Norsk kulturfond

Norsk kulturfond

Aktuelt

Tildelingar i rådsmøtet

John Hoiland er 90 år og hovudpersonen i dokumentarfilmen

John Hoiland er 90 år og hovudpersonen i dokumentarfilmen "Den siste norske cowboy" som har fått prosjektstøtte Kulturvern. Foto: Fimfilm AS.

20. og 21. september var Kulturrådet samla til årets fjerde rådsmøte. Ærespristildeling og basisfinansiering var to av sakene på dagsordenen. I tillegg vart ei rekkje tildelingar drøfta og vedtekne.

Ærespris til Miloud Guiderk

Rådet vedtok å gi konsertarrangør Miloud Guiderk Kulturrådets ærespris 2017. Æresprisen er på 600 000 kroner og ein statuett av bilethoggar Elena Engelsen. I rådet si grunngjeving heiter det mellom anna at Miloud Guiderk får æresprisen for sitt genuine engasjement og arbeid på konsertarrangørfeltet gjennom meir enn 40 år. Les pressemeldinga her.

Basisfinansiering til Tori Wrånes

Performancekunstnaren Tori Wrånes var den einaste nye som kom inn på ordninga for basisfinansiering av frie scenekunstgrupper. Wrånes får tre millionar kroner per år frå 2018 til 2021. Det er no til saman 15 grupper inne på basisordninga. Les pressemelding om basisfinansiering.

Visuell kunst

Fagleg utval for visuell kunst hadde fått inn 193 søknader til dei ulike støtteordningane og ga tilskot til 73.

I år har inntil to millionar kroner av avsetjinga på visuell kunst blitt øyremerka til prosjekt som rettar seg mot barn og unge. I denne søknadsrunden handsama fagutvalet for visuell kunst og arrangørutvalet for visuell kunst til saman 13 søknader som retta seg mot denne målgruppa. Av desse fekk fire støtte på til saman kr 485 000.

Gosen ungdomsskole fekk støtte til å presentere samtidskunst i prosjektet «Ung Plattform». Ulike kunstuttrykk, kunstkritikk, kunstformidling, besøk i verkstadar og utstillingar vert brukt. Målet er å leggje til rette for gode kunstmøte, utfordre elevane sitt syn på kunst og opne opp for refleksjon om kunstens relevans. Eit anna barn- og ungeprosjekt som vart støtta var to workshoper for barn i Vestby. Desse skal skje som ein del av lysfestivalen i Vestby sentrum vinteren 2018. I workshopene skal barna lage stjernekikkerter av lesebriller og lysskulpturar.

Sjå alle tildelingane til visuell kunst

Scenekunst

Tilskotsordninga Formidling/gjestespel skal bidra til at produksjonar vert spelt meir, og i andre område enn der dei er produserte. I denne runden vart 25 av 51 søknader tildelt støtte. 13 av desse er framsyningar av norske produksjonar i utlandet, tre gjeld framsyning av internasjonale gjestespel på norske arenaer, og ni framsyningar i Noreg. Det er stor sjangerspreiing blant dei ulike gjestespela og dei sceniske uttrykka varierer mellom dans, teater, figurteater, musikkteater, performance, improvisajon og nysirkus.

Nøtterøy Kulturhus fekk, saman med kulturhusa i Skien, Larvik og Drammen, støtte til å vise to internasjonale førestillingar av svært ulik karakter. Den tyske førestillinga Teatro Delusio, av og med teaterkompaniet Familien Flöz, er ordlaus. Mange verkemiddel vert teke i bruk: masketeater, figurteater, akrobatikk, improvisasjon, musikk med meir. Den britiske førestillinga DANCER problematiserer kva det inneber å vere dansar; kva med dei som til dømes er funksjonshemma, er det plass for dei på ein scene? Ein funksjonshemma artist har ei sentral rolle i denne førestillinga.

Sjå alle tildelingane til scenekunst

Kulturvern

Til denne runden kom det inn i alt 36 søknader på ordninga. Kvalitetsnivået var høgt, noko som resulterte i støtte til 19 prosjekt. Prosjekta spenner over eit breitt spekter av tema. Mellom dei støtta prosjekta finn vi eit musealt medisinhistorisk utstillingsprosjekt og fire prosjekt som går på ordning og bevaring av privatarkiv som det er av nasjonal interesse å få sikra.

