Kunstløftet

Kunstløftet / Artikler og debatt

Dystopien er over oss

Dagens barnelitteratur kryssar grensene mellom vakseninnhald og barneinnhald. Framveksten av ny dystopisk barnelitteratur underbygger påstanden.

I 2008 publiserte New York Times Sunday Book Review ein artikkel med tittelen «Scary New World». Artikkelen peika på eksplosjonen av dystopiske bøker for barn og unge som vert gitt ut. John Green skriv at det dei siste åra har det blitt publisert over eit dusin postapokalyptiske bøker som utforskar korleis framtida vil bli når vår lite berekraftige levemåte ikkje lenger kan oppretthaldast slik den er i dag. Green, som sjølv er forfattar, viser til triologien The hunger games (2008) – omsett til norsk som Dødslekene av amerikanske Suzanne Collins og The Dead and the Gone (ikkje omsett) av Susan Beth Pfeffer. Begge skriv seg inn i ein trend - post-Potter og post-Twilight – der det ikkje lenger er verkelegheitsflukt i form av trollmenn og vampyrar som dominerer barne- og ungdomslitteraturen, men hardcore apokalypse. Fokus er flytta frå overnaturlege parallellunivers, dagdraum og mystiske verder til undergang i vår eiga, høgst reelle, verd. Overkonsum, miljøskadeleg åtferd og grådigheit slår tilbake, og verken tryllestavar eller kvitløk kan skjerme oss frå realitetane. The Hunger Games er ein postapokalyptisk science fiction-roman, og føyer seg, ifølgje Green, inn i den dystopiske trenden: Undergangen kjem, og den vert ikkje særleg hyggeleg.

Undergangen fascinerer

Terje Torkildsen har skrive den nynorske serien Dystopia I-IV. I Dystopia I er ein gjeng ungdomar i London på skuletur då ei kjempebølgje skyljer over byen. Byen bryt saman og det vert ei reise på liv og død for ungdommane som berre har eitt ønske att: dei vil heim. Med Dystopia III vann Torkildsen Ungdommens Litteraturpris i 2012. Alle dei nominerte bøkene dette året var dystopiar, og blant desse fann vi May Grethe Lerums bok Solstorm 1. Himmelslør. Boka handlar om ein solstorm som rammar den nordlege halvkula, slår ut elektrisitet og elektronisk kommunikasjon. Alt vi tek for gitt vert borte eller nedstengt. Butikkar stenger, internett og mobilar sluttar å fungere og ein har ikkje lenger varmt vatn.

Mennesket lever i eit samfunn i forfall, hundeflokkar spring i gatene og ridehestar vert middag. Mennesket har kome tilbake dit vi starta. Det er ein kamp på død og liv der den sterkaste vinn, og den svakaste gir tapt i kampen mot naturen. Men ulikt naturfolk, lever menneska her i ruinane av sin eigen sivilisasjon. Jakta på mat går ikkje gjennom skog, men gjennom mørklagde gater. Karakterane kjenner til noko betre, og dei ønsker å gjenopprette normaltilstanden.

Med si evne til å skremme og åtvare, tek forfattarane opp miljø- og klimaproblematikk, fridom og sjølvbestemmingsrett, spørsmål om identitet og grenser mellom stadig meir avansert teknologi og oss sjølve. Contemporary Dysthopian Fiction for Young Adult problematiserer korleis bøkene er retta mot unge lesarar som prøver å finne sin plass og forstå verda rundt seg. Bodskapen er pakka inn i spenning og avanserte plott, dei narrative grepa plasserer oss nær innpå handlingar og historiene er ofte fortalt i førsteperson, med engasjerande dialogar og dagboknotat som viktige element. Og under alle undergangsscenaria finn vi noko som er gjennomgåande i mykje av barne- og ungdomslitteraturen: håp.

