Norsk kulturfond

Norsk kulturfond

Aktuelt

Støtte til samiske kunst- og kulturprosjekt

Festivalen Márkomeannu fekk støtte frå tverrfaglege tiltak. Foto: Márkomeannu.no

Festivalen Márkomeannu fekk støtte frå tverrfaglege tiltak. Foto: Márkomeannu.no

I år vert Tråante, 100-årsjubileet for det første landsomfattande samemøtet, feira. Kulturrådet fekk inn fleire søknader både til dette og andre samiske kulturføremål i den første søknadsrunden til Kulturfondet i 2017.

Visuell kunst

Documenta 14 opnar i Athen 8. april. Der blir samtidskunst frå eit urfolks-perspektiv vist. I ein norsk samanheng vil dette dreie seg om to generasjonar med samiske samtidskunstnarar: Den første generasjonen som bana veg for samisk samtidskunst på 1970-talet og dagens generasjon med yngre samiske kunstnarar. Dei samiske kunstnarane Joar Nango og Máret Anne Sara vert tildelt produksjonsstøtte til deltaking på biennalen.

Sjå nettstaden til documenta 14.

Frå opninga av documenta 14 i Athen, Joar Nangos verk "European Everything". Foto: Kulturrådet

Silje Figenschou Thoresen fekk 40 000 i utstillingsstøtte for å delta på Lofoten International Arts Festival og Kunsthall Trondhjems samiske jubileumsutstilling under Tråante.

Det vart også gjeve støtte til utstillingskatalogen til vandreutstillinga ÁIGEMÁTKI - TIDSREISE - TIME TRAVEL som vert vist i Kraftbyen i Trondheim, Galleri Nord-Norge i Harstad og Sami Daiddaguovdd i Karasjok. 21 samiske kunstnarar frå heile Norden (Sapmi) deltar på utstillinga. Både utstillinga og katalogen fokuserer på politisk kunst og ulike rørsler innan samisk samtidskunst vert presentert.

Les meir om utstillinga Áigemátki - Tidsreise - Time travel

Kulturvern

Kulturvern delte ut midlar til to samiske prosjekt. Riddoduottarmuseat fekk støtte til prosjektet «Elvebåtar i Porsanger». Prosjektet inneber praktisk kurs i bygging av elvebåtar, kombinert med innsamling/dokumentasjon av kunnskapen om å byggje slike båtar av ulik storleik og type.

Besøk Riddoduottarmuset på nett

Norsk folkeminnelag fekk 80 000 i støtte eit prosjekt som tek utgangspunkt i materialet etter lærar, politikar og folkeminnegranskar Isak Saba (1875-1921). Materialet etter Saba er den kanskje viktigaste dokumentasjonen av skoltesamisk/austsamisk immateriell kulturarv som ligg føre. Støtta vart øyremerkt til arbeid med transkribering og omsetjing.

Norsk folkeminnelag

Tverrfaglege tiltak

Det kom også inn fleire søknader om støtte til samiske føremål frå ordninga for tverrfaglege tiltak. Fire prosjekt vart støtta.

Márkomeannu er ein samisk festival som vert arrangert i markebygdene i Nordre Nordland og Sør-Troms på norsk side av Sápmi. Festivalen har ein klar samisk profil. Omsett til norsk betyr Márkomeannu "spetakkel i marka". Márkomeannu skal gi eit positivt bidrag til dei markasamiske bygdene – og til heile Sápmi. Festivalen skal bidra til at oppveksande generasjonar får eit positivt forhold til det samiske og legge til rette for at den samiske kulturen skal kunne utvikle seg i ei moderne tid.

Sjå heimesida til Márkomeannu

Skábmafestivalen vert arrangert i Lebesby kommune mellom den 16. og 20. november 2017. Festivalen tar samiske kunstnariske uttrykksformer som kommentarar til samtidsaktuelle problemstillingar. Samisk kultur er i stadig endring og vert presentert tverrfagleg med samtidskunst, -musikk, -teater, -film, -dans og moglegheit for å delta aktiv i workshops. Tilbodet vert retta like mykje mot barn og unge som vaksne og eldre.

Den samiske tusenårsstaden Ä´vv Saa´mi mu´zei – Ä´vv Skoltesamisk museum er endeleg klar for å verte opna. I 1998 vedtok Sametinget at «Østsamisk museumsanlegg/kultursenter» skal vere den samiske tusenårsstaden i markeringa av tusenårsskiftet i Noreg. Regjeringa slutta seg til Sametingets forslag og dermed vart Østsamisk museum i Neiden den nasjonalt samiske tusenårsstaden. Den offisielle opninga av museet og basisutstillinga vil vere fredag den 16. juni 2017. Arrangementet ønskjer både å løfte frem den skoltesamiske kulturen i Noreg, Finland og Russland og å vise den kunstnariske breidda vi finn i Sápmi.

Utstillinga «Juoigat – en vandring i samisk musikk» er eit samarbeid mellom Ringve Musikkmuseum og to eksterne kunstnarar: biletkunstnaren / designaren Hilde Skancke Pedersen og komponisten / musikaren Frode Fjellheim, og musikkteknologen Iver Jordal. Utstillinga er Ringve Museums bidrag til feiringa av 100-årsjubileet for det første landsomfattande samemøtet, Tråante 2017.

Besøk heimesida til Ringve museum.

Sjå fleire tildelingar frå Kulturfondet.


blog comments powered by Disqus