Søk støtte

 

Ny norsk skjønnlitteratur

Innkjøpsordning for:

Ny norsk skjønnlitteratur

Søknadsfrister

2/2 

2018 

kl. 13:00 

2/5 

2018 

kl. 13:00 

4/9 

2018 

kl. 13:00 

Kulturrådet går over til søknadsskjema i Altinn. Her kan du lese om endringene dette medfører for deg.

Føremål

Føremålet med innkjøpsordninga for ny norsk skjønnlitteratur er at det blir skrive, gjeve ut, spreidd og lese ny norsk skjønnlitteratur. Innkjøpsordninga garanterer forlaga eit minstesal på 773 eksemplar av bøker for vaksne (703 p-bøker og 70 e-bøker) og 1550 eksemplar av bøker for barn og unge (1480 p-bøker og 70 e-bøker). Med ein slik garanti for salet kan fyrsteopplaga bli større, og forlaga kan gi ut litteratur som det elles ikkje hadde vore så lett å publisere med tanke på salet på den kommersielle marknaden åleine. Kulturrådet stiller krav til kvaliteten på utgivinga, og innkjøpet skal samla sett bidra til at norsk litteratur blir publisert i stor breidde.

Under ordninga  kjøper Kulturrådet inn nye bøker innanfor sjangrane roman, novelle, kortprosa, lyrikk, dramatikk og biletbok for å gje dei vidare til norske folkebibliotek og til nokre undervisningsstader og bibliotek i utlandet. Desse bøkene kjem i tillegg til dei titlane biblioteka sjølve kjøper inn over eigne budsjett.

Kva kan kjøpast inn?

Ordninga gjeld ny norsk skjønnlitteratur, og er regulert av retningsliner som søkjarane må setje seg inn i.

Sjå retningsliner for innkjøpsordninga for skjønnlitteratur med vedlegg. (pdf)    

I kortform gjeld følgjande vilkår for at ei bok skal kunne bli kjøpt inn:

Ny litteratur:
  • Bøker utgitte av nolevande forfattarar. Ein forfattar kan i utgangspunktet berre melde på ei bok for vaksne og ei bok for barn og unge per kalenderår. Forlaget kan søkje dispensasjon frå denne regelen i forkant av den første utgivinga. Posthum-regelen seier at bøker av forfattarar som har døydd i løpet av dei fem siste åra, òg kan meldast på
  • Omarbeidingar av tidlegare utgitte bøker når dei står fram som i hovudsak nye verk. For dikt- og novellesamlingar kan under halvparten av innhaldet vere trykka tidlegare, men utgivinga skal vere eit heilskapleg litterært verk.
  • Dersom eit originalverk kjem ut som p-bok og e-bok innanfor same kalenderår, skal søknaden gjelde innkjøp av begge formata.
  • Gjendiktingar av lyrikk til norsk vert rekna som originalverk.
Norsk litteratur:
  • Bøker utgitte på bokmål, nynorsk og dialekt.
  • Bøkene kan vere omsette til norsk så lenge originalutgåva kjem ut i Noreg.
  • Tospråklege utgivingar på norsk og eit anna språk.
Skjønnlitteratur:
  • Ei utgiving skal vere eit heilskapleg skjønnlitterært verk. Dette gjeld også biletbøker og andre bøker med rikeleg visuelle innslag.
  • Romanar, noveller, kortprosa, lyrikk, biletbok, dramatikk, filmmanus og tv-manus.
  • Lettlest litteratur blir handsama som andre bøker under ordninga. Tilrettelagt litteratur for lesesvake (med enkelt innhald) vil ikkje bli handsama under ordninga. Søknader om støtte til slike verk blir handsama av Fagleg utval for litteratur. Forlaget skal nytte fristar og skjema for støtteordningen for litteraturprosjekt. Dersom ei bok får tilskot, vil forlaget og forfattaren få tilskot etter betalingsmodellane, og forlaget skal sende bøker til Biblioteksentralen som distribuerer vidare til norske folkebibliotek.
  • Ein forfattar kan i utgangspunktet berre ha påmeldt ei bok for vaksne og ei bok for born og unge til innkjøpsordninga kvart kalenderår. Forlaget må sende ein grunngjeve søknad om dispensasjon frå denne regelen i forkant av den første utgivinga. Tilrettelagt litteratur med enkel tekst kan vere ein grunn til å søkje dispensasjon frå einbokregelen.
Les mer

