Om Kulturrådet

Om Kulturrådet

Ein av fire får støtte

I 2015 handsama Kulturrådet meir enn 20 000 søknader. 5592 fekk støtte.

I 2015 handsama Kulturrådet meir enn 20 000 søknader. 5592 fekk støtte.

Om lag 25 prosent av dei som søkjer Kulturrådet blir tildelt støtte. I fjor kom det inn til saman 20 367 søknader. Av desse fekk 5592 prosjekt, kunstnarar, festivalar og kulturverksemder prosjektstøtte eller stipend. I tillegg blei det kjøpt inn meir enn 1000 bøker som blei fordelte til folkebiblioteka.

I Kulturrådets årsmelding for 2015 finn du oversikter i tal og tekst over alle tildelingane som blei gjort i fjor og ei skildring av Kulturrådets aktivitetar gjennom året.

- 2015 var eit spesielt år for Kulturrådet. Gjennom heile året har vi markert 50-årsjubileet for opprettinga av Norsk kulturråd, og hatt fokus på Kulturrådets historie og plass i norsk samfunnsliv gjennom 50 år. I tillegg var 2015 året da vår kjære direktør Anne Aasheim blei alvorlig sjuk, og til slutt forlot oss så alt for tidleg i mars 2016, seier fungerande direktør Vibeke Mohr.

Kulturrådet forvalta til saman over 1,1 milliardar kroner i 2015, fordelt på:

  • Norsk kulturfond, 765,7 mill. kr
  • Statens kunstnarstipend, 279,5 mill. kr
  • Fond for lyd og bilete, 37,5 mill. kr
  • Museumsutvikling, 26,3 mill. kr
  • Andre oppgåver, inkl. kulturnæringar 12,7 mill. kr

 

 

 

Støtte til kvar tredje søkjar frå Kulturfondet

Den største pengesekken Kulturrådet forvaltar er Norsk kulturfond. Fondet var på 765,7 millionar kroner i 2015. Dette var ein auke på nesten 200 millionar i forhold til 2014. Årsaka til auken var i hovudsak at tidlegare post 74, driftsstøtte, blei innlema i Kulturfondet.

Dersom vi deler landet opp i landsdelar ser fordelinga av midlar slik ut:

 

Kunstnarstipend til ein av fem

Statens kunstnarstipend er den nest største pengesekken i Kulturrådet og blir forvalta av Utvalet for Statens kunstnarstipend og garantiinntekter. Kunstnarstipenda skal leggje til rette for at enkeltkunstnarar skal kunne bidra til eit mangfaldig og nyskapande kunstliv. I 2015 sendte 4265 søkjarar til samen nesten 8000 stipendsøknader.

Stipenda blei fordelte slik mellom landsdelane:

Du kan lese meir om fordeling av midlar i 2015 og Kulturrådet sine aktivitetar i årsmeldinga.

Les og last ned årsmeldinga for 2015 her.

Andre oppgåver i 2015

Kulturrådet utfører også ei rekkje andre oppgåver. Fond for lyd og bilete delte ut 37,5 millionar kroner til 550 prosjekt i løpet av 2015. Det kom inn i underkant av 3000 søknader til ordninga.

På museumsfeltet blei dei søkbare prosjektmidlane flytta frå statsbudsjettet itl tippenøkkelen frå og med 2015. Støtteordninga for museum blei lagt om til fire søkbare program: samfunnsrolla til museum, digital utvikling, samlingsforvalting og sikring. 26,3 millionar kroner blei delt ut til 100 søkjarar. I tillegg blei Den kulturelle skulesekken flytta over til Rikskonsertane frå og med 2016.

Tabell 1: Tal på tildelingar - Norsk kulturfond

Landsdel

Søknader

Tildelinger

Prosent 

Sørlandet

239

99

41 

Østlandet

4892

1638

33 

Vestlandet

1422

473

33 

Trøndelag

575

211

37 

Nord-Norge

629

239

38 

Utlandet

96

36

38 

Totalt

7853

2696

34 

 

Tabell 2: Søknadssum og tildelt sum - Norsk kulturfond

Landsdel

Søknadssum

Tildelt sum

Prosent 

Sørlandet

45 183 561

17 036 653

38 % 

Østlandet

1 345 453 215

418 315 291

31 % 

Vestlandet

377 819 329

102 966 495

27 % 

Trøndelag

159 613 420

53 185 800

33 % 

Nord-Noreg

187 162 601

58 087 500

31 % 

Utlandet

11 734 866

2 680 000

23 % 

Totalt

2 126 966 992

652 271 739

31 % 

 

Tabell 3: Tal på søkjarar og tildelingar - Statens kunstnarstipend

Landsdel

Tal på stipendsøkjarar

Tildelte stipend

Prosent 

Sørlandet

93

15

16 % 

Austlandet

2999

650

22 % 

Vestlandet

662

144

22 % 

Trøndelag

203

38

19 % 

Nord-Norge

172

27

16 % 

Utlandet

136

21

15 % 

Totalt

4 265

895

21 % 

 

Kontaktpersoner

Kommunikasjonsrådgjevar Mari Johansen, 21 04 58 37/ 400 16 191

Kommunikasjonsdirektør Janne Stang Dahl, 21 04 58 17 / 970 81 120


blog comments powered by Disqus