Søk støtte

 

Aspirant­ordninga

Støtteordning for:

Aspirant­ordninga

Søknadsfrist

2/6 

2017 

kl. 13:00 

Kulturrådet går over til søknadsskjema i Altinn. Her kan du lese om endringene dette medfører for deg.

Formål

Ordninga skal sikre ei meir mangfaldig rekruttering til kunst- og kulturrelaterte yrke.

I søknadsskjemaet skal du søkje om 400 000 kroner. I 2017 vil det bli gjeve ti stipend. 

Kva kan det søkjast støtte til?

Det kan søkjast om tilskot til å tilsetje kunstnarar eller kulturarbeidarar med etnisk minoritetsbakgrunn, i 100 prosent stilling som aspirantar i normalt eitt år. Er søknadsperioden meir eller mindre enn eitt år, må dette grunngjevast.

Institusjonane som tek imot aspirantar må forplikte seg til å gje aspiranten oppgåver som sikrar fagleg og kunstnarleg utvikling og er i samsvar med institusjonanes målsetjingar og behov.

Aspirantopphaldet skal styrke aspirantens arbeidsmoglegheiter i kunst- og kulturlivet.

Kven kan søkje?

Profesjonelle kunst- og kulturverksemder av skapande, utøvande eller formidlande karakter innan alle kunst- og kulturformer kan søkje om aspirantstillingar. Verksemdene vert oppmoda om å ta kontakt med aktuelle aspirantkandidatar, og kandidatar vert oppmoda om å ta kontakt med aktuelle verksemder, for å etablere eit samarbeid i søknadsprosessen. Det er verksemda som må sende inn søknad om tilskot til aspirantstilling, og søknaden bør vere utarbeidd i samarbeid med ein namngjeven aspirant.

Aspiranten skal ha kunst- og kulturfagleg utdanning eller tilsvarande praksis. Ordninga omfattar også administrasjon; produsent- og arrangørverksemd og utdanning som kvalifiserar til administrative stillingar i kunst- og kulturverksemder vil også godkjennast.

For å bli tilsett i aspirantstilling må kunstnaren/kulturarbeidaren bu i Noreg.

Kva kan det ikkje søkjast støtte til?

Det kan ikkje søkjast tilskot til prosjekt som fell utanfor føremålet til aspirantordninga.

Utskriftsvenleg versjon av retningslinene for ordninga

Retningsliner for aspirantordninga (pdf)

Les mer

Krav til søknaden

Les også hjelpetekstane i skjemaet. Desse er merkte med «?».

Søknaden skal leverast via Norsk kulturråds elektroniske søknadsportal, Altinn, innan utløpet av søknadsfristen. Søknaden må tilfredsstille dei til ein kvar tid gjeldande krav og retningsliner som er fastsett av Norsk kulturråd. Søknader som ikkje har kome inn til søknadsfristens utløp, eller som fell utanfor ordninga vil bli avviste.

Søknadsskjema

Les utlysingsteksten nøye før du begynner å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet. 

Har du problem med å logge deg på eller sende vedlegg? Sjå Tips til søkere.

Vurdering av søknaden

I vurderinga av alle søknader til Norsk kulturfond vert det lagt vekt på fagleg innhald, profesjonalitet og kvalitet. Søknadens relevans i høve til ordninga sitt føremål og Norsk kulturråds overordna strategi for området vert også vurdert. Andre omsyn som det vert lagt vekt på i den samla prioriteringa av søknader, er gjennomføringsevne, geografisk fordeling og mangfald.

Forseinkingar som ikkje er avtalte, eller manglande rapport/rekneskap i tidlegare saker kor søkjaren har fått tildeling, vil bli vektlagt ved vurderinga av søknaden.

Kulturrådets overordna strategi

Sjå også lover og forskrifter som gjeld for Norsk kulturfond

Søknadane vert vurderte av Fagleg utval for rom for kunst og tverrfaglege tiltak

Utrekning av tilskot

Aspirantstipendet skal i sin heilskap gå til å løne ein aspirant i verksemda. Ein går ut frå at aspiranten vert tilsett på ordinære vilkår. Det skal utarbeidast ein arbeidsavtale, jfr. arbeidsmiljøloven. Feriepengar blir opparbeidde og skal utebetalast etter vedtektene i ferielova og det skal betalast arbeidsgjevaravgift. Desse kostnadane skal som eit minimum dekkjast av arbeidsgjevar.

Vilkår for utbetaling

Utbetaling

Utbetaling for aspirantordninga skjer i ei rate. Heile tilskotet vert utbetalt når søkjar har akseptert kontrakten.

Bortfall av tilskot - akseptfrist

Løyvet fell bort viss det ikkje er akseptert innan fristen som er fastsett av Norsk kulturråd. Eventuell utsetjing av akseptfristen føreset skriftleg søknad før utløpet av fristen.

Endringer i prosjektet

Vesentlege endringer i prosjektet, budsjett eller tidsplan må søkjast om skriftleg og godkjennast av Norsk kulturråd.

Tilbakebetaling av tilskot

Tilskotsmidlar som ikkje nyttast etter førestnadene, skal tilskotsmottakar betale tilbake til Norsk kulturråd.

Viss Norsk kulturråd finn at tilskot ikkje er nytta etter føresetnadane, at tilskotet er gitt på bakgrunn av urette opplysningar eller at det føreligg andre vesentlege brudd på vilkåra, kan Norsk kulturråd halde tilbake tilskot som ikkje er utbetalte, og krevje at utbetalte tilskot vert betalte tilbake.

Andre betingelser

Det skal gjerast kjent at prosjektet er støtta av Norsk kulturråd. Logo kan lastast ned frå Norsk kulturråds nettsider.

Norsk kulturråd føreset at verksemder honorerer kunstnarar og fagpersonar i tråd med gjeldande avtalar, vederlagsordningar og anbefalte satsar, der dette er relevant. Dette skal då framkome av rapport og rekneskap.

Rapportering

Alle som mottek tilskot frå Kulturrådet må senda inn rapport og rekneskap som syner korleis tilskotet har blitt brukt.

Rapport og rekneskap skal sendast til post@kulturradet.no.

Dersom tilskot vert innvilga vil tilskotsmottakar få tilsendt ein kontrakt for mottak av tilskot, der vilkåra for tilskotet og krav til rapportering står. Kontrakten må aksepterast via Altinn.

Dersom støtta ikkje vert brukt i tråd med føresetnadene, kan Kulturrådet krevja at midlane vert betalt tilbake.

Manglande rapportering kan få konsekvensar for nye tilskot.

Tilskotsmottakar skal, seinast innan tre månader etter sluttdatoen som er sett for prosjektet, sende inn rapport og rekneskap. Dersom det ikkje er avtalt utsetjing med Norsk kulturråd, gjeld sluttdatoen som er oppgitt i søknaden.