Norsk kulturfond

Norsk kulturfond

Aktuelt

Milliontildelingar frå Kulturrådet

Camille Norment fekk 500 000 i støtte til utstilling på Veneziabiennalen i 2015. Bilete av  Triplight, 2008, Light Sculpture, Camille Norment. Foto: David Olivera. Courtesy of the artist

Camille Norment fekk 500 000 i støtte til utstilling på Veneziabiennalen i 2015. Bilete av Triplight, 2008, Light Sculpture, Camille Norment. Foto: David Olivera. Courtesy of the artist

Kulturrådet var samla til årets siste rådsmøte 9. og 10. desember. Veneziabiennalen, Kunsthall Trondheim og Ambassade for Kjartanistan var nokre av prosjekta som blei støtta.

På dagsordenen sto mellom anna omorganisering av innkjøpsordningane. Endringane medfører mellom anna at talet på bøker som blir kjøpt inn til biblioteka blir redusert, at e-bøker blir inkludert permanent i innkjøpsordningane og at forfattarhonorara blir auka.

Sjå pressemelding om innkjøpsordningane

Kulturrådet skal meisle ut ein ny strategi i løpet av 2015. På dette rådsmøtet begynte diskusjonen om rolle og vegval framover. I den samanhengen inviterer Rådet alle interesserte om å delta i strategiarbeidet. Rådet ønskjer ein fri arena for innspel og debatt på Kulturrådets nettsider.

Her kan du lese meir om dette og kome med dine innspel

Elles vart det fordelt tilskot til ulike ei rekkje saker og tildelingar frå dei ulike fagutvala drøfta og vedtekne.

Scenekunst

Fri scenekunst – dans og Fri scenekunst - teater var dei store avsetjingane på scenekunst denne gongen med 22,7 millionar kroner til dans og teater. Her kan du lese pressemelding om tildelingane til fri scenekunst.

Elles behandla utvala fleire støtteordningar. På ordninga Regionale kompetansesenter for dans fekk fire institusjonar støtte, fordelt på fylka Nord-Trøndelag, Østfold, Oppland og Hordaland. Mest fekk Dans i Nord-Trøndelag med 1,5 millionar, fordelt over tre år.

Sjå alle tildelingane på scenekunstområdet:

Kulturvern

Kulturvernsavsetjinga er fordelt på to ordningar, prosjektstøtte og støtte til faglitteratur. I denne runden hadde det kome inn 39 søknader til desse ordningane.

Alert film fekk 200 000 i støtte til dokumentarfilmen «Vilde og gale nordmænd». Filmen handlar om Odin Teatret, starta av italienaren Eugenio Barba i Oslo i 1964. Dei prøvde å slå seg ned i fleire norske byar, men fekk nei. Til slutt blei teateret ein del av byen Holstebro i Danmarks vellykka kultursatsing. Her kan du lese meir om dokumentarfilmen.

Samlinga etter Olai Fauske er den mest komplette samlinga etter nokon fotograf i Sogn og Fjordane. Fylkeskommunen fekk 100 000 i støtte til å digitalisere materialet på vel 17 500 objekt og gjere det offentleg tilgjengeleg på internett.

Alle tildelingane frå Fagleg utval for kulturvern.

Litteratur

Til dette rådsmøtet blei det behandla søknader om prosjektstøtte, støtte til nye norske teikneseriar og produksjonsstøtte til kulturtidsskrift.

23 teikneseriar fekk støtte frå ordninga for nye norske teikneseriar denne gongen. Norske biseriar i Pondus og Rutetid får mest, med høvesvis 113 400 og 159 600 kroner.

Ordninga for prosjektstøtte skal gå til ulike litteraturformidlingstiltak for barn, ungdom eller vaksne. Denne gongen fekk mellom anna Sølvberget i Stavanger 200 000 til Nordisk konferanse om barne- og ungdomslitteratur og Litteraturhuset i Oslo 100 000 til Balkan-veke.

Sjå alle litteraturtildelingane.

Musikk

På musikkområdet blei det delt ut midlar frå fleire ordningar. Av andre tildelingar på musikkfeltet fekk Siri Nilsen, Maj Britt Andersens og  Hvitmalt gjerde 100 000 kvar frå musikarordninga. Lina Marie Roggen 180 000 i støtte til eit bestillingsverk på Vossajazz. Åtte søkjarar fekk støtte til kyrkjemusikk. Bergen Domkirke og Levanger kulturkirke fekk begge 200 000, medan Røros orgelfestival fekk 100 000.

Alle tildelingane:

Støtte til musikkfestivalar og ensemblestøtte blir offentleggjort 18. desember. Årsaka til utsetjinga er at Stortingets budsjettvedtak 10. desember gjev nokre endringar i fordelingsbudsjett i Kulturfondet 2015.

Biletkunst og kunsthandverk

Camille Norment fekk 500 000 i støtte til ei utstilling på den nordiske paviljongen på Veneziabiennalen, ein festival for moderne kunst som blir halden annakvart år i Venezia. Norment er fødd i 1970 i Silver Spring, Maryland, USA, og bur og arbeider i dag i Oslo. Ho er kunstnar, musikar, komponist og skribent. 

Andre tildelingar: Foreningen Trykkeriet i Bergen har fått 500 000 i støtte til drift og 150 000 i prosjektstøtte, Kunstbankens performancefestival, Hamar, 300 000 og Kurant visningsrom, Tromsø 400 000.

Sjå alle tildelingane

Barne- og ungdomskultur

Barne- og ungdomskulturavsetjinga er delt i to, Kunstløftet og generell prosjektstøtte til barne- og ungdomskultur.

Til prosjektstøtte kom det inn 121 søknader. Samtidsdanskompaniet Esc, som består av unge dansarar, har fått støtte til «Remiks», ei førestilling med premiere i Bergen i 2015. Organisasjonen Musikk og Ungdom har blitt tildelt to-årig prosjektstøtte for Loud - Jentenes bandleir og NM i beatbox.

På ordninga for Kunstløftet blei det behandla 35 søknader i denne runden. Den største tildelinga gjekk til Ambassade for Kjartanistan i Naustdal kommune (500 000). Dette er eitt av prosjekta som vann Kunstløftets Idékonkurranse – kunstarena for unge – i 2011. Piloten er forankra i kunstnarskapen til Kjartan Slettemark og har også fått støtte frå avsetjinga for Rom for kunst.

Sjå alle tildelingane:

Rom for kunst og andre formål

Fagleg utval for rom for kunst og andre formål behandla søknader til ordningane Rom for kunst og Andre formål.

Rom for kunst hadde berre to tildelingar i denne runden – til gjengjeld var desse store. Ambassade for Kjartanistan i Naustdal, Sogn og Fjordane fekk ein million kroner (og 500 000 frå Kunstløftet i tillegg), medan Kunsthall Trondheim fekk 2,5 millionar kroner. Tilskotet til Kunsthall Trondheim gjeld støtte til etablering i permanente lokale i den noverande brannstasjonen i Trondheim. Opning er planlagt til 2016.

Sjå alle tildelingane

I tillegg behandla utvalet søknader til Kulturrådets forsøksordning for gjestekunstnar- og gjestekuratorstøtte. Dette kan du lese meir om her.

Post 74

Stortinget vedtok 10. desember 2014 at post 74 skal leggjast ned og at 70 av tiltaka som tidlegare fekk tilskot over denne posten skal overførast til Kulturfondet (post 55). Søknadane til post 74 som kom inn til Kulturrådet blei behandla i dette rådsmøtet.

Her kan du sjå alle tildelingane til post 74.

Tilskotsbrev vil bli sendt ut på nyåret, etter at Kulturrådet har motteke sitt tildelingsbrev frå Kulturdepartementet.


blog comments powered by Disqus