Søk støtte

 

Prosjekt­støtte

kulturvern:

Prosjekt­støtte

Søknadsfrist

5/12 

2017 

kl. 13:00 

Formål

Formålet med ordninga er å stimulere til prosjektbasert arbeid med innsamling, dokumentasjon, bevaring og formidling av materiale som utgjer grunnlaget for auka kunnskap om historie, kunst, kulturar og samfunnsliv i Noreg fram til i dag.

Kva kan få støtte

Hovudtyngda av tilskott til kulturvernsformål innan Kulturfondet går til innsamling, dokumentasjon og formidlingstiltak. Dokumentasjon og innsamling kan til dømes vere intervju med informantar eller innsamling av materielt og immaterielt kjeldemateriale. Mykje av støtta til formidlingstiltak går til utstillingar og dokumentarfilm. Det blir også gitt støtte til bevaring og fysisk sikring av spesielt utsatt historisk/kulturhistorisk materiale, slik som fotografi og lydopptak.

Merk at det for søknader om støtte til dokumentarfilm er det knytt særskilte føresetnader og krav til innhald og vedlegg, sjå under Krav til søknader. Det blir ikkje gitt tilskott til:

  • bevaring og antikvarisk istandsetting av verneverdige og freda bygningar
  • bevaring og antikvarisk istandsetting av fartøy
  • ordinær drift av institusjonar og organisasjonar, dekking av underskott, årvisse tiltak, reiseverksemd, student- og utdanningstiltak, stipend

Her finn du retningsliner for ordninga.(pdf)

For søknad om støtte til faglitteratur innan kulturvernsfeltet, sjå Støtteordning for Faglitteratur kulturvern

Kven kan søkje

Privatpersoner, private og offentlege institusjonar og andre verksemder kan søkje. Institusjonar med fast årleg statstilskot vert normalt ikkje løyvd støtte frå Norsk kulturfond. Unntak kan vurderast for å framme institusjonanes samarbeid med det frie feltet, jf. retningslinene for ordninga.

Les mer

Krav til søknaden

Les også hjelpetekstane i skjemaet. Desse er merkte med «?».

Særskilde krav til søknader om støtte til dokumentarfilm

Det blir gjeve prosjektstøtte berre til produksjonsfasen. Det blir ikkje gjeve støtte til utviklings- eller etterarbeidsfasen.

Søknader om støtte til produksjonsfasen skal innehalde:

  • directors intention
  • plan for formidling, distribusjon og etterbruk
  • plan for bevaring av råopptak
  • garanti for at 20 % av kostnadane allereie er finansiert

Til søknader om støtte til produksjonsfasen må det leggjast ved:

  • manus/synopsis og/eller pilot
  • budsjettoppsett tilsvarande krav frå NFI

Søknadsskjema

Les utlysingsteksten nøye før du begynner å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet. 

Har du problem med å logge deg på eller sende vedlegg? Sjå Tips til søkere.

Du kan søkje støtte frå støtteordninga ein gong for kvart prosjekt.

Anbefalte nettlesere

For best mulig brukervennlighet i skjemaet anbefaler vi at du benytter følgende nettlesere: MAC = Safari 6 eller nyere. PC = Internet Explorer 9 eller nyere.

Utenlandsk søker/Foreign applicant

Har du ikke norsk fødselsnummer eller D-nummer, må du kontakte support senest 14 dager før søknadsfrist. If you do not have a Norwegian social security number or D-number, contact support@kulturradet.no no later than 14 days before application deadline.

Vurdering av søknaden

I vurderinga av søknadene blir det lagt overordna vekt på prosjektas historie- og kulturvernfaglege forankring, profesjonalitet og kvalitet. Kulturrådet legg særleg vekt på å stimulere fagleg forankra dokumentasjon og formidling av tema og fenomen som har fått lite merksemd. Kulturrådet er òg opptatt av at tiltakas tematiske orientering har relevans i lys av aktuelle debattar i samtida.

Prosjekta sin relevans i forhold til ordningas formål og Kulturrådets strategi blir også vurdert. Andre hensyn i den samla prioriteringa av søknader er geografisk fordeling og relevans i ein multikulturell samfunnskontekst.

Søknadene blir vurdert av Fagleg utval for kulturvern som gjer sine vurderingar på grunnlag av fagleg skjønn i samsvar med støtteordningas formål og Kulturrådets områdeplan for kulturvern.

Kulturrådet mottek langt fleire søknader enn det er midlar til. Det vil seie at råd og utval ofte må gjere krevjande prioriteringar, som medfører at også prosjekt som blir vurdert som gode vil få avslag eller lågare støtte enn omsøkt.

Søknad til Kulturrådet må sendast inn før prosjektet blir satt i gang.

Kulturrådet fullfinansierer normalt ikkje prosjekt, og det er ein føresetnad at søkjar budsjetterer med andre finansieringskjelder. For denne ordninga kan Kulturrådet normalt støtte inntil 30 % av prosjektets totalkostnad, unntaksvis inntil halvparten dersom tiltaket fell innafor prioriterte område i Kulturrådets strategi for kulturvernområdet.

Det er normalt ikkje rom for å søkje støtte til same prosjekt meir enn ein gong innafor same budsjettår.

