lite tilgjengelege lydopptak frå intervju.

– Mykje av dette materialet utgjer viktige kjelder til kunnskap om historie og levesett i Noreg, seier leiar for kulturvernutvalet, Anne Marit Noraker. – Vi ønskjer å bidra til at meir av dette materialet er fritt tilgjengeleg og ope for allmennheita og øyremerker derfor inntil to millionar kroner til arbeidet med transkribering og tilgjengeleggjering av kjelder. 

Målgrupper

Dei som kan søke er lag og organisasjonar, privatpersonar, kommunar, fylkeskommunar, arkiv, museum og andre aktørar i kulturfeltet, gjerne i samarbeid med kvarandre. For verksemder med statleg driftsstøtte gjeld krav om samarbeid med aktørar i det frivillige kulturvernet. Til dømes kan institusjonar med transkriberingskompetanse samarbeide med det frie feltet for å syte for at desse får transkribert kjelder dei har bruk for, og omvendt.

Døme på kva som kan få støtte

  • Transkribering av vanskeleg tilgjengelege kjelder
  • Tilgjengeleggjering av transkribert materiale i søkbare databasar
  • Tilgjengeleggjering i form av trykte publikasjonar
  • Transkribering frå lydopptak til tekst
  • Andre former for tilgjengeleggjering av transkribert materiale

Prosjekta kan gjerne vere ein kombinasjon av tiltak som er nemnde her. For å sikre kvaliteten på transkripsjonen, bør ein kunne vise til praktisk kompetanse på området. Ein bør også vise korleis ein vil syte for at transkripsjonen blir tilgjengelig for fleire.

Kulturrådet vil særleg oppmode om søknader som vedkjem det fleirkulturelle Noreg, dei fem nasjonale minoritetane og samisk kultur og historie. Vidare er det opning for prosjekt som strekkjer seg ut over landegrensene.

Det blir ikkje gitt støtte til å transkribere musikk til notar eller til omsetjing frå andre språk.

Støtteordningar, retningsliner og søknadsfrist

Aktuelle støtteordningar er Prosjektstøtte kulturvern og Faglitteratur kulturvern. Merk retningslinene for støtteordningane.

Søknadsfristen for denne satsinga er 5. september 2017 kl. 13.00. Innkomne søknader vil bli handsama med endeleg vedtak i møter medio november og primo desember.

Ramme for tildeling

Ved tildeling av støtte kan Kulturrådet løyve maksimalt 50 % av totalbudsjettet for det enkelte prosjekt. Søknadssummen må difor ikkje overstige halvparten av budsjettet. Kulturrådet føreset at restfinansieringa blir dekt gjennom eigenandel og/eller andre finansieringskjelder.

Kontaktpersonar

Stig Johan Kalvatn

Eli Solberg

Anne Marit Noraker