Søknadsskjema

Ein søknad består av elektronisk søknadsskjema og bok. Norske forlag kan søkje om innkjøp same år som ei bok blir gjeven ut. Søknadsskjemaet må sendast inn før boka kjem ut og innanfor desse fristane for at ho skal kunne bli vurdert for innkjøp:

  • (1). februar for bøker som kjem ut i perioden 1. januar til 30. april
  • (1). mai for bøker som kjem ut i perioden 1. mai til 31. august
  • (1). september for bøker som kjem ut i perioden 1. september til 31. desember

Sjekk nettsidene til kvar ordning for nøyaktig frist!

I søknadsskjemaet må du skrive inn namn på forfattar og redaksjonssjef eller tilsvarande. Dersom dette er same person, må eit vedlegg som dokumenterer at utgjevinga har gjennomgått ein uavhengig redaksjonell kvalitetskontroll følgje søknaden. Dokumentasjonen skal bestå av ei kort fråsegn frå konsulenten som skal ha gått gjennom manuskriptet før utgjevinga.

Som søkjar skal du velje ein av desse to kategoriane:

Kategori 1 

følgjer det automatiske prinsippet fullt ut, og forlaga kan førehandsfakturere bøker mot å sende dei til Kulturrådets distributør på datoen for utgjeving. Forfallsdato skal vere 30 dagar etter innsending. Sjå punktet om «Levering av og betaling for bøker» lenger nede på denne sida. Samstundes skal forlaget sende vurderingseksemplar til rett vurderingsutval. Adresser til vurderingsutvala ligg under overskrifta «Vurdering av søknaden». Dersom bøkene til Kulturrådet og vurderingsutvalet i tillegg til fakturaen ikkje er levert seinast 14 dagar etter datoen for utgjeving, blir påmeldinga annullert.

Kategori 2 

omfattar forlag som mot eit gebyr på kr 10 000 per bok ikkje ønskjer å sende bøker til Kulturrådets distributør før vurderingsutvalet har fatta vedtak. Kulturrådet sender faktura for innbetaling av vurderingsgebyret. På datoen for utgjeving må forlaget sende vurderingseksemplar av bøkene direkte til rett vurderingsutval. Adresser til vurderingsutvala finn du under overskrifta «Vurdering av søknaden». Forlag i kategori 2 skal óg sende eitt eksemplar til Kulturrådets administrasjon. Leveringsadresse er:

Innkjøpsordningen for skjønnlitteratur
Norsk kulturråd

Postboks 8052 Dep
0031 Oslo

Dersom tittelen blir innkjøpt, skal forlaga sende bøkene til Kulturrådets distributør innan 14 dagar. Sjå meir under «Levering og betaling for bøker».

Innanfor eitt kalenderår må eit forlag operere med same kategori for alle påmeldingar.

Dersom forlaget søkjer kategori 1, men i søknadsskjemaet markerer at boka er eit tvilstilfelle med tanke på sjanger eller primærmålgruppe, kan boka bli handsama på same måte som bøker utgjevne av kategori 2-forlag. Forlaget treng ikkje betale gebyr i slike tilfelle, og  skal sende boka til det utvalet det meiner er mest relevant. Utvalet kan så på eige initiativ sende boka til vurdering i eit anna utval.

Gjendikting

Når det gjeld gjendiktingar av lyrikk til norsk, skal forlaget sende eitt eksemplar av originalutgåva saman med eitt eksemplar av den norske versjonen til Kulturrådet, i tillegg til å sende eksemplara av den norske versjonen til medlemene av vurderingsutvalet. Dette gjelder for begge kategoriar forlag.

Les utlysningsteksten og retningsliner for innkjøpsordninga for skjønnlitteratur med vedlegg nøye før du begynner å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet. Pass også på å lese alle hjelpetekstane. Desse finn du i søknadsskjemaet, merka med «?». 

Har du problem med å registrere deg, logge deg på, velje skjema eller sende vedlegg? Sjå brukarstøtte og tips til søkjarar.

Tilrådde nettlesarar

For at skjemaet skal vere mest mogleg brukarvenleg tilrår vi følgjande nettlesarar: MAC = Safari 6 eller nyare. PC = Internet Explorer 9 eller nyare

 

Søknadsskjemaer blir tilgjengelige cirka en måned før neste søknadsfrist.

Vurdering av søknaden

Det er oppnemnd fire vurderingsutval som les dei påmelde bøkene innanfor kvar sjanger:

Vurderingsutvala har minst fire medlemer som er oppnemnde av Norsk kulturråd for to år av gongen med mogleg gjenoppnemning. Utvala skal representere ei breidde i litteratursyn og kunnskap om ulike sjangrar. I tillegg skal kvart utval ha ein suppleant som kan tre inn dersom det ordinære utvalet meiner det er tvil om kvaliteten på tittelen. Utvala kan òg innhente faglege konsulentfråsegner. Når det gjeld gjendiktingar av lyrikk til norsk, hentar Kulturrådet inn ei konsulentfråsegn på den språklege attgjevinga til norsk.

Det aktuelle vurderingsutvalet les bøkene etter kvart som dei mottar dei, og har møter med jamne mellomrom.

Vurderingsutvala skal mellom anna leggje vekt på om utgjevinga:

  • er eit heilskapleg litterært verk
  • inneheld dei naudsynte kunstnariske, språklege og handverksmessige kvalitetane
  • har vore gjennom eit naudsynt redaksjonelt arbeid

Rutiner etter innkjøp

Bøker frå forlag i kategori skal leverast til Kulturrådet på utgivingsdato. Bøker frå forlag i kategori 2 skal eventuelt leverast etter melding om at boka er innkjøpt. Sjå meir under «Søknadsskjema, søkjarkategoriar og innsending av bok».

Levering av trykte bøker

Bøker med vaksne som målgruppe skal leverast i 703 eksemplar. Bøker med barn og unge som målgruppe skal leverast i 1480 eksemplar. I begge høve skal bøkene sendast til Biblioteksentralen, som sørgjer for sende dei ut til norske folkebibliotek. Barne- og ungdomsbøker blir i nokre høve sendt vidare til skulebibliotek.

Leveringsadresse til Biblioteksentralen er:

Biblioteksentralen
OrbitArena, avd. Eidsvoll
Trondheimsvegen 268
2070 Råholt

Levering av e-bøker

Dersom tittelen óg er kjøpt inn som e-bok, har Kulturrådet rett til å gjere denne tilgjengelig for folkebiblioteka i totalt 70 lisensar. Lisensane blir fordelt på fylkesnivå.

Biblioteksentralen ved underleverandøren Bibliotekenes IT-senter er ansvarleg for å ta imot e-bøkene frå forlaga, og skal syte for å levere dei vidare via dei utlånssystema som biblioteka nyttar.

Bibliotekenes IT-senter treng ein kontaktperson frå forlaget som er ansvarleg for overføringa. Dette bør være same kontaktperson som er oppgitt i søknadsskjemaet til Kulturrådet. Kontaktpersonen må henvende seg til Bibliotekenes IT-senter på drift@bibits.no

Betaling

Forlaget skal sende faktura til Kulturrådet for kvar innkjøpte tittel. Bøker (både trykte bøker og e-bøker) må være leverte hos Biblioteksentralen før forlaget sender faktura, og forfallsdato skal vere 30 dagar.

Faktura må sendast elektronisk i EHF-format. Elektronisk fakturaadresse til Kulturrådet er organisasjonsnummeret 891 991 762. Elektronisk faktura er ikkje pdf-fil i epost eller link til fakturahotell. For meir informasjon om EHF-faktura, sjå  www.dfo.no/efb

Fakturaen må innehalde følgjande informasjon:

  • Prosjektnummer frå Kulturrådet
  • Kva for ein innkjøpsordning boka er meldt på
  • Kva forlagskategori forlaget høyrer til (1 eller 2)
  • Namn på forlag, forfattar og tittel
  • Målgruppe: Vaksne eller barn og unge
  • Målform: Bokmål eller nynorsk
  • Sjanger: Prosa, lyrikk, dramatikk eller bildebok
  • ISBN-nummer for trykt bok
  • Evt. ISBN-nummer for e-bok
  • Evt. spesifisering av MVA for innkjøp av e-bøker
  • Beløp for innkjøp av trykt bok, evt. innkjøp av e-bok (med spesifisert MVA) og forfattarroyalty

