Hopp til innhold

Søk støtte

Prøveordning

Innkjøpsordning - Omsett sakprosa (Avslutta)

Se vedtakslister

Prøveordning i 2013 og 2014

Frå og med 2016 gjeld nye retningsliner for Innkjøpsordninga for omsett litteratur. Det er innført ei felles ordning for skjønnlitteratur og sakprosa, med felles retningsliner og vurderingskriterium.

Sjå Innkjøpsordning for omsett litteratur.

Åpne alle

Tidligere utlysningstekst

Føremål

Forsøksordninga med innkjøp av omsett sakprosa skal stimulere til utgiving, spreiing og lesing av omsette bøker frå all verdas språk til godt norsk. Bøkene som blir kjøpte inn, kjem fram til lesarane gjennom utlån i norske folkebibliotek.
Desse bøkene kjem i tillegg til dei titlane biblioteka sjølve kjøper inn over eigne budsjett. Innkjøpsordningane blir regulerte av retningsliner, òg kalla avtaler, om praktisering av ordningane.

Sikre utgiving av bøkene

Innkjøpsordninga for omsett sakprosa garanterer forlaga eit minstesal på 500 eksemplar av dei innkjøpte omsetjingane. Ordninga er såkalla selektiv, det vil seie at det er budsjettet som avgjer kor mange omsette bøker som kan kjøpast inn årleg. Kulturrådet tar sikte på å kunne kjøpe inn ca 10 i året.

Sikre tilgang til bøkene

Dei innkjøpte omsetjingane blir sende i 500 eksemplar, eitt til kvart hovudbibliotek, men med nokre fleire eksemplar til biblioteka i dei største byane. Publikum kan slik gjere seg kjent med mange interessante utgivingar frå ei rekkje ulike språkområde og kulturar.


Sikre omsetjarane betre inntekter
Norsk kulturråd betaler ein ekstra bonus til omsetjarane av dei bøkene som vert kjøpte inn. Honorarbonusen er på 25 % av omsetjarhonoraret som forlaget har betalt. Slik hjelper ordninga til å betre dei økonomiske kåra for omsetjarane.

Kva kan få støtte?

Prøveordninga gjeld sakprosabøker i ein essayistisk, fortellande, resonnerande eller argumenterande form, skrivne av ein eller fleire forfattarar. Dei omsette titlane skal skilje seg ut gjennom å ha høy kvalitet litterært, og på språk og innhald og formidling. Dei skal rette seg til eit bredt publikum og vere egna til å gje kunnskap, innsikt, stimulere fagleg interesse og/eller gjere samfunnsdebatten rikare.

Som ny omsett sakprosa gjeld bøker som er utgjeve på originalspråket etter år 2000, og som ikkje er revisjonar av bøker utkomne før dette. Bøkene skal vere primæromsett til
bokmål eller nynorsk og verte utgjeven av norsk forlag for fyrste gong.

Ei spesiell gruppe bøker kjem inn under det som blir kalla Mosaikk-programmet. Dette gjeld bøker som blir omsette frå afrikanske og asiatiske språk (med unntak av russisk og kolonispråka). For slike bøker betalar Kulturrådet både kjøp av 500 eksemplar, heile omsetjarhonoraret og bonusen til omsetjaren.

Kven kan søkje

Alle norske forlag/utgivarar kan søkje om innkjøp av bøker som kjem inn under ordninga.  Det er som hovudregel berre rom for innkjøp av ei bok pr forfattar pr år. På denne ordninga gjer ikkje Kulturrådet noko skilje mellom medlemer av Forleggjarforeningane og uorganiserte forlag i vilkåra for levering av bøker.

Avtalepartar

Avtala om reglar for ordninga er komen i stand i drøftingar mellom Norsk Oversetterforening, Den norske Forleggerforening, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, Nasjonalbiblioteket og Norsk kulturråd.

Vurdering av søknaden

Vurderingsutvalet

Vurderingsutvalet for omsett litteratur les dei innsende bøkene. Vurderingsutvalet har tre medlemar med personlege varamedlemar. Alle er oppnemnde av Norsk kulturråd etter framlegg frå avtalepartane for ordninga. Medlemane har ein funksjonsperiode på to år med moglegheit for gjenoppnemning to gonger, maksimum seks år. Vurderingsutvalet er vedtaksmyndig.

Vurdering

Forlaga skal søkje om innkjøp på grunnlag av ferdig trykte bøker. Utvalet skal etter beste skjønn vurdere om bøkene er kvalitativt litterært gode, om dei er interessante for eit norsk publikum og om dei er viktige eller aktuelle. Om boka fyller eit hol i omsetjingslitteraturen med omsyn til tida ho er utgitt i og/eller språk-/landområdet ho kjem frå, tel og med i vurderinga. Utvalet kan velje å la ei bok falle utanfor ordninga ved å vise til avtalen § 4, eller å utsetje bøker til neste søknadsbehandling. Utvalet arbeider innanfor årlege, faste budsjettmessige rammer. Desse økonomiske omsyna avgjer kor mange titlar som kan kjøpast inn årleg.

Alle søkjarar får tilsendt eit brev innan to veker etter at vedtaka er fatta.

Alle avslag blir grunngjevne med budsjettrammene eller retningslinene. Det er ikkje høve til å klage på det faglege skjønnet som er gjort, berre på feil i saksbehandlinga.

Rutiner etter innkjøp

MERK: Ny leveringsadresse for papirbøker som skal distribuerast til biblioteka:

Biblioteksentralen v/Orbit Arena
Prestmosvegen 6 
2030 Nannestad

Økonomiske rutinar 

Forlag som har fått melding om at ei bok er kjøpt inn, kan sende inn økonomiske krav samstundes med at bøkene blir leverte til distributøren.

For kvart einskild innkjøp skal forlaget levere faktura for innkjøpet av 500 eksemplar

Faktura for innkjøpet:
Kulturrådet kjøper inn bøkene til utsalspris i bokhandel minus 42,5  % kvantumrabatt og 2 % kontantrabatt (samla rabatt er 43,65 %). På fakturaen forlaget sender til Norsk kulturråd, skal utrekninga av beløpet for innkjøp bli vist, og informasjon om forfattar, tittel, forlag og talet på leverte eksemplar skal gå fram.

Faktura med krav om refusjon av omsetjarhonoraret for bøker innkjøpte under Mosaikk-programmet:
For ei innkjøpt Mosaikk-bok kan forlaget sende inn ein faktura pålydande heile omsetjarhonoraret. Det må samstundes sendast inn to eksemplar av ferdigtrykt bok og opplysningar om kva omsetjaren har fått utbetalt (sjå honorarbonus under).

Honorarbonus:
Forlaget skal sende inn opplysningar om utbetalt honorar til omsetjaren og opplysningar om utbetalt honorar til omsetjarane og adresse, personnr og bankkontonr for dei omsetjarane som ikkje er medlemer av Norsk Oversetterforening.