Museum og kulturvern

Museumsutvikling

Aktuelt

Museumsmidlar til digital utvikling og sikring

Kulturrådet lyser ut midlar til digitale utviklingsprosjekt på museumsfeltet. Bilete frå Norsk Data: Seks menn, deriblant Lars Monrad Krohn og Rolf Skår, samla rundt ein Nord-1 minidatamaskin frå 1968. Foto: Norsk Teknisk Museum / Digitalt Museum

Kulturrådet lyser ut midlar til digitale utviklingsprosjekt på museumsfeltet. Bilete frå Norsk Data: Seks menn, deriblant Lars Monrad Krohn og Rolf Skår, samla rundt ein Nord-1 minidatamaskin frå 1968. Foto: Norsk Teknisk Museum / Digitalt Museum

15. oktober er det frist for musea å søkje utviklingsmidlar og sikringsmidlar. – Vi ønskjer digitale utviklingsprosjekt som kjem mange til gode, seier Marie Skoie i Kulturrådet.

I 2015 lanserte Kulturrådet fire museumsprogram for museumssektoren. For 2016 lyser Kulturrådet ut midlar i eitt av programma, digital utvikling. Utlysinga for 2016 er spissa i retning av felles system og infrastruktur, forbetring av datakvaliteten og tilgjengeleggjering av museumsdata.

- Vi etterlyser prosjekt som kan utvikle gode system og bygge den digitale grunnmuren i musea, og som dermed kjem fleire til gode, seier Marie Skoie, som er fungerande leiar i Kulturrådets museumsseksjon.

Innanfor dei tre programma for samlingsforvalting, sikring og museas samfunnsrolle vart det i 2015 gitt tilsegn til mange fleirårige prosjekt, og mykje av tilskotsramma for 2016 er alt disponert. Om lag 3 millionar kroner står att for prosjekt i år, og Kulturrådet ønskjer å bruke desse på digital utvikling.

- Kva museumsprogram Kulturrådet skal utlyse i 2017 må sjåast i samanhang med prosjekta som alt er i gang, og midlane som er att, seier Skoie. Ramma er avhengig av kor stort spelemiddeloverskotet blir, noko som blir klart på vårparten neste år.

Men først skal ein ny runde med søknader på digital utvikling vurderast. Søknadsfristen for programmet er 15. oktober.

Sjå kven som fekk støtte til prosjekt innan digital utvikling i 2015 her.

Les meir om utlysinga til museumsprogrammet for digital utvikling her.

Les meir om museumsprogramma til Kulturrådet.

Sikringsmidlar 2017

Kulturrådet lyser ut sikringsmidlar for 2017 til musea i det nasjonale museumsnettverket under Kulturdepartementet, samt museum under Sametingets forvalting. Dei statlege sikringsmidlane skal gå til tiltak i eksisterande museum, og då til tiltak som det ikkje var rimeleg å ta med i entreprisen då bygget vart reist. Sikringsmidlane skal finansiere tiltak som kan førebyggje og redusere omfanget av øydelegging i samband med brann, tjuveri, ran, hærverk og naturskade. Sikringsmidlane kan også finansiere utarbeiding av sikringsplanar.

Les meir om utlysing av sikringsmidlar for museum.


blog comments powered by Disqus