Om Kulturrådet

Om Kulturrådet

Pressemelding

Samarbeider om e-søknader

Anne Aasheim og Arvid Hallen underskriver samarbeidsavtalen.

Anne Aasheim og Arvid Hallen underskriver samarbeidsavtalen.

Direktørane Anne Aasheim i Kulturrådet og Arvid Hallén i Forskingsrådet har inngått ein samarbeidsavtale der Kulturrådet kostnadsfritt får tilgang til gjenbruk av Forskingsrådets søknads- og saksbehandlingssystem.

- Kulturrådet er svært takknemlege for at Forskingsrådet har stilt sine erfaringar og teknologi til disposisjon for oss. Denne løysinga vil vere kostnadseffektiv og forhåpentlegvis bli optimal også for Kulturrådets søkjarar. Dette er svært god gjenbruk av ressursar og eit slikt samarbeid bør vere eit førebilete for framtidig statsforvaltning, seier Kulturrådets direktør Anne Aasheim.

-Dette er ei svært god historie om samarbeid i det offentlege, seier direktør i Forskingsrådet, Arvid Hallén. -Innovasjon i offentleg sektor er eit satsingsområde for Forskingsrådet, og den samarbeidsavtalen vi underskriv er eit handfast bevis på slik innovasjon, til glede for oss, for Kulturrådet, og for skattebetalarane.

Kulturrådet har som mål å digitalisere alle sine søknads- og saksbehandlingsprosessar i løpet av 2013. I avtalen som blei signert i går får Kulturrådet tilgang til å bruke Forskingsrådets løysing som grunnlag for sitt nye system for elektronisk søknads- og saksbehandling.

Det nye elektroniske søknads- og saksbehandlingssystemet vil kome kunst- og kulturlivet til gode gjennom ein enklare og raskare søknadsprosess, auka innsyn i søknadsprosessen, betre rapporteringsrutinar og betre støttefunksjonar for råd og utval. Systemet vil også leggje til rette for betre kulturstatistikk samt oppfølging og kontroll av tilskot.

På nett med innbyggjarane

Forskingsrådet har gjort store investeringar for å utvikle eSak-løysinga sidan 2002. Samarbeidsavtalen sikrar at dei to statlege institusjonane saman vidareutviklar løysinga, noko som vil gje kostnadsreduksjon og forbetringar for begge organisasjonane.

Avtalen er i tråd med regjeringas digitaliseringsprogram der digital kommunikasjon skal vere den viktigaste forma for kontakt mellom innbyggjarane og forvaltninga. Vidare er det eit mål å samordne fellesfunksjonar og gjenbruke andre sine systemløysingar.

 

16 000 søknader årleg

Kulturrådet handterer årleg 16 000 søknader og forvaltar ulike støtteordningar under Norsk kulturfond, utviklingsmidlar for arkiv og museum i tillegg til sekretariatsfunksjonar for Fond for lyd og bilde og Statens kunstnarstipend.

- Vi ser fram til å gjere det mogleg for søkjarane våre å levere søknader elektronisk, og takkar Forskingsrådet for at dei deler teknologi og erfaringar med oss, seier Anne Aasheim.

 

Kontakt

Anne Aasheim, Direktør i Kulturrådet tlf  916 25 135
Jorunn Voll, seniorrådgjevar kommunikasjon, Forskingsrådet tlf 975 23 883 


blog comments powered by Disqus