Norsk kulturfond

Norsk kulturfond

Aktuelt

Første tildelingsrunde frå Kulturfondet i 2017

Fargespill på Falturiltu. Nynorskfestivalen for barn på Stord har fått støtte frå Kulturfondet. Foto: Marianne Abunada

Fargespill på Falturiltu. Nynorskfestivalen for barn på Stord har fått støtte frå Kulturfondet. Foto: Marianne Abunada

Det andre rådsmøtet i 2017 vart halde 3. og 4. april. Her finn du ei oversikt over alle tildelingane som vart gjort i møtet.

Ei av dei største sakene var tildelingane til kunst- og kulturkritikk. Kulturrådet ville med utlysinga styrke og utvikle kunst- og kulturkritikken i den norske offentlegheita. Til søknadsfristen om det inn 76 søknader, 27 fekk tilskot. Du kan lese meir om tildelingane til kunst- og kulturkrikk her.

Scenekunst

Det vart handsama søknader til ordningane for gjestespel, kompetansehevande tiltak og forprosjekt i denne runden.

Det kom inn rekordmange søknader til forprosjektordninga. 179 søknadar vart handsama i fagutvalet, 38 av desse fekk midlar på over tre millionar kroner. Les meir om dette.

Denne runden var det spesielt mange søknadar om scenetekstutvikling og blant anna fekk fleire veletablerte dramatikarar tilskot til manuskriptutvikling. Av desse kan nemnast Mikkel Bugge, som skal utvikle sceneteksten «Veggen», og Arne Lygre, som skal utvikle tre korttekstar.

Kompetansehevande tiltak er det nye namnet på ordninga som tidlegare heitte «Andre scenekunsttiltak». Her fekk mellom anna to nysirkusaktørar, R.E.D. og Circus Xanti, støtte. R.E.D. skal arrangere ein workshop i luftakrobatikk for profesjonelle dansarar og nysirkusartistar.

Alle tildelingane

Rom for kunst og tverrfaglige tiltak

Fagleg utval for rom for kunst og tverrfaglege tiltak handsamar støtteordningane for rom for kunst og tverrfaglege tiltak.

På ordninga for Rom for kunst blei det handsama 60 søknader, med ein samla søknadssum på 34 millionar kroner. 20 søkjarar fekk tilskot.

Trevarefabrikken i Henningsvær i Nordland fekk 800 000 til å utvikle ein kulturell arena i Trevarefabrikken.  Her skal formidling av musikk, handverk og visuell kunst prioriterast. Støtta skal gå til å gjennomføre tiltak som bidrar til gjere lokala egna til utstillingar, musikkarrangement og produksjon av kunst.

I Bergen har Flaggfabrikken senter for fotografi og billedkunst overtatt det gamle bygget til kunsthøgskulen. Dei fekk to millionar i støtte til ombygging og oppgradering av denne. Tanken er å etablere ny fellesverkstad, galleri og atelierfellesskap i denne.

Gjennom tilskotsordninga for tverrfaglege tiltak fekk Noregs Ungdomslag ei løyving på 460 000 kroner over tre år for å ta i bruk ungdomshus over heile landet som scenar og visningsstadar for profesjonelle kunstnariske produksjonar. Les meir om dette.

Alle tildelingane

Kulturvern

Til støtteordninga for Kulturvern kom det inn 42 søknader denne runden. 15 prosjekt vart støtta. Fleire søkte om støtte til å lage dokumentarfilm. Mellom anna fekk Indie film 200 000 til ein dokumentarfilm om Munch og Ekkofilm 280 000 til filmen «I Olavs fotspor», der skodespelar Kristofer Hivju legg ut på ei reise i Olav den heilages fotspor.

Fleire fekk også støtte til å ta vare på viser. Linda Mariana Aleksandersen fekk 100 000 kroner i støtte for å samle inn den trua visekulturarva til romanifolket/taterane i Norden og Irland. Valdresmusea fekk 20 000 til sikring og tilgjengeleggjering av ei unik, handskrive viseboksamling. Handskriftsamlinga vart påbyrja kring 1805 og vart til i løpet av dei neste vel 45 åra. Prosjektet omfattar skanning, avfotografering, transkripsjon, indeksering, presentasjon på web, konsertar og seminar.

Litteratur

I fagleg utval for litteratur vart det gjeve støtte til litteraturformidling og litteraturprosjekt.

Til litteraturformidling vart det løyvd 510 000 kroner til fleire tiltak retta mot barn og unge.

Ein av desse var Falturiltu på Stord. Dette er den einaste reine nynorskfestivalen for barn og han vart støtta med 155 000 kroner. På festivalen er det opne førestillingar for barn og vaksne, forfattarbesøk i skulen, barnelitteraturseminar, skrivekurs, konsertar, førestillingar og utstillingar. Elles fekk Afropolitt, eit litteraturformidlingsprosjekt for elevar i vidaregåande skule, støtte. Det same gjorde teikneseriefestivalen Oslo Comics Expo 2017, Bok i Lofoten 2017 og Barnebokfestivalen. I tillegg vart det gjeve tilskot til fleire tiltak som hovudsakleg rettar seg mot vaksne, men som også har programpostar for barn og unge.

Sjå alle tildelingane

Musikk

Den nye støtteordninga for musikarar og musikkensemble er eit resultat av samanslåinga av støtteordningane «musikarordninga» og «støtteordning for musikkensemble. Musikkutvalet for musikar- og ensemblestøtte handsama 131 søknader i utvalsmøtet i Bergen 7. og 8. mars.  44 av desse vart støtta.

Innanfor jazz/improvisasjonsmusikk blei det handsama 34 søknader og gjeve tilskot til 16 søkjarar. Av tilskotsmottakarar i denne runden blei Kjetil Møster tildelt 129 000 kroner til tolv konsertar i Europa og fire konsertar i Noreg i 2017. Morten Qvenild fekk 70 000 kroner til soloprosjektet  «Personal Piano» der han skal på turné med lyddesignar, lysdesignar og ein større rigg som inkluderer lys, visuelle effektar og storskjermar.

Visuell kunst

På det visuelle kunstfeltet blei det handsama søknader til prosjektstøtte visuell kunst, kunstfaglige publikasjonar og utstillingsstøtte til kunstnarar i etableringsfasen.

Prosjektstøtte er delt opp i fire kategoriar der institusjonar er ein. Denne omfattar søknader om program, enkeltståande utstillingsprosjekt og formidlingstiltak. I denne runden kom det inn 48 søknader om støtte til institusjonar. Samla søknadssum var på 13 millionar kroner. 17 prosjekt vart støtta.

I tråd med behovet om å analysere og tileigne seg kunnskap om kunstnarøkonomien, blei det løyvd 150 000 kroner til Kunsthallene i Norge sitt arbeid med ein rapport om dei mellomstore kunstinstitusjonane sin økonomiske situasjon og politiske vilkår i Noreg. Dette arbeidet vil inngå i opplysningsarbeidet og holdningsarbeidet med å styrke kunstnarøkonomien.

Støtte til samiske kunst- og kulturprosjekt

I år vert Tråante, 100-årsjubileet for det første landsomfattande samemøtet, feira. Kulturrådet fekk inn fleire søknader både til dette og andre samiske kulturføremål i denne søknadsrunden. Her finn du ein omtale av nokre av desse.

 


blog comments powered by Disqus