Statens kunstnerstipend

Statens kunstnerstipend

Fond og avsetningar

Statens kunstnarstipend

Avsetninga for 2017
Arbeidsstipend
140,5 mill kr
Engangsstipend
31 mill kr
Stipend for eldre fortjente kunstnere
4,3 mill. kr
Langvarige stipend og garantiinntekt mill. kr
128,7 mill. kr

Avsetninga for 2017
Arbeidsstipend
140,5 mill kr
Engangsstipend
31 mill kr
Stipend for eldre fortjente kunstnere
4,3 mill. kr
Langvarige stipend og garantiinntekt mill. kr
128,7 mill. kr

Stipendordninga skal leggje til rette for at enkeltkunstnarar, gjennom å motta direkte tilskot frå staten, skal kunne bidra til eit mangfaldig og nyskapande kunstliv. Ved tildeling skal det leggjast vekt på kunstnarisk kvalitet og aktivitet.

• Kunstnarstipend omfattar følgjande stipendtypar:
• Arbeidsstipend kan tildelast for ein periode frå eitt til fem år, og skal gje kunstnarar høve til å arbeide med eit prosjekt eller ei fordjupingsoppgåve for å vidareutvikle kunsten sin.
• Arbeidsstipend for yngre / nyetablerte kunstnarar kan tildelast for ein periode frå eitt til tre år. Stipendet skal gje yngre kunstnarar i etableringsfasen høve til å utvikle seg kunstnarleg og betre sjansane deira til å leve av virket som kunstnar.
• Diversestipend skal vere eit bidrag til den kunstnarlege verksemda til den einskilde søkjaren. Det kan m.a. gjevast støtte til etablering, kurs, reiser, studium, fordjuping, material, utstyr, marknadsføring, konsulentbistand osv.
• Diversestipend for nyutdanna kunstnarar er nyoppretta og erstattar stipend basert på gjennomført kunstutdanning. Målgruppa er nyutdanna kunstnarar som har gjennomført kunstutdanning på bachelor- eller masternivå og som har som målsetjing å etablere seg i yrket.
• Stipend for etablerte kunstnere skal gje kunstnarar høve til å utvikle sitt kunstnariske virke over ein lengre periode og til å kunne ha kunstnarisk aktivitet som hovudgjeremål. Stipendet kan søkjast av yrkesaktive kunstnarar som gjennom nokre års verksemd har ytt ein kvalitetsmessig verdfull kunstnarisk innsats.
• Stipend for seniorkunstnere skal sikre mottakarane økonomisk tryggleik, slik at dei kan ha kunstnarisk aktivitet som hovedgjeremål. Stipendet kan søkjast av yrkesaktive kunstnarar som er 56 år eller eldre i søknadsåret og som gjennom mange års verksemd har ytt ein kvalitetsmessig verdfull innsats.

kvotefordeling

Statens kunstnerstipend

Kvotefordeling

Dei ulike kunstnargruppene har kvotar på kor mange stipend dei kan dele ut. Kulturdepartementet fastset, i samråd med Utvalet, fordelinga av midlane mellom dei ulike kunstnargruppene.