Norsk kulturfond

Norsk kulturfond

Aktuelt

Tildelingar i rådets junimøte

Lars Korff Lofthus' prosjekt ‘Editorial Bunad

Lars Korff Lofthus' prosjekt ‘Editorial Bunad" fekk prosjektstøtte - visuell kunst. Foto: Lars Korff Lofthus i samarbeid med Bent René Synnevåg.

12. og 13. juni møttest rådet for to dagar fulle med faglege samtalar, diskusjonar og vedtak. I tillegg var kulturministeren og familie- og kulturkomiteen på besøk.

Kulturminister og kulturkomité

Tysdag møtte kulturminister Linda Hofstad Helleland rådet for å høyre om prioriteringar på dei ulike fagområda, den nye festivalordninga, tankar om den komande kulturmeldinga med meir.

Her kan du sjå opptak av møtet mellom rådet og ministeren.

Etter lunsj på tysdag var det familie- og kulturkomiteen som sto for tur. Svein Harberg, (H), Geir Jørgen Bekkevold (KrF) og Hege Haukeland Liadal (A) var til stades frå komiteen. Også her vart det ein samtale om den komande kulturmeldinga. Rådet og komitémedlemane diskuterte og den komande regionreformen og korleis ein kan samarbeide betre mellom dei ulike forvaltingsnivåa.

Eigne satsingar

Dei siste tre åra har rådet sett av eigne midlar til forsøksordningar eller spissa utlysingar. I møtet vart det bestemt at midlane i år skal gå til større tiltak, utlysingar og/eller forsøksordningar som kan forankrast i dei strategiske satsingsområda til rådet, eller til tiltak eller utlysingar som rådet vil satse på. Det var dermed sett av midlar til tre satsingar i 2017:

  • Tre millionar kroner til ei utlysing av midlar til kunst- og kulturkritikk.
  • 2,6 millionar kroner til særlege satsingar/utlysingar til kunst og kultur for barn og unge på dei ulike fagområda, mellom anna eit pilotforsøk for samarbeid mellom barn og unge og forfattarar innanfor ordninga litteraturprosjekt (sjå under litteratur lenger nede på sida).
  • Ein million kroner til styrking av forskingsprosjektet Kunst, kultur og digitalisering. Kunstens former i en digital tid.

Kulturvern

På kulturvernområdet skjer det mykje. Anna Marit Noraker, rådsmedlem og leiar for Kulturvernutvalet i Kulturrådet, orienterte om at utvalet har teke initiativ til ei satsing på transkribering av kjeldemateriale. Kulturrådet øyremerker inntil to millionar kroner til dette for søknadsfristen 5. september 2017. Les meir om satsinga her.

Ho orienterte vidare om at utvalet vil ta initiativ til å kartlegge folkemusikk- og folkedanssamlingar/materiale. Fysisk tilstand og lagringsforhold for audiovisuelt materiale vil bli særleg vektlagt. I første omgang vil relevante institusjonar, organisasjonar og aktørar bli invitert til eit møte i Kulturrådet i august for refleksjonar rundt og innspel til ei slik satsing.

Det kom inn 53 søknader om prosjektstøtte i denne runden, 14 fekk tilskot. Av desse fekk Ryfylkemuseet, i samarbeid med Hjelmeland ungdomsteater, støtte til å produsere eit skodespel med utgangspunkt i korleis barn og unge levde for 100-150 år sidan. Arkivet etter Blaker meieri var eit anna prosjekt som vart støtta. Dette fekk 150 000 kroner.

Sjå alle tildelingane til kulturvern

Scenekunst

Kulturrådet fordelte i denne runden 29,3 millionar kroner til 65 danse- og teaterproduksjonar. God geografisk og tematisk spreiing pregar den første tildelingsrunda til det frie scenekunstfeltet. Les pressemeldinga om tildelingane til fri scenekunst

Det vart elles delt ut midlar til ordningane for formidling/gjestespel, kompetansehevande tiltak og arrangørstøtte.