Trend: allalder-litteratur

Nokre meiner at grensene mellom barnelitteratur og vaksenlitteratur er i ferd med å flyte utover. Barnelitteraturforskar Åse Marie Ommundsen ved Universitetet i Oslo kallar dette ein ny trend, og seier til forskning.no at «Dagens barnelitteratur krysser stadig grensen mellom vokseninnhold og barneinnhold. Det gjør at forskjellene mellom litteratur for barn, ungdom og voksne er i ferd med at viskes ut». les mer på forskning.no >>

Ho meiner det stadig vert gitt ut meir all-alder-litteratur, det vil sei bøker som har doble forteljarstemmer, og fungerer både for både barn og vaksne. Dette seier også Carl Lauritz Lund-Iversen, førstelektor ved Høgskolen i Bergen. Dagens barnelitteratur har to adressatar, barn og vaksne. les mer på forskning..no >>

Sjølv om bøkene også kan lesast av vaksne, ligg handlinga, kjenslene og sympatien hos den unge lesaren. Dette er viktig for at ei barne- og ungdomsbok skal vere god. Rundt allaldersbøker har bokbransjen delte meiningar. Enkelte peiker på at slike bøker er vanskelege å plassere kategorisk då dei fell mellom fleire stolar. Andre igjen meiner at allaldersbøker i utgangspunktet er skrivne for vaksne.

Om vi ser på vinnarane av Uprisen 2013 - landets einaste litteraturpris kor ungdom sjølve utgjer juryen – er desse skrive av to forfattarar som ikkje har valt enkle tema: Sammen skal vi holde himmelen av Ellen Fjestad og Nærmere høst av Marianne Kaurin. Kaurin skriv om ein jødisk familie og tenåringsforelsking under andre verdskrig, og Fjestad om tenåringsforelsking, komplisert barndom og miljøengasjement. Og ungdommen liker det, men på eit punkt skil bøkene lag. Aurins bok er ei bok som i mykje større grad enn Fjestads vender seg til vaksne lesarar.

Grunngjevinga for kvifor desse bøkene vann var: «Bøkene er begge realistiske, levende, men også ekstraordinære og uvanlege. Vi kan trygt si at etter å ha lest disse to vinnerbøkene, så satt vi igjen med både kunnskap om verden og innsikt i oss selv.» Grunngjevinga frå ungdommane gir gjenklang i argumentasjonen til Ommundsen om allaldersbøker. Barnebøkene foreiner alvorlege og artige saker. Barnelitteraturen er blitt meir lik vaksenlitteraturen, og moralen forsvann ut av barne- og ungdomsbøkene ein gong før nittitalet. Bøkene skal ikkje belære barn om rett og gale, og har ikkje som føremål å innprente barn og unge med kva dei bør meine og tenke. Fokus er flytta mot konsekvensar, relasjonar og realitet. Lesaren får fridom til å tenke sjølv.

Lesaren skal tenke sjølv

Tekst: Kanskje aner vi ein parallell mellom dystopiske trendar der innsikt og kunnskap vert formidla innpakka i spenningsplott, og mellom bøker der tema vert formidla slik at både vaksne og barn har utbytte av lesaropplevinga. Moralen tilhøyrer den enkelte, ikkje forteljaruniverset, og etikken og kunnskapen til den enkelte karakteren er viktigare enn gjeldande moral. Lesaren vert behandla som ein vaksen person som kan tenke sjølv, karakterane gjer sine eigne betraktningar utan å overføre moral til lesaren, det er overlate til lesaren å dømme. Kanskje speglar dette vår tids individualisme!?

Eit eksempel er Heidi Sævareids debutroman Spranget, om ei tenåringsjente som vel å bryte med eit kristent samfunn. Synsvinkelen er jenta sin, men ingen moral vert pressa på lesaren, som sjølv er fri til å dømme. Overreagerer ho? Er ho urettferdig og egoistisk? Det er opp til deg som lesar å avgjere. Opplevingar og vurderingar ligg hos hovudpersonen.

