Søk støtte

 

Nye norske teikneseriar

Innkjøpsordning for:

Nye norske teikneseriar

Søknadsfrister

2/5 

2018 

kl. 13:00 

4/9 

2018 

kl. 13:00 

Kulturrådet går over til søknadsskjema i Altinn. Her kan du lese om endringene dette medfører for deg.

Føremål

Føremålet med innkjøpsordninga er at det blir skapt, gjeve ut, spreidd og lese nye norske teikneseriar av høg kvalitet.  

Ordninga garanterer forlaga eit minstesal på 1 480 eksemplar for barne- og ungdomstitlar og  titlar for 703 eksemplar av titlar for vaksne. Ordninga er såkalla selektiv, det vil seie at det er budsjettet som avgjer kor mange bøker som kan kjøpast inn årleg. 

Dei innkjøpte bøkene sendast til folke- og skulebiblioteka og til nokre mottakarar i utlandet. Publikum kan slik gjere seg kjent med ei rekke av dei nye norske teikneserieutgivingane kvart år.        

Kva kan kjøpast inn?

Ordninga gjeld nye norske teikneseriar. Med «teikneserie» meinast her fysiske publikasjonar kor teikningar eller andre grafiske element i sekvens formidlar ein bodskap eller fortel ei historie. Utgjevinga skal framstå som eit heilskapleg verk, og teikneseriesekvensar skal vere det bærande elementet. Ein serieskapar kan i utgangspunktet berre ha påmeldt ei bok for vaksne og ei bok for barn og unge til innkjøpsordninga kvart kalenderår.

Ordninga er regulert av retningsliner som søkjarane må setje seg inn i.

Kven kan søkje?

Norske utgjevarar kan søkje om innkjøp same år som teikneserien blir gjeven ut. 

Retningsliner for innkjøpsordning for nye norsk teikneseriar

Les mer

Søknadsskjema

Ein søknad består av søknadsskjema og bok. Norske forlag kan søkje om innkjøp same år som ei bok blir gjeven ut, og det skal sendast inn eit skjema for kvar bok. 

I søknadsskjemaet må du skrive inn namn på serieskapar og redaksjonssjef eller tilsvarande. Dersom dette er same person, må eit vedlegg som dokumenterer at utgjevinga har gjennomgått ein uavhengig redaksjonell kvalitetskontroll følgje søknaden. Dokumentasjonen skal bestå av ei kort fråsegn frå konsulenten som skal ha gått gjennom manuskriptet før utgjevinga.

For bøker som kjem ut mellom 1. januar og 31. mai, er søknadsfristen i byrjinga av mai. For bøker som kjem ut mellom 1. juni og 31. desember, er søknadsfristen i byrjinga av september. Ei bok som vert påmeldt til fristen i mai, må ettersendast innan 31. mai. Ei bok som vert påmeldt til fristen i september, må ettersendast innan 31. desember. 

Fire eksemplar av ferdige bøker skal sendast til:

Norsk kulturråd
Postboks 8052 Dep
0031 Oslo

Om boka er ferdig trykt på søknadstidspunktet, skal ho sendast, i fire eksemplar, samstundes som skjemaet. Om ikkje, kan ho ettersendast. Då skal ein kopi av søknadsskjemaet leggjast ved.

Les utlysningsteksten og Retningsliner for innkjøpsordning for nye norsk teikneseriar  nøye før du begynner å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet. Pass også på å lese alle hjelpetekstane. Desse finn du i søknadsskjemaet, merka med «?». 

Har du problem med å registrere deg, logge deg på, velje skjema eller sende vedlegg? Sjå brukarstøtte og tips til søkjarar.

Tilrådde nettlesarar

For at skjemaet skal vere mest mogleg brukarvenleg tilrår vi følgjande nettlesarar: MAC = Safari 6 eller nyare. PC = Internet Explorer 9 eller nyare

Søknadsskjemaer blir tilgjengelige cirka en måned før neste søknadsfrist.

Vurdering av søknaden

Påmeldte titlar som innfrir dei formelle krava, blir behandla av Kulturrådets vurderingsutval for teikneseriar. Vurderingsutvalet består av tre medlemer. Innkjøpsordninga for nye norske teikneseriar er ein selektiv ordning. Kor mange titlar som kan kjøpast inn, vert bestemt av det årlege budsjettet og vurderingsutvalets vurderingar av kvar enkelt tittel.

I diskusjonane om kvalitet skal utvalet blant anna leggje vekt på om dei påmeldte utgjevingane

  • framstår som eit heilskapleg verk
  • har tilstrekkelege kunstnariske og/eller språklege og handverksmessige kvalitetar
  • har vore underlagt eit nødvendig redaksjonelt arbeid

Utvalet er delegert vedtaksmyndigheit frå Kulturrådet. Ved avslag blir det ikkje gjeve annan grunngjeving enn at boka ikkje er prioritert innanfor budsjettramma.