Rapportering og regnskap

Det skal gjøres kjent at prosjektet er støttet av Kulturrådet. Logo kan lastes ned her.

Sjå retningsliner for prosjektstøtte kulturvern.

Utbetaling for prosjektstøtte kulturvern skjer i ratar. Dei første 80 prosent av tilskotet vert utbetalt når søkjar har akseptert kontrakten. Dei resterande 20 prosent vert utbetalt når Norsk kulturråd har godkjent rapport og rekneskap, sjå §12 i retningslinene.

Viss tildelinga ikkje er akseptert innan fristen som er fastsett i kontrakten, vil tildelinga falle bort. Eventuell utsetjing av akseptfristen føreset skriftleg søknad før fristens utløp.

Tilskot over kr 200 000 skal reviderast av statsautorisert revisor eller registrert revisor. Dette gjeld også viss prosjektet er gitt tilskot frå fleire ordningar og tilskota til saman utgjer over kr 200 000. Institusjonar og organisasjonar som nyttar kommunerevisjon eller anna offentleg revisjonsorgan, skal levere rapport frå kommunerevisjon eller anna offentleg revisjonsorgan.

Norsk kulturråd kan stille særskilte krav til type revisjon i kontrakten.

Vesentlege endringar i prosjektet, budsjett eller tidsplan må søkjast om skriftleg og godkjennast av Norsk kulturråd.

Tilskotsmottakar skal seinast tre månader etter sluttdatoen som er satt for prosjektet, sende inn rapport og rekneskap. Viss det ikkje er avtalt utsetjing med Norsk kulturråd, gjeld sluttdatoen som er oppgjeve i søknaden.

Den faglege rapporten skal gjere greie for gjennomføringa av prosjektet sett i høve til prosjektbeskrivinga og vilkår for tilskotet.

Presseomtale og publikums-/ deltakartal skal tas med der det er relevant.

Rekneskapen skal vise korleis tilskotet er brukt og settast opp slik at han kan samanliknas med innsendt budsjett. Tilskot frå Norsk kulturråd og andre offentlege tilskotsytarar skal spesifiserast. Bilag må kunne leggast fram viss spurt etter. Avvik på meir enn 10 prosent mellom rekneskapen og budsjettet som låg til grunn for tilskotet, skal kommenterast.

Norsk kulturråd kan stille særlege vilkår til rapport og rekneskap i kontrakten.

Tilskot frå Norsk kulturfond utbetalast i ratar. Ved manglande innsending av rapport/rekneskap innan fastsatt frist, vil den delen av tilskotet som ikkje er utbetalt, bli heldt tilbake. Den delen av tilskotet som er heldt tilbake, vil då kunne bli tilbakeført til Norsk kulturfond.

Tilskotsmidlar som ikkje nyttast etter føresetnadene, skal tilbakebetalast til Norsk kulturråd.

Viss Norsk kulturråd avdekker at tilskotet ikkje er nytta etter føresetnadene, at tilskotet er gitt på bakgrunn av urette opplysningar eller at det føreligg andre vesentlege brot på vilkåra, kan Norsk kulturråd holde tilbake tilskot som ikkje er utbetalt, og krevje at utbetalte tilskot betalast tilbake.

Tilskotsmottakar plikter å leggje fram etterspurt dokumentasjon, viss Norsk kulturråd krev det i samband med evaluering av prosjektet.

Det skal gjerast kjent at prosjektet er støtta av Norsk kulturråd. Logo kan lastast ned frå Norsk kulturråd sine nettsider.

For tilskot til prosjekt der det skjer sal av billettar er det ein føresetnad for tilskotet at alle som har prov for at dei er følgje til ein funksjonshemma person, skal ha rett til gratis billett eller ein billett med rabatt som gjer at samla pris ikkje overstig prisen for ein vanleg billett.

Kulturrådet legg til grunn at verksemder gjev honorar til kunstnarar og fagpersonar i tråd med gjeldande avtalar, vederlagsordningar og tilrådde satsar, der dette er relevant. Dette skal då framkomme i rapport og rekneskap.

Korleis sende inn rapporten?

Alle tilskottsmottakarar som aksepterer si kontrakt etter 2. november 2017, skal rapportere via Altinn.

Du vil få to varsel om rapportering. Det første kjem to månader før rapporteringsfristen og det andre to veker før fristen. Begge kjem i di meldingsboks i Altinn. Dersom du ikkje rapporterer innan fristen, fell resten av tilskottet bort automatisk. Les artikkel om strengare oppfølging.

Dersom du har behov for å utsetje ein rapporteringsfrist, ta kontakt med sakshandsamar i god tid før fristen slik at vi kan vurdere utsetjing. Om du ventar til rapporteringsfristen har gått ut vil eventuelle attståande midlar automatisk bli trekt tilbake. Også allereie utbetalte midlar kan bli krevd tilbakebetalt. Ikkje utbetalte midlar vil bli tilbakeført til Kulturfondet, og kjem annan kunst og kultur til gode.

Tilskottsmottakarar som har akseptert kontrakt før 2. november 2017, skal, som tidlegare, sende rapportdokumenta på epost til post@kulturradet.no med referanse til prosjektnummer.