Hopp til innhold

Sikringsmidlar til musea

Musea har høve til å søke Kulturrådet om midlar for sikring i musea.

Musea har hand om museumsbygg og gjenstandar. For å verne store, faste samfunnsverdiar finst det statlege sikringsmidlar til alle eksisterande museum med unnatak av dei som er statleg finansierte.

Kvart år er det høve til å søke Kulturrådet om sikringsmidlar. Sikringsmidlane skal finansiere tiltak som kan førebygge og redusere omfanget av øydelegging i samband med brann, tjuveri, ran, hærverk og naturskade. Sikringsmidlane kan og finansiere utarbeiding av sikringsplanar.

Søk sikringsmidlar til museum