Søk støtte

Søk støtte

Aktuelt

Kulturrådet får nye søknadsskjema i Altinn

Kulturrådet går over til søknadsskjema i Altinn. Det betyr at du må ha elektronisk ID og ta deg ekstra god tid med søknaden denne gongen.

Den største endringa er at du må ha elektronisk ID for å få tilgang til Altinn. I og med at vi går over til nye søknadsskjema kan du heller ikkje gjenbruke tidlegare skjema. Begge desse endringane gjer at du må setje av ekstra god tid denne gongen.  

Her finn du alle støtteordningane til Kulturrådet

Valet om å bruke Altinn som ny skjemaløysing er tatt både fordi løysinga gjer den fleksibiliteten vi treng og fordi innlogging via ID-porten vil gje ein sikker identifikasjon av søkjaren, seier seksjonsleiar for søknadsforvalting i Kulturrådet, Guri Langmyr Iochev.

Elektronisk ID

For å logge inn må du ha elektronisk ID. Dette er den same som du brukar når du til dømes leverer sjølvmeldinga. Dersom du ikkje har elektronisk ID kan du lese om korleis du skaffar deg det på denne sida.

Verksemder som skal bruke organisasjonsnummer må ta høgde for at det kan ta litt tid å skaffe dette. Les meir om registrering av firma og enkeltpersonføretak på nettsidene til Brønnøysundregistrene.

Tildeling av roller og rettar

Foretaket må også tildele nødvendige roller og rettar til dei personane som kan representere dei i Altinn. Du finn informasjon om dette under fanen «Profil, roller og rettigheter» når du er innlogga i Altinn.

Her finn du ei rettleiing i korleis du går fram for å tildele roller og rettar.

Absolutt søknadsfrist

Du må framleis gå inn på støtteordninga på våre nettsider for å starte søkeprosessen. Her vil du, som før, finne ein søk støtte-knapp som du må klikke på for å kome inn på søknadsskjema.

Søknadsfristen er absolutt og det vert ikkje gjeve utsetjing, uavhengig av årsak. Søknader som vert sendt inn kl. 13.01 eller seinere vil verte avvist automatisk.

Sjå også tips til søkjarar

Anbefalt nettlesar

Søknadsskjemaene i Altinn fungerer dessverre ikkje like godt i alle nettlesarane. Vi anbefaler at du brukar Internet Explorer for Windows og Safari for Mac.

Automatisk lagring

Endringar blir automatisk lagra når du går til ei ny side i søknadsskjemaet.

Min nettstad

Min nettstad vart lagt ned torsdag 6. oktober 2016 og alle aktive søknader overført til Altinn.

Kontakt

Har du spørsmål av teknisk art, ta kontakt med support@kulturradet.no.  Har du faglege spørsmål, ta kontakt med kontaktpersonane på dei  ulike støtteordningane