Søk støtte

 

ny norsk sakprosa for vaksne

Innkjøpsordning for:

ny norsk sakprosa for vaksne

Løpende søknadsfrist

Kulturrådet går over til søknadsskjema i Altinn. Her kan du lese om endringene dette medfører for deg.

Føremål

Føremålet med innkjøpsordninga for ny norsk sakprosa er at det blir skrive, gjeve ut, spreidd og lese ny norsk sakprosa av høg kvalitet.

Innkjøpsordninga garanterer forlaga eit minstesal på 773 eksemplar av bøker for vaksne (703 p-bøker og 70 e-bøker). Ordninga er selektiv, det vil seie at det er budsjettet som avgjer kor mange sakprosabøker som kan kjøpast inn årleg. Dei innkjøpte bøkene blir distribuerte til alle folkebiblioteka i landet.

Kva kan kjøpast inn?

Ordninga gjeld ny norsk sakprosa for vaksne, skriven i ei essayistisk, forteljande, resonnerande, opplysande eller argumenterande form, av ein eller fleire forfattarar og for eit allment publikum. Ordninga er regulert av retningsliner som søkjarane må setje seg inn i.

Kven kan søkje

Alle norske forlag/utgivarar kan søkje om innkjøp av bøker som kjem inn under ordninga, same år som boka blir gjeven ut. Kulturrådet krev ikkje innbetaling av gebyr for handsaminga av søknadene.

Sjå retningslinene for innkjøpsordning for ny norsk sakprosa for vaksne (pdf)

Les mer

Søknadsskjema

Ordninga har ikkje faste fristar. Søknaden skal sendast til Kulturrådet når manuset er ferdig språkvaska og korrekturlese. Vurderingsutvalet har åtte møte i året, og samlar før kvart møte opp manus som er sendt inn sidan førre møte.

Les utlysningsteksten og retningslinene for innkjøpsordning for ny norsk sakprosa for vaksne nøye før du begynner å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet. Pass også på å lese alle hjelpetekstane. Desse finn du i søknadsskjemaet, merka med «?». 

Har du problem med å registrere deg, logge deg på, velje skjema eller sende vedlegg? Sjå brukarstøtte og tips til søkjarar.

Vurdering av søknaden

Vurderingsutvalet for sakprosa vurderer dei innkomne manusa. Alle manus blir lesne av minst to medlemer, dei andre gjer ei oversynslesing. Vurderingsutvalet  har åtte møte i året og er vedtaksmyndig.

Sjå medlemer i Vurderingstvalet for sakprosa

Utvalet skal etter beste skjønn vurdere om ein tittel høyrer heime på ordninga og om ho har dei naudsynte litterære, språklege, innhaldsmessige og formidlingsmessige krava som gjeld for å få ei bok kjøpt inn. Utvalet kan velje å la ein tittel falle utanfor ordninga ved å vise til retningslinene, eller å utsetje søknadar til neste pulje eller til slutten av året. Utvalet arbeider innanfor årlege, faste budsjettrammer. Desse økonomiske omsyna avgjer kor mange titlar som kan kjøpast inn årleg.

Vurderingsutvalet har fem medlemer og to varamedlemer, alle er oppnemnde av Kulturrådet. Utvalet kan og knytte til seg ekstern konsulenthjelp i særskilde høve.

Levering og betaling for bøker

Levering

Når ein søknad er handsama av vurderingsutvalet, vil forlaget få melding om boka blir kjøpt inn eller ikkje. Dersom ho blir kjøpt inn, skal ho så raskt som mogleg, og seinast innan seks veker frå vedtaksdato, sendast til Biblioteksentralen til Kulturrådets fagadministrasjon og til medlemene i vurderingsutvalet.

Leveringsadresse for papirbøker som skal distribuerast til folkebiblioteka:

Biblioteksentralen
OrbitArena, avd. Eidsvoll
Trondheimsvegen 268
2070 Råholt

Biblioteksentralen ved underleverandøren Bibliotekenes IT-senter er ansvarleg for å ta imot e-bøkene frå forlaga, og skal syte for å levere dei vidare via dei utlånssystema som biblioteka nyttar.

Bibliotekenes IT-senter treng ein kontaktperson frå forlaget som er ansvarleg for overføringa. Denne kontaktpersonen skal ta kontakt med Bibliotekenes IT-senter: drift@bibits.no

Betaling

Kulturrådet betaler eitt beløp direkte til forlaget for heile innkjøpet. Pengane blir utbetalte når distributøren har gjeve beskjed til Kulturrådet om at dei har fått bøkene i både e- og p-format. Beløpet skal fordelast mellom forlag og forfattar på bakgrunn av sjangerspesifikke betalingstabellar. Beløpa i betalingsmodellen vil vere avhengig av budsjetthandsaminga i Stortinget og kan bli justert årleg.

MVA for e-bøker er ført opp i dei delane av betalingstabellen som inneheld e-bøker. MVA må komme fram på fakturaen frå forlaget.

Beløpet blir avkorta dersom forlaget ikkje leverer titlane i både p- og e-format (gjeld ikkje illustrerte bøker). For bøker på nynorsk kjem det eit tillegg i beløpet.

Betalingstabell

Standard bok – 703 p-bøker og 70 e-bøker

Format og målform Forfattar* Forlag  Faktura til Kulturrådet
Papirbok på bokmål 80 000 126 000 206 000
Både papirbok og e-bok på bokmål 80 000 160 000, hvorav kr 34 000 utgjør e-bokandel (6800 kr MVA) 240 000
Papirbok på nynorsk 85 000 136 000 221  000
Både papirbok og e-bok på nynorsk 85 000 170 000, hvorav kr 34 000 utgjør e-bokandel (6800 kr MVA) 255 000

Illustrert bok - 703 p-bøker

Format og målform Forfattar* Forlag  Faktura til Kulturrådet
Papirbok på bokmål 80 000 158 000 238 000
Papirbok på nynorsk 85 000 168 000 253 000

*Innbaka i honoraret frå innkjøpsordninga ligg det òg honorar til illustratør, fotograf og/eller andre opphavspersonar. Fordelinga av honoraret frå innkjøpsordninga mellom forfattar og annan/andre opphavsperson(ar) , følgjer det som er avtalt i kontrakten mellom forlaget og dei forskjellige opphavspersonane.