Arrangørstøtteordninga for scenekunst har vakse seg stadig større sidan ho vart etablert i 2012. Det er no i alt 19 tiltak som vert støtta over ordninga, og arrangørane når ut til eit samansett publikum over heile landet. Fagleg utval for scenekunst meiner ei styrking og vidareutvikling av arrangørar på scenekunstområdet er avgjerande for å auke etterspurnaden etter scenekunst rundt om i landet. Med større økonomisk føreseielegheit kan arrangørane tenke heilskapleg og langsiktig rundt formidlinga si.

Tre av arrangørane er nye på ordninga. Utvalet trekk spesielt fram Høstscena i Ålesund, som presenterte spennande planar for vidareutvikling av den veletablerte festivalen. Til no har denne festivalen hatt eit relativt lokalt og regionalt preg, men framover skal det satsast meir på internasjonale gjestespel og samarbeidsprosjekt. Ein legg også stor vekt på å nå eit yngre publikum. Ved å støtte denne aktøren bidrar Kulturrådet ytterlegare til den geografiske spreiinga av scenekunstarrangørar.

Dei fleste tildelingane i denne runden gjeld vidareføring og styrking av arrangørar som allereie har markert seg som viktige arenaer. Teaterfestivalen i Fjaler er innstilt til auka støtte i tre år framover. NonStop Internasjonale teaterfestival i Moss er for første gang løyvd fleirårig støtte. Det Andre Teatret i bydel Sagene i Oslo er ein særeigen aktør som har markert seg i lokalmiljøet, samtidig som dei har eit stort internasjonalt nettverk.

Dei fleste arrangørane som er innstilt til eller løyvd støtte for komande år har eit fokus på barn og unge. Utvalet trekk spesielt fram Norsk Dramatikkfestival i denne samanhengen. Festivalen har vore arrangert som biennale sidan 1985, og har annakvart år ei open utlysing av dramatiske tekstar som vert framført under festivalen året etter. For dei komande to festivalane planlegg ein ei eiga utlysing for barn og unge.

Sjå alle tildelingane til scenekunst

Litteratur

Ei evaluering av dei ulike støtteordningane på litteraturfeltet skal setjast ut på anbod og utlysast i løpet av oktober 2017. Evalueringa skal undersøke den konkrete innretninga på støtteordningane og forvaltinga av desse, og på den andre sida sjå på kva effektar litteraturstøtta har på det litterære feltet. Les meir om evalueringa av støtteordningane for litteratur.

Rådet vedtok og eit tidsavgrensa pilotforsøk for samarbeid mellom barn og unge og forfattarar innanfor ordninga Litteraturprosjekt. Første søknadsfrist vil vere 1. desember 2017. Utlysing med meir utfyllande informasjon om aktuelle prosjekt kjem på nettsidene.

Det blei delt ut tilskot til dei to nye ordningane litteraturproduksjon og litteraturformidling i denne runden.

Til ordninga for litteraturproduksjon vart det handsama søknader om støtte til produksjon av biletbøker, teikneseriar og sakprosa for barn og unge. Til søknadsrunden hadde det kome inn 75 søknader, 41 av desse fekk tilskot.

Hovudtyngda av dei ti søknadene til sakprosa var retta mot aldersgruppa 6 til 12 år. Samla søknadssum var på 1 245 000 kroner. I vurderinga vart det mellom anna lagt vekt på om prosjektet treff målgruppa, særleg gjennom språk- og biletbruk. Sju titlar fekk produksjonsstøtte på til saman 495 000 kroner.

Til ordninga for litteraturformidling kom det inn 40 søknader. Fagleg utval for litteratur vedtok støtte til 22 av søknadane. Fire av desse gjaldt prosjekt for og/eller med barn og unge. Eit av dei var Poesi og Rap, ei arrangementsrekke på Furuset bibliotek med formidling av poesi og brukarmedverknad frå barn og unge i utveljinga av  poetar. Eit anna bibliotekprosjekt var Ungdomsbokgildet 2017 i regi av Buskerud fylkesbibliotek. Dette er eit seminar som skal styrke formidlarkompetansen på ungdomslitteratur.