Levering og betaling for bøker

Når ein søknad er handsama av vurderingsutvalet, vil forlaget få melding om boka blir kjøpt inn eller ikkje. Dersom ho blir kjøpt inn, skal ho så raskt som mogleg, og seinast innan seks veker frå vedtaksdato, sendast til Kulturrådets tenesteleverandør Biblioteksentralen. Antal eksemplar som blir kjøpt inn, og beløp kjem av på kva målgruppe boka henvender seg til og kva målform ho er skreve på.

Levering av bøker:

Bøkene skal leverast til Biblioteksentralen, som sørger for å sende bøkene ut til norske folkebibliotek.

leveringsadressa er:

Biblioteksentralen   
OrbitArena, avd. Eidsvoll
Trondheimsvegen 268  
2070 Råholt

Betaling

Forlaget skal sende faktura til Kulturrådet for kvar innkjøpte tittel. Bøker må være leverte hos Biblioteksentralen før forlaget sender faktura, og forfallsdato skal vere 30 dagar.

Faktura må sendast elektronisk i EHF-format. Elektronisk fakturaadresse til Kulturrådet er organisasjonsnummeret 891 991 762. Elektronisk faktura er ikkje pdf-fil i epost eller link til fakturahotell. For meir informasjon om EHF-faktura, sjå Elektronisk faktura for statlige virksomheter, Direktoratet for økonomistyring

Kulturrådet betaler eitt beløp direkte til forlaget for heile innkjøpet. Beløpet skal fordelast mellom forlag og forfattar på bakgrunn av målgruppespesifikke betalingstabellar. Beløpa i betalingsmodellen vil vere avhengig av budsjetthandsaminga i Stortinget og kan bli justert årleg.

Fakturaen må innehalde følgjande informasjon:

· Referansenummer i Altinn

· Kva for ein innkjøpsordning boka er kjøpt inn under

· Namn på forlag, forfattar og tittel

· Målform: Bokmål eller nynorsk

· ISBN-nummer for trykt bok

· Beløp for innkjøp av bok og forfattarroyalty

Eit døme på oppsett av faktura:

Referansenummer i Altinn: AR123456789
Innkjøpsordninga for nye norske tegneseriar
Forlaget Bok
Mikkel Bekk: Kål og løk ruller igjen
Målgruppe: Barn og unge
Målform: Nynorsk
ISBN trykt bok: 123-45-678-9101-1

Bekk: Kål og løk ruller igjen – 1480 trykte bøker barn og unge, nynorsk 140 000
Forfatterroyalty Wellbeck 105 000

TOTALT 245 000

Betalingstabellar

Kulturrådet har standardsatser for innkjøp, og dei ulike beløpa kjem fram i følgjande tabell:

Teikneseriar for vaksne  – 703 p-bøker
Målform Serieskapar* Forlag  Faktura til Kulturrådet
Bokmål og nynorsk 80 000 105 000 185 000
       
Teikneseriar for barn og unge  - 1480 p-bøker
Målform Serieskapar* Forlag  Faktura til Kulturrådet
Bokmål 100 000 130 000 230 000
Nynorsk 105 000 140 000 245 000

*Dersom fleire enn ein serieskapar (teiknarar/forfattarar) har bidratt til verket, skal beløpet fordelast etter same fordelingsnøkkel som er brukt i kontrakten inngått mellom forlag og opphavspersonar.

Særskilte betalingsbestemmelsar

For nokre bøker kan vurderingsutvalet vedta å tilby utgjevaren eit lågare beløp for innkjøp enn det som er oppgjeve i betalingstabellane. Dette vil kunne skje for to kategoriar av bøker:

a) lite kostnadskrevjande utgjevingar og b) antologiar/samleutgjevingar.

  • For lite kostnadskrevjande publikasjonar, kan utgjevaren bli tilbode lågare betaling for eit innkjøp. Vurderingsutvalet vil i desse tilfella fastsetje ein innkjøpspris og ei fordeling mellom utgjevar og  serieskapar(ar). Ei utgjeving kan falle i kategorien «lite kostnadskrevjande» dersom:
    • ho har eit totalt sidetal under 48 sider, og/eller
    • kostnadene for å trykkje opp det fastsette talet på eksemplar for innkjøp ligg vesentleg under kostnadene for standardutgjevingar. Om ein publikasjon har eit totalt sidetal under 48 sider og/eller har ei utforming som gjer at han framstår som lite kostnadskrevjande å trykke, kan utgjevar legge ved dokumentasjon av produksjonskostnader, som eit grunnlag for utvalets vurdering av om punkt ii) er oppfylt.

b) For antologiar/samleutgjevingar kor meir enn 50 % av innhaldet har vore publisert tidlegare eller kor utgjevar ikkje har gjort avtale om honorar/royalty til serieskapar(ar), kan utgjevar bli tilbode lågare betaling for eit innkjøp. Vurderingsutvalet vil i desse tilfella fastsetje ein innkjøpspris og ei fordeling mellom utgjevar og serieskaper(ar).