Norsk kulturfond

Norsk kulturfond / fagområder

Avsetningen til kulturvern i 2017  er på 32 millioner kroner.

Fondets fagområder

Kulturvern

Kulturfondet skal stimulere til prosjektbasert arbeid med bevaring, dokumentasjon og formidling av kulturarv i Norge.

Områdeplan for kulturvern 2017

Skildring av feltet

Kulturarvsfeltet består av kulturvernet, kulturminnevernet og dei akademiske historiefaga. Saman skal dei gje auka kunnskap om kulturar og levesett i Noreg til ulike tider. Kulturvernet sin funksjon er å dokumentere, sikre og formidle kulturfenomen i eit samfunn prega av mangfald og historiske endringsprosessar.

Det frie feltet står for ein viktig del av innsatsen i kulturvernet. Frivillege lag, organisasjonar og enkeltpersonar utgjer ryggraden i det frie kulturvernet. Kommunar, fylkeskommunar og ulike verksemder inngår også i dette landskapet. Desse aktørane har tradisjonelt vore ein verdfull ressurs for museum og arkiv i lokalsamfunna.

Det institusjonelle kulturvernet består først og fremst av museum, arkiv og bibliotek. Målet med aktiviteten er auka kunnskap om og formidling av historie, kunst, kulturar og samfunnsliv til ulike tider. Grunnlaget er eit utstrakt arbeid med bevaring, innsamling og dokumentasjon av kjelder som utgjer fundamentet for slik kunnskap.

Kulturrådets ansvar og rolle på området

Kulturrådet skal stimulere til at kunst og kultur blir skapt, bevart, dokumentert og tilgjengeleggjort for flest mogleg. Grensene mellom kulturarv og kunst kan vere flytande. Det som er kunst i dag, kan vere kulturarv i morgon, og uttrykksformer som vi er vant til å tenkje på som kulturarv, kan bli aktualisert som kunst. Samhandlinga mellom kulturvernet og kunstfeltet bør difor styrkjast.

Ressursbruken til kulturvern i Noreg påkallar kontinuerleg evaluering, debatt og refleksjon rundt feltet og aktørane der. I åra som kjem er det behov for å kartleggje og synleggjere aktuelle utfordringar i ei samtid prega av rask digital utvikling, internasjonalisering og kulturelt mangfald. Mykje kulturarv står i fare for å gå tapt, men ein kan ikkje bevare alt. Samstundes er vern og vidareføring viktig for både enkeltindividet og samfunnet.

Kulturrådet vektleggjer kvalitet og skal arbeide for ei bredde av uttrykk, stemmer og sjangre. Alle må få høve til å definere fortidas og samtidas kulturuttrykk, og det er viktig at ulike uttrykk når ut til så mange som mogleg. Kulturrådet skal stimulere arbeid med dokumentasjon og formidling av kulturelt mangfald i Noreg, til dømes samisk historie og kultur, nasjonale minoritetar og nyare innvandring. Å styrkje det fleirkulturelle innslaget i kulturvernet bidreg til å skape respekt og toleranse i samfunnet.

Det digitale informasjonstilfanget er aukande. I det frie feltet er det behov for å styrkje bruken av digitale verkty, gjerne i samarbeid med institusjonane. Auka samhandling gir faglege løft i kulturvernet som heilskap. Å utvide og forsterke den digitale infrastrukturen, kan bidra til at kvalitetssikra materiale og kjelder dukkar opp i nye og meir relevante kontekstar enn tilfellet er i dag.

Hovudsatsingar

  • Vern og vidareføring av immateriell kulturarv. Kulturrådet skal stimulere til opplæring og formidling av praksis, uttrykk, kunnskap og ferdigheiter som samfunn, grupper og enkeltpersonar anerkjenner som del av sin kulturarv. Kulturrådet skal òg stimulere til å prøve ut nye idéar, deltakargrep og formidlingsmåtar.
  • Barn og unge i kulturvernet. Barn og unge som lærer å kjenne og verdsetje historie og kulturarv, vil også vere betre rusta til å forstå seg sjølv og samfunnet, og til å møte ulike kulturuttrykk med respekt. Kulturrådet skal difor stimulere til at barn og unge blir aktivt involvert i arbeid med innsamling, dokumentasjon, bevaring og formidling.
  • Sikring av samfunnsminnet. Kulturrådet skal stimulere til sikring, bevaring og dokumentasjon av vesentlege og underrepresenterte deler av samfunnsminnet – både når det gjeld fortidas og samtidas kulturuttrykk. Å bevare, ordne og tilgjengeleggjere nasjonalt viktige arkiv etter private arkivskaparar er sentralt. Dette gjeld også lydopptak, film, foto, intervju og elektronisk skapt materiale.
  • Kulturvernets samfunnsrolle. Det er behov for forskingsbasert kunnskap om korleis aktuelle endringsprosessar verkar inn på institusjonane og det frie feltet. Kulturrådet skal difor initiere ei FoU-satsing som er retta inn mot spørsmålet om kulturvernets samfunnsrolle.

Verkemidlar og støtteordningar

Det sentrale verkemidlet under avsetjinga til kulturvern er bruk av frie prosjektmidlar som gir aktivitet både nasjonalt, regionalt og lokalt. Prosjektstøtte kulturvern og Faglitteratur kulturvern er først og fremst retta mot det frie feltet, men i visse tilfelle også institusjonane.

Prosjektstøtte kulturvern

Formålet med ordninga er å stimulere til prosjektbasert arbeid med innsamling, dokumentasjon, bevaring og formidling av materiale som utgjer grunnlaget for auka kunnskap om historie, kunst, kultur og samfunnsliv i Noreg fram til i dag.

Faglitteratur kulturvern

Formålet med ordninga er å stimulere til utgjeving av fleire historie- og kulturvernfagleg forankra publikasjonar av høg kvalitet og av nasjonal interesse.

Dei frie midlane gis primært til eksterne prosjekt etter søknader, men rådet tek òg eigne initiativ til utviklings- og forsøksprosjekt i dialog med relevante aktørar i feltet. Prosjektmidlane til Kulturrådet overlappar i liten grad andre ordningar med nasjonalt nedslagsfelt, t.d. dei sektororienterte utviklingsmidlane som blir forvalta av Arkivverket, Nasjonalbiblioteket og Kulturrådet v/Museumsseksjonen. Støtteordningane til Riksantikvaren og Norsk Kulturminnefond er retta inn mot bevaring av fysiske kulturminne og kulturmiljø. Dette er tiltak som fell utanfor Kulturfondets ansvarsområde. Samla utgjer ordningane til Kulturrådet og Kulturminnefondet, med sine ulike formål, dei viktigaste finansieringskjeldene til prosjektbaserte tiltak i det frie kulturvernet i Noreg.

Driftsstøtte

Kulturrådet har òg ansvar for faste driftstilskot til nokre frivillege organisasjonar og verksemder med særleg viktige eller nasjonale funksjonar for kulturvernfeltet.

Fagutval og søknadsvurdering

Det er Fagleg utval for kulturvern som gjer vurderingar og vedtak på fagområdet i tråd med delegasjonsreglementet. Medlemmene blir oppnemnt av rådet.

MEiR INFORMASJON

Strategi for Norsk kulturfond (pdf)