Om Kulturrådet

Om Kulturrådet

Aktuelt

54 mill. til Kulturfondet og 18 nye kunstnarstipend

- Det er eit offensivt kulturbudsjett som er lagt fram, seier direktør Anne Aasheim om den raudgrøne regjeringa sitt forslag til statsbudsjett. Ill: Gjerholm design.

- Det er eit offensivt kulturbudsjett som er lagt fram, seier direktør Anne Aasheim om den raudgrøne regjeringa sitt forslag til statsbudsjett. Ill: Gjerholm design.

Norsk kulturfond aukar med 54 millionar kroner og det er gjort framlegg om 18 nye kunstnarstipend i den raudgrøne regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2014.

Totalt er det foreslått ein auke på 7 prosent for Kulturrådets totale forvaltingsområde. Den største auken kjem til Norsk kulturfond, men også Statens kunstnarstipend og løyvingane til Kulturverksemder over post 74 har fått monalege aukar.

- Det er eit offensivt kulturbudsjett som er lagt fram. Det føreslåtte budsjettet speglar fleire av dei prioriteringane som ein finn i Kulturrådets budsjettsøknad, seier direktør Anne Aasheim.

Norsk kulturfond

Norsk kulturfond er foreslått auka med 54 millionar kroner, eller 9,4 prosent frå 577 til 631 millionar kroner. Dei største aukane kjem på det visuelle kunstfeltet som får ei påplussing frå 33,8 til 41 millionar kroner. Ei auke på 21,2 prosent. Denne går mellom anna til arrangørar på det visuelle kunstfeltet.

På scenekunstfeltet aukar løyvingane frå 112,5 til 129 millionar kroner, og musikkavsetninga er auka med nær 9,5 prosent til 203, 9 millionar kroner. Auken inneber også ei påplussing på 7,4 millionar til ålmenne kulturføremål, der 5 millionar går til Rom for kunst (kulturbygg).

Norsk kulturfond (oppgjeve i 1000 kr)

Kapittel

2013

2014

Endring i kr

Endring i %

Kap 320 Allmenne kulturføremål

69 462

76 893

             7 431

10,70 %

Kap 322 Biletkunst

33 852

41 037

             7 185

21,22 %

Kap 323 Musikk

186 796

203 896

           17 100

9,15 %

Kap 324 Scenekunst

112 593

129 034

           16 441

14,60 %

Kap 326 Litteratur

164 316

170 067

             5 751

3,50 %

Kap 328 Kulturvern

10 224

10 582

                 358

3,50 %

Norsk kulturfond

577 243

631 509

           54 266

9,40 %

 

- Ein auke vil  gjere det mogeleg å stimulere områder der vi ser eit stort behov, til dømes for arrangørar på det visuelle kunstfeltet,  arenautvikling og scenekunst,  seier  Aasheim.

- Mykje av inntektene til det frie feltet kjem frå Kulturfondet. Og mykje av det som skjer på norske scenar og i norske kulturhus vert produsert nettopp her. Derfor er eit robust kulturfond avgjerande for at det norske kulturlivet skal halde ein høg puls, seier kulturminister Hadia Tajik i ei pressemelding frå Kulturdepartementet.

18 nye kunstnarstipend

Statens kunstnarstipend er i ein omleggingsfase der mellom anna garantiinntekta blir fasa ut og gjort om til lengre arbeidsstipend. Det vil også verte ei endring for kunststudentar som tidlegare automatisk fekk eit stipend etter avslutta kunstutdanning. Frå og med i år må ein søkje på eit slik stipend.

Det vert i framlegget til statsbudsjett lagt inn 53 nye stipend for etablerte kunstnarar og seniorkunstnarar. Til dette vert det sett av 13,8 millionar kroner, av desse er 4,5 millionar kroner friske pengar. 

Arbeidsstipend er den ordninga som mottek flest søknader. Regjeringa foreslår at stipendet blir auka til 205 000 kroner og at det blir sett av pengar til 471 ordinære arbeidsstipend til kunstnarar for 2014, ein auke på 18 stipend frå 2013. I tillegg blir det foreslått 23 ekstra eittårige stipend som ei overgangsordning i 2014.

 Post 74 – Kulturverksemder

Løyvinga over post 74 dekkjer tilskot til interesseorganisasjonar, regionale strukturar og mindre institusjonar innanfor fagfelta ålmenne kulturføremål, visuell kunst, musikk, scenekunst, litteratur og kulturvern.

Rådet forvaltar denne posten, som i 2014 er føreslått til 240,6 millionar kroner. Dette er ein auke på 5,2 prosent i høve til 2013.

Tilskotet til Grenland Friteater/Porsgrunn Internasjonale Teaterfestival, som tidlegare vart gjeve under denne posten, er for 2014 føreslått som løyving under kap. 324, post 78.

Tilskotet til Norsk visearkiv og Norsk Jazzarkiv er frå 2014 overførd til kap. 326, post 01.

Departementet har bede Kulturrådet om å utarbeide nye retningsliner for ordninga frå 2015.

I 2014 er desse aukane og tillegga føreslått:

Nye tiltak:

  • Litteraturhuset i Oslo, 3 millionar kroner
  • Stiftelsen Litteraturhuset i Bergen, 1 million kroner
  • Kunstnarforbundet, 400 000 kroner
  • Tromsø kunstforeining, 550 000 kroner
  • Folkemusikk Nord, 0,8 mill. kroner
  • Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans/Stiftinga Hilmar Alexandersen, 0,8 mill. kroner

Styrking av tilskot:

  • Seanse, 500 000 kroner
  • Rom for Dans, 350 000 kroner til auka husleige
  • Tilskot til kjøp av musikkinstrument for skulekorps og barne- og ungdomsorkester, 3 mill. kroner

Det er i tillegg føreslått ei generell styrking av løyvingane på posten med 2 mill. kroner.

Tilskota til Fond for lyd og bilete og Prosjekt- og utviklingstiltak på museum- og arkivfeltet er vidareførte utan store endringar.

Samla oversikt over avsetningane som Kulturrådet forvaltar (i 1000 kr):

Samla oversikt

2013

2014

 Endring i kr

Auke i %

Norsk kulturfond

577 245

631 509

           54 264

9,40 %

Fond for lyd og bilde

31 537

32 641

             1 104

3,50 %

Statens Kunstnarstipend

275 850

288 037

           12 187

4,42 %

Post 74 - Kulturverksemder

228 716

240 616

           11 900

5,20 %

Post 77 - Prosjekt- og utviklingstiltak på museum- og arkivfeltet

36 027

37 288

             1 261

3,50 %

Sum

1 149 375

1 230 091

           80 716

7,02 %

 

Her finn du heile forslaget til Kulturbudsjett.

    


blog comments powered by Disqus