Forprosjektet De reisende i 2018 er retta inn mot å dokumentere og formidle taterne sin kultur og historie. Det vart løyvd 100 000 kroner til prosjektet, som reiser sentrale problemstillingar knytt til ein av våre nasjonale minoritetar. Eit anna viktig prosjekt som også fekk støtte på 100 000 er Fornorskingens pris. Her skal den menneskelege opplevinga av dei ulike fasane i fornorskinga av samar og kvenar dokumenterast.

Runden var elles prega av fleire dokumentarfilmprosjekt. Det vart løyvd totalt 1,2 millionar kroner til produksjon av fem filmar, mellom anna Den siste norske cowboy. Filmen vert laga av Fimland film og handlar om andregenerasjons norsk-amerikanaren John Hoiland. Hoiland er 90 år og driv familieranchen i Montana, USA. Tema for filmen er kva som skal skje med den enorme ranchen etter at Hoiland døyr.

Frihetsprosjektet, som fortel historia om opprettinga av Forsøksgymnaset i Oslo på slutten av 1960-talet, er ein annan av dokumentarfilmane som vart støtta.

Sjå alle tildelingane til kulturvern

Litteratur

På støtteordninga for litteraturprosjekt kom det inn 15 søknader. Ni av desse gjaldt støtte til større utviklingsprosjekt som omfattar fleire bokutgjevingar i samanheng. Til liks med tidlegare rundar utgjer denne typen prosjekt hovudtyngda av søknadene. Seks av desse prosjekta, alle gjeld omsetjing frå ulike språk, vart støtta. I tillegg vart det gjeve støtte til eit minoritetstidsskrift. Magasinet er digitalt og vert lansert på norsk i løpet av 2017.

Også innkjøpsordninga for kulturtidsskrift vart handsama i denne runden. 14 tidsskrift vart kjøpt inn. Desse representerer ulike fagområde og er vurderte til å vere på eit høgt fagleg nivå. To av tidsskrifta er nye på ordninga.

Sjå alle tildelingane til litteratur

Musikk

På ordninga for musikarar og musikkensemble kom det inn 103 søknader, 44 fekk tilskot. Utvalet prioriterte i mange tilfelle også å støtte innøving og preproduksjon. Det har blitt gjeve tilskot til konsertar i inn- og utland, men i den overordna prioriteringa har konsertar i Noreg særleg blitt vektlagt. Innan populærmusikksjangeren vart det handsama 38 søknader og løyvd 1,4 millionar kroner til 14 søkjarar. Tønes, Nils Bech og Fight the Fight var tre av dei som fekk støtte.

Til ordninga andre musikktiltak fekk 21 av 69 søknader støtte. Ordninga støttar spesielle tiltak og prosjekt som ikkje vert dekka av dei andre tilskotsordningane på musikk. Heile 31 av søknadene gjaldt prosjekt med barn og unge som målgruppe. Av desse fekk ti støtte, mellom anna Strunkeveko (sommarkurs for ungdom i Valdres), Nøringen (kurs i musikk og dans for barn i Voss/Hardanger), Felemakeri UNG (utvikling av hardingfeler for barn) og Klangen før fela (kurs i eldre folkemusikkinstrumenter i Oslo).

Sjå alle tildelingane til musikk

Rom for kunst

Det vart handsama 40 søknader i møtet, med ein samla søknadssum på nesten 31 millionar kroner. Søknadsbunken rommar alt frå små og store ombyggings- og oppgraderingsprosjekt til forprosjekt og utprøvingsprosjekt. Dei fleste av søknadene er knytt til permanente arenaar og fysiske bygg. 22 prosjekt vart støtta, mellom anna Sentralbadet Litteraturhus i Odda og Sorenskrivargarden i Aurdal.

Rom for kunst

Tverrfaglege tiltak

20 av 55 søknader som kom inn til denne runden vart støtta. Åtte av desse retta seg særleg mot barn og ungdom og fem fekk tilskot. Fossekleiva kultursenter i Svelvik som jobbar med barnehagebarn, og Art Zone som skal ha prosjekt med mellom anna ungdommar i Tromsø og Bodø, er to av desse.

Tverrfaglege tiltak

Aspirantordninga

Det kom inn 29 søknader til aspirantordninga. Galleri Format i Oslo, Litteraturhuset i Trondheim og Stiftelsen Kulturkvartalet i Ålesund var tre av 11 søkjarar som fekk 400 000 kroner kvar til å tilsetje ein aspirant i eit år.

Aspirantordninga 


blog comments powered by Disqus