Hopp til innhold

Små stader, store visjonar

Små stader, store visjonar

Eksperimentelle kunst- og stadsutviklingsprosjekt er ein av dei nye trendane i søknadsbunken til Norsk kulturråd.  I år vil mellom anna folk i Holmestrand og Dale i Sunnfjord verte involvert i kunstprosjekt som kan vere med å utvikle heimstaden deira. (16.02.10)

Temaet for Kulturrådet sin årskonferanse i 2009 var lokalt kulturliv i endring. Og det er ikkje berre i Drammen, Storås og Kirkenes det skjer endringar i det lokale kulturlivet. Kunstnarlege prosjekt der kunstlivet blir utforska og sambandet mellom kunst og stad, og nye perspektiv på kunst og lokalsamfunn trer fram, er ei utvikling vi finn over heile landet.

- Å kople kunstnarar, lokal kultur og stadsutvikling er ein trend vi ser i søknadsbunken, seier rådgjevar Mariann Komissar i Kulturrådet.

Ho trekkjer spesielt fram kunstnargruppa Raketa, som har fått stønad til prosjektet  Holmestrand – en plats på jorden, og Transplant i Dale i Sunnfjord, som har fått stønad til prosjektet Delta lengre /Longer participation .

 

Vil skape betre løysningar for eldre

I den vesle vestlandsbygda Dale i Fjaler kommune har designarane Birgitta Ralston og Alexandre Bau starta opp design- og kunstnarsenteret Transplant.

Transplant er ein arena for nyskaping av kunst og design. Hit blir kunstnarar, arkitektar og designarar invitert for å arbeide med eller stille ut prosjekt i grenselandet mellom kunst og arkitektur. Fokus er retta mot miljøvennleg og sosialt engasjert design og nyskapande og ofte overraskande bruk av kjent materiale.

I 2009 fekk Transplant stønad til prosjektet Delta lengre, der målet er å designe og utforme bruksgjenstandar på ein måte som gjer at dei eldre betre kan ta del i samfunnet. Transplant inviterar lokalbefolkninga til møter og idedugnader for å skape nye designløysingar og hjelpemiddel der dei eldre sine kunnskapar, erfaringar og behov blir ivaretatt.

Transplant vil lage ei utstilling i samband med prosjektet i løpet av 2010.

Transplant fekk 160 000 kroner frå Kulturrådet til prosjektet. Dei har tidlegare mottatt 280 000 kroner til prosjektet Mognad og forsvinning.

Transplants heimeside 

 

Dokumentasjon av ein stad i endring

I Holmestrand i Vestfold er det også planlagt eit prosjekt med vekt på det lokale. Kunstnargruppa Raketa (ein biletkunstnar, ein arkitekt, ein komponist, ein pedagog, ein designar og ein forfattar ) har planar om å gjennomføre eit prosjekt der dei skapar eit poetisk og alternativt portrett av byen.

Holmestrand er i ferd med å verte ein soveby, med mange pendlarar til Drammen, Oslo og Tønsberg, dels som følgje av at E18 ikkje lenger går gjennom byen.

Gruppa har planar om å flytte inn i eit nedlagt butikklokale i sentrum, og gjennom interaksjon med innbyggjarane bruke bilder, kart, tekst og filmopptak frå både notid og fortid, lage deira bilde av Holmestrand.

Både skuleelevar, lokalavisa og kulturhuset i byen vil bli inkludert i prosjektet, som har arbeidstittel ”Holmestrand, en plats på jorden” .

Raketa har tidlegare gjennomført prosjektet Lofoten med elevar frå Aust-Lofoten vidaregåande skule.

Norsk kulturråd har støtta prosjektet med til saman 475 000 kroner.

Raketa på Facebook      Raketas bilder på Flicker

Bildet er fra et av Raketas tidligere prosjekter

Frå eit av Raketa sine tidlegare prosjekt 

 

Periferien – eit føremon?

Det var også fleire enn Kulturrådet som var opptatt av stadsutvikling i 2009. I forkant av Periferifestivalen på Sotra i august,  vart det skipa ein konferanse med tittelen Periferien – rom for nyskaping. Her vart tema som arkitektur i periferien og grenser og regionar og glokalisering: periferien som komparativt fortrinn, debattert.

Og det er ikkje berre grisgrendte strøk som kan sjåast på som periferi. I Groruddalen i Oslo har det dei siste par åra vore fokus på å utvikle området som ligg i skuggen av Oslo sentrum. Under fjorårets Krysskonferanse vart det arrangert ein kulturkonferanse med temaet "Kultur som motor - stedsutvikling i Groruddalen". Konferansen tok opp korleis kultur kan styrkje arbeidet innanfor Groruddalssatsinga, og det vart gitt både teoretisk bakgrunn og eksempel på korleis byar og forstader/drabantbyar i Europa har oppnådd gode resultat gjennom målretta satsing på kultur.

2010 byr truleg på fleire slike spanande prosjekt frå ulike stader rundt om i landet. Følg med på våre nettsider for oppdatert informasjon og nye tildelingar.

Skrevet av: Mari Johansen
Sist endret: 17.02.2010
Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer