Norsk kulturfond

Norsk kulturfond

Aktuelt

Første rådsmøte i 2017

Årets første rådsmøte blei halde i Oslo tysdag 7. februar. Dei store sakene på møtet var fordeling av Kulturfondet på fagområde og tilskotsordningar for 2017, oppnemning av nytt fagutval og rådets budsjettsøknad for 2018.

Fordelingsbudsjett 2017

I Stortingets budsjettvedtak for 2017 vert den årlege løyvinga til Norsk kulturfond vedteken. Kulturfondet fekk ei auke på 8,7 millionar kroner frå 2016 til 2017, frå 885,2 mill. kroner til 894 mill. kroner.

Budsjettvedtaket er fordelt på forskjellige avsetjingar som kvar utgjer eit fagområde. Innanfor det enkelte fagområdet fordeler rådet midlane mellom ulike tilskotsordningar og føremål. Fordelingsbudsjettet er Kulturrådets eiga budsjettering innafor dei rammene Stortinget har bestemt for Norsk kulturfond.

Kulturfondets fordelingsbudsjett for 2017 (i tusen)

Fagområde Fordelinga i statsbudsjettet Fordeling for 2017 på R1/17
Allmenne kulturformål 81 132 60 053
Visuell kunst 107 980 118 006
Musikk 356 562 357 957
Scenekunst 139 281 148 060
Litteratur 178 774 177 877
Kulturvern 30 227 32 003
Kulturfondet samla 893 956 893 956

 

Under avsetjinga for allmenne kulturformål er det satt av nesten sju millionar kroner som rådet kan disponere sjølv. Slik får rådet moglegheit til å vurdere og diskutere korleis desse midlane kan nyttast; til dømes forsøksprosjekt, utlysingar, FoU-prosjekt, søknader som går til rådet for endeleg vedtak, fagområde eller tilskotsordningar som er under særleg press.

Her finn du oversikt over fordelinga innanfor kvart fagområde i Kulturfondet.

Nytt arrangørutval for visuell kunst

Talet på søknader til visuell kunst er dobla dei siste ti åra. Fagleg utval for visuell kunst har handsama dei fleste av desse, 1369 søknader i 2016. Dette er for mange for eitt utval og rådet vedtok dermed i møtet å opprette eit nytt utval som skal handsame søknadene frå arrangørar og institusjonar. Dei aktuelle ordningane er arrangørstøtte for kunstnardrivne visningsstader og kunstfestivalar, driftsstøtte, utstyrsstøtte fellesverkstader og prosjektstøttesøknader frå institusjonar. Desse søknadene har til felles at dei krev lengre og grundigare handsaming, både frå fagadministrasjonen og i utvalet. 

Det nye utvalet vart sett saman med tanke på medlemmenes internasjonale kompetanse, regionale fordeling, kjønn og alder. 

Arrangørutvalet for visuell kunst vart oppnemnd med følgjande medlemmer: Geir Haraldseth (utvalsleiar), Hilde Hauan Johnsen, Jasmina Bosnjak, Mariken Kramer, Mathias Danbolt og Sverre Gullesen.

Her kan du lese meir om medlemmene i det nye utvalet.

Nye medlemmer i fagutvala for visuell kunst og teater

Noverande leiar i Fagleg utval for visuell kunst, Geir Haraldseth, går ut av utvalet frå og med mai-møtet 2017 for å leie det nyoppretta fagutvalet Arrangørutvalet for visuell kunst. Noverande nestleiar, Linn Pedersen, overtar som leiar. Rådet utnemnde Morten Norbye Halvorsen som nytt medlem i fagleg utval for visuell kunst. Halvorsen  er fødd i 1980, busett i Stavanger/Berlin og er kunstnar og komponist utdanna fra Falmouth College of Arts (2002) og Kunsthøgskolen i Trondheim (2006). Produksjonen hans omfattar lyd, skulptur, film og performance.

I fagleg utval for teater hadde Mette Edvardsen trekt seg, og rådet utnemnde Marit Sandsmark som nytt medlem. Sandsmark er fødd i 1979 og for tida busett i Stavanger kor ho har budd dei siste 15 åra. Ho har jobba som frilans dansekunstnar på fleire prosjekt innan det frie feltet, i tillegg til Rogaland Teater. I 2010 starta ho scenekunstkompaniet Findlay/Sandsmark saman med teater og videokunstnar Iver Findlay. Kompaniet har i løpet av denne tida produsert seks heilaftens førestillingar som beveger seg i landskapet mellom teater, dans og figurteater.

Bransjestatistikk og årskonferanse

Hovudtema for årskonferansen 2017 blir samisk kunst og kultur. I år er det «Tråante 2017» - den nasjonale feiringa av det samiske 100-årsjubileet. Tråante 2017 skal vere ei stor markering av 100 års kamp for demokrati, rettferd og mangfald. Målet med Tråante er, i følgje arrangørane, å markere og formidle kunnskap om samane, samisk kultur og samisk historie i eit 100-års perspektiv.

Årskonferansen kan vere med på å kaste lys over samisk kunst og kultur ut i frå ulike perspektiv som internasjonalisering, ulike kunstnariske generasjonar, kunst og urfolk, forholdet mellom kunst/kultur og natur m.m.

Det vart vedteke at konferansen skal arrangerast i november 2017, mest truleg i Oslo. Du kan lese meir om Tråante her.

I møtet presentrete også Rambøll bransjestatistikkane for litteratur, visuell kunst og musikk for 2015. Statistikkane vart lansert på eit seminar i fjor haust. Dette seminaret kan du kan lese om her.

Forlenger lisensar for e-bøker

Rådet vedtok og å setje av 1,5 millionar kroner til å forlenge tilgangen på e-bøker kjøpt inn av Kulturrådet gjennom prøveprosjektet i 2012-2014. Kulturrådet vil i løpet av våren 2017 inngå avtalar med aktuelle forfattarar og forleggjarar. Vedtaket medfører at forlaga får tilbod om innkjøp av kvar enkelt tittel til kr 3000 (inkl. MVA). Det er ein føresetnad at tilskotet vert delt likt mellom forfattar og forlag, etter at MVA er trekt frå. Innkjøpet medfører tilgang til e-bøkene fram til 31.12.19.


blog comments powered by Disqus