Kvam mållag fekk støtte til Soldal litteratursauposium/litteraturlamposium. Søkjaren presenterer seg som «verdas einaste litterære salong som utforskar samanhengen mellom sauedrift og verdslitteratur». Fagutvalet vurderte konsept og arrangement som godt og originalt tenkt.

Sjå alle tildelingane til litteratur

Musikk

Kulturrådet vedtok i rådsmøtet å opprette ei ny og styrka tilskotsordning på til saman 7,3 millionar kroner for dei regionale kompetansesentera på musikkområdet. Les pressemeldinga om dei regionale kompetansesentera her.

Rådet vedtok formelle retningsliner for arrangørordninga. Retningslinene er basert på utlysningsteksten for ordninga, men med nokre få endringar. Den viktigaste endringa er at festivalar no berre unntaksvis vil bli prioritert på arrangørordninga. Les retningslinene her.

Det vart handsama søknader på mange ordningar, mellom anna 108 søknadar om arrangørstøtte. 37 av desse fekk støtte. Søknadane representerer fleire sjangrar med hovudvekt innanfor populærmusikk, klassisk, jazz og blues. Brasswind i Hordaland, Jeremias folkemusikkforeining i Sogn og Fjordane og Kulturklubben i Aust-Agder er tre av arrangørane som får støtte i denne runden.

Sjå alle tildelingane til musikk

Visuell kunst

277 søknader om prosjektstøtte, utstillingsstøtte til kunstnarar i etableringsfasen og kunstfaglige publikasjonar og manusutvikling var handsama i denne søknadsrunden. Søknadssummen var på 23 millionar kroner og det vart løyvd midlar til 91 prosjekt.

Prosjektstøtta for visuell kunst har som føremål å styrke produksjon og formidling av samtidskunst.  På denne ordninga kom det inn 131 søknader om utstillingsstøtte, 43 av desse fekk tilskot. Både godt etablerte namn med store og kostnadskrevjande utstillingsproduksjonar og kunstnarar med små og utprøvande prosjekt i alternative visningsformat vart støtta. Døme på små prosjekt er Christine Malnes Mathisens prosjekt ‘Hyper Touch' der ASMR-videoar er formidla via YouTube, og Lars Korff Lofthus prosjektet ‘Editorial Bunad' som vert presentert som fashion spreads i Hardanger Musikkfest sitt trykte festivalprogram.

Sjå alle tildelingane til visuell kunst

Rom for kunst og tverfaglege tiltak

I denne runden var det ingen nye søknader til handsaming innanfor dei tverrfaglege ordningane. Utval og råd har likevel hatt nokre søknader til handsaming, mellom anna ein søknad som vart utsatt frå førre runde frå Halden Arena for Musikk & Kunst. Det vart i rådsmøtet tildelt to millionar kroner frå rom for kunst-ordninga til å etablere Vannvogna kunsthall og spillested i Halden.

Gjesteopphaldsstøtte for arenaer er ei forsøksordning som skal styrke arenaenes moglegheiter for utvikling av innhald og programmeringskompetanse, og dermed bidra til å auke det kunstnariske og faglege nivået på produksjon og formidling i kunstarenaene. I møtet vart det bestemt at ein skal øyremerke 1,5 millionar kroner til prosjekt retta mot barn og unge frå denne ordninga.

Les meir om denne satsinga.

Sjå tildelingar til rom for kunst

Kontaktpersonar

Fungerande kommunikasjonsdirektør Mari Johansen, telefon 21 04 58 37 / 400 16 191

Kommunikasjonsrådgjevar Harald Skeie, telefon 21 04 58 64 / 957 95 825


blog comments powered by Disqus