Museum og kulturvern

Museum og kulturvern

Aktuelt

Setesdalskulturen kan bli ein del av UNESCO liste

Frå ein danseworkshop i Setesdal. Foto: Knud Utler

Frå ein danseworkshop i Setesdal. Foto: Knud Utler

Folkemusikk og -dans frå Setesdal kan bli ein del av UNESCO si liste over verdas immaterielle kulturarv. Noreg fremjar i 2017 ein nominasjon frå Setesdal spelemannslag om å bli ein del av den prestisjetunge lista.

Kulturdepartementet har vedtatt at Noreg vil fremje nominasjonen for UNESCO dette året. Etter planen skal UNESCO handsama forslaget i november/desember 2018.

Det kom inn eit nominasjonsforslag til UNESCO sine lister og forteikning over immateriell kulturarv i 2017 innan fristen 20. januar 2017.

Nominasjonsforslaget "The practice of traditional music and dance in Setesdal. Playing, dancing and singing (stev, stevjing)" er blitt vurdert og kvalitetssikra av Kulturrådet og av ein fagkomité som blei oppnemnt av Kulturrådet og Sametinget. Fagkomitéen og Kulturrådet innstilte nominasjonsforslaget frå Setesdalen spelemannslag til UNESCO si Representative List. Innstillinga blei sendt Kulturdepartementet som vedtok å sende nominasjonen til UNESCO for vidare handsaming.

Det er ikkje fyste gong nominasjonsforslaget har blitt handsama. Forslaget frå Setesdal er blitt sendt Kulturrådet tre gonger tidlegare: Kulturrådet publiserte i oktober 2012 prosedyrar for nominering av immateriell kulturarv i Noreg. Tre ulike miljø sendte då inn sine forslag, mellom anna Setesdal spelemannslag. Kulturrådet fekk eit par år etterpå eit omarbeidd forslag frå Setesdal spelemannslag, men fyst i 2017 blei nominasjonen fremja for UNESCO.

Lokalt initiativ og lokal forankring.

– Forslaget er et godt eksempel på arbeid med vern og vidareføring av immateriell kulturarv, og at arbeidet vitner om at spelemannslaget har hatt god lokal forankring gjennom heile prosessen, seier Kulturrådet sin direktør Kristin Danielsen.

Nominasjonsforslaget frå Setesdal spelemannslag dreier seg om tre ulike kulturuttrykk, som er tett samanvevd og som står veldig sterkt i lokalsamfunnet. Gjennom målretta arbeid i fleire år har setesdalsmiljøet greidd å vidareføre ein tradisjon som sto i ferd med å forsvinne for berre nokre tiår sidan. I dag er 15 % av innbyggjarane i lokalsamfunna i Valle, Bykle og Evje aktive dansarar og av dei er det fleire som spelar hardingfele eller munnharpe – og som kved stev. Kulturuttrykka lever vidare i beste velgåande og desse kulturuttrykka er ein del av den lokale identiteten til setesdølane – i og utanfor Setesdal.

De kan lese meir om denne delen av setesdalskulturen på den nasjonale forteikninga Immateriellkulturarv.no

Fagkomiteen

Fagkomiteen blei oppnemnd i januar 2017 og der sit:

  • Marit Myrvold, Várdobáiki samisk senter , oppnemnt av Sametinget
  • Knut Aastad Bråten, redaktør for tidsskriftet Syn og Segn, oppnemnt av Kulturrådet
  • Heidi Dahlsveen, Høgskolen i Oslo og Akershus, oppnemnt av Kulturrådet
  • Gazi Øzcan, Oslo Museum, oppnemnt av Kulturrådet
  • Egil Bakka, tidlegare leiar for Norsk senter for folkemusikk og folkedans og ansatt ved NTNU, oppnemnt av Kulturrådet

Les meir om Kulturrådet sitt arbeid med immateriell kulturarv.


blog comments powered by Disqus