Ein annan karakter som tenker og handlar på eige initiativ utifrå kva ho sjølv meiner er riktig, galt og viktig, er Tonje Glimmerdal i Maria Parr sin prisløna roman med same namn som hovudpersonen. Tonje sine vurderingar set rammer for realiteten i boka og skapar universet vi rører oss i. Forteljarstemma er tru mot karakteren, og dømmer ikkje. Om nokon vert dømt, vert dei dømt av karakterens oppfatning av rett og gale, og det heile inngår i Tonje sitt univers.

Vi vil ikkje bli fortalt kva som er moralsk riktig, vi gjer val basert på kunnskap, alternativ og verdiar, men konsekvensane av våre val – undergangen – fascinerer oss. Lesaren står fritt til sjølv å dømme og bli bedømt. Dystopien kjem igjen som eit resultat av våre val: undergangen trugar om vi ikkje legg om livsstilen vår, om vi konsumerer meir og om vi øydelegg miljøet. «Show, don't tell» ser ut til å vere eit gjennomgåande mantra for dagens barne- og ungdomslitteratur, glimrande illustrert av den internasjonale suksessen En pingles dagbok av Jeff Kinney. Eller i vaksen variant: Clumsy av Jeffrey Brown.

Stadig fleire jenteheltar?

Tekst: Barnebokforfattar Iselin Alvestad seier det vert stadig fleire jenteheltar. Dette ser vi att i både allalder- og dystopia-segmentet. The hunger games, eller Dødslekene på norsk, har jenter som heltar, og seksten år gamle Katniss Everdeen har forteljarstemma. Alvestad har sjølv skrive serien Alanya, om jentehelten med same namn, som gjennom fem bøker følgjer eit klassisk fantasyplott på vegen mot trona. Ser vi til Sverige har Mads Strandberg og Sara B. Elfgren internasjonal fantasysuksess med Engelfors-triologien – Sirkelen, Ild og Nøkkelen (kjem) – som handlar om seks tenåringsjenter som til saman dannar ein heksesirkel. Bøkene problematiserer ungdomstid, kjærleiksrelasjonar, foreldre og sosiale hierarki i dagens Sverige, og inneheld langt meir enn heksekunster og svart magi. Også Engelfors-bøkene er bygd på undergang med sterke dystopiske innslag, men i enden finst der håp om at dei mørke kreftene ikkje skal vinne, og eit håp om å kome seg vekk frå den gudsforlatne byen Engelfors. Sjangeren er fantasy, men ein kan slå fast at dystopien heng tung over denne svenske triologien.

Vi har å gjere med bøker med sterke innslag av individualistiske karakterar som kjempar mot krefter i og utanfor seg sjølv, parallelt med at dei befinn seg i den eksisterande verda. Vi er i ein post-Potter-periode der vår eiga verd er base for handling, og konsekvensane av våre handlingar legg basis for plotta. Lesar er ansvarleggjort, og handlingane til karakteren er underlagt moralen til lesaren. Kanskje dette er litt av årsaka til at stadig fleire barne- og ungdomsbøker også passar for vaksne, og kanskje er denne måten å formidle på den mest effektive når ein problematiserer miljøøydeleggingar, verdas undergang og naturkatastrofar.

«Kunstens kjernepublikum sviktar om kunsten er tydeleg politisk spissa. Då er det freistande å pakke bodskapen inn», sa Ingrid E Handeland, direktør for Norsk Publikumsutvikling på sommarens Førdekonferanse. Fokus var på miljø og berekraft. Kanskje er det dette dagens forfattarar bevisst eller ubevisst lukkast med; å skape litteratur som krev ein sjølvstendig lesar i ei tid då lesaren ønsker å tenke sjølv.

Anne Viken, forfattar av Elise og mysteriet med dei døde hestane (Samlaget, 2012), Elise og mysteriet på hesteklinikken (Samlaget, 2013), XXX (Flamme forlag 2010).


blog comments powered by Disqus

eksternt

Nettsted for anmeldelser av den viktigste skjønn- og faglitteraturen for barn og unge som utgis av norske forlag. 
gå til >>

 

Nettidsskrift for kritikk av profesjonell
kunst for barn og unge.
gå til >>