Kulturrådet har standardsatser for innkjøp, og fakturaen skal innehalde inntil tre spesifiserte posteringar:

1) Innkjøp av 703 eller 1480 trykte eksemplar

Alle titlar for vaksne blir kjøpt inn i 703 eksemplar og for barn og unge i 1480 eksemplar. I tillegg til antall eksemplar, kjem beløpet óg an på kva for målform boka er skreve på og kva sjanger ho høyrer til. Med bildebok meiner Kulturrådet ei bok der innhaldet berre blir formidla gjennom illustrasjonar (tekstløs bildebok) eller ei bok der det er illustrasjonar på kvart oppslag, og der dei til saman utgjer minst 50 prosent av omfanget.

Dei ulike beløpa kjem fram i følgjande tabell:

Målgruppe Sjanger Målform Beløp
Vaksne Prosa Bokmål og nynorsk 116 000
Vaksne Lyrikk Bokmål og nynorsk 82 000
Vaksne og barn og unge Dramatikk Bokmål og nynorsk 73 500
Vaksne Bildebok Bokmål og nynorsk 105 000
Barn og unge Prosa og lyrikk Bokmål 135 000
Barn og unge Prosa og lyrikk Nynorsk 145 000
Barn og unge Bildebok Bokmål 130 000
Barn og unge Bildebok Nynorsk 140 000


2)  Innkjøp av av 70 e-boklisensar, spesifisert med MVA

Dersom forlaget har søkt om innkjøp av e-bok, vil Kulturrådet automatisk også kjøpe ho inn i dette formatet. For 70 e-boklisensar betaler Kulturrådet ulike beløp, avhengig av målgruppe og sjanger. Meirverdiavgift (MVA) må spesifiserast på fakturaen. Følgjande tabell viser dei ulike beløpa:2) Innkjøp av av 70 e-boklisensar, spesifisert med MVA
 

Målgruppe Sjanger Beløp Andel av beløp som utgjer MVA
Vaksne Prosa 34 000 6800
Vaksne Lyrikk 25 500 5100
Vaksne og barn og unge Dramatikk 23 000 4600
Barn og unge Prosa og lyrikk 13 500 2700

 

3) Forfattarrotyalty

Forfattaren skal ha utbetalt forfattarroyalty via forlaget. Storleiken på forfattarroyaltyen kjem an på målgruppe, sjanger og målform. Dei ulike beløpa kjem fram i følgjande tabell:

Målgruppe Sjanger Målform Beløp
Vaksne Prosa og bildebok Bokmål og nynorsk 80 000
Vaksne Lyrikk Bokmål og nynorsk 72 000
Vaksne og barn og unge Dramatikk Bokmål og nynorsk 57 000
Barn og unge Prosa, lyrikk og bildebok Bokmål 100 000
Barn og unge Prosa, lyrikk og bildebok Nynorsk 105 000


Eit døme på oppsett av faktura:

Innbaka i forfatteroyaltyen ligg det òg eventuelle honorar til illustratør, fotograf og/eller andre opphavspersonar. Eventuell fordeling av honorar frå innkjøpsordninga følgjer det som er avtalt i kontrakten mellom forlaget og dei forskjellige opphavspersonane.

IO-100
Innkjøpsordninga for skjønlittereratur 
Forlagskategori 1
Forlaget Bok
Mikkel Bekk: Vi spiste mat
Målgruppe: Barn og unge
Sjanger: Lyrikk
Målform: Nynorsk 
ISBN trykt bok: 123-45-678-9101-1
ISBN e-bok: 123-45-678-9101-2

M. Bekk: Vi spiste mat – 1480 trykte bøker barn og unge, lyrikk, nynorsk        145000
Mikkel Bekk: Vi spiste mat – 70 e-bøker (MVA 2700 kr)                                   13500
Forfattarroyalty Mikkel Bekk                                                                               105000
TOTALT                                                                                                                  263500
Inkl. MVA                                                                                                                2700