Andre veka i august kjem Bollywood til Oslo. Då er det klart for den sjuande Bollywoodfestivalen i Oslo og Akershus, med indisk film og dans på plakaten. (23.06.09)

Bollywood Fest er ein tverrfagleg festival som presenterar filmar, danse- og musikkuttrykk knytt til den indiske filmproduksjonen kalla Bollywood. Festivalen har vore arrangert sidan 2003 av dei to eldsjelene Nasrullah Qureshi og Pritpal Qureshi, som fungerar som festivalsjef og programansvarleg. Årets festival vil finne stad i perioden 6. – 13. august på ulike arenaer i Oslo og Akershus.
Bollywood festivalen fokuserar på både nye og klassiske Indiske filmar, og gjer publikum moglegheit til å sjå verda frå en anna vinkel. Det vil bli satt opp danseframsyningar i samband med mange av visningane, og i tillegg set gjestande koreografar og dansarar opp verkstader for ungdommar og andre interesserte under festivalen.
Det vil også, som under fjorårets festival bli satt opp ei framsyning kor man får oppleve sjå klassisk indisk dans med Tilottama Nandy, norsk folkedans og Bollywood-dans med gruppa IndepenDance frå London.
Kulturrådet har bevilga 175 000 kronar til konsertar for ungdommar og eit omfattande danseprogram under Bollywood Fest 2009.
Konsertane vil finne stad på Cosmopolite scene på Torshov med internasjonale artistar som Juggy D frå London og Avijeet Roy frå Mumbai. På danseprogrammet står mellom anna forestillingar av Clair Constant og Silas Henriksen frå Nasjonalballetten og indiske Vicky Sharma, kjend koreograf frå fleire Bollywood-filmar.
Her kan du lese meir om Bollywoodfestivalen.