Tverrfaglig

Tverrfaglig

Aktuelt

Vil ha meir kulturkritikk

Fra Verdensteatrets produksjon And all the questionmarks started to sing, 2011. Foto: Verdensteatret.

Fra Verdensteatrets produksjon And all the questionmarks started to sing, 2011. Foto: Verdensteatret.

Ei ny utlysing til kunst- og kulturkritikk er på trappene. Denne gongen blir etablerte plattformer og samarbeid prioritert.

- Kva er poenget med kunst- og kulturkritikk? Jo, det er å få folk til å reagere og reflektere over kulturuttrykk og samtalane som oppstår i møte med desse, seier Rolf Engelsen, seniorrådgjevar i Kulturrådet. - Kritikk er eit vilkår for ein kultur i endring. Derfor lyser Kulturrådet no, for andre gong, ut søkbare midlar til kritikk.

Kulturrådet hadde og ei utlysing i fjor. Interessa var stor og det kom inn 76 søknader på til saman 23 millionar kroner. 27 av desse fekk støtte.

Skal styrke etablerte plattformar

Målet med desse utlysingane er å styrke kritikken i den norske offentlegheita og dermed utvide samtalen og engasjementet kritikken kan skape.

Rolf Engelsen håpar på mange søknader om kunst og kulturkritikk.

- Vi har vore opptekne av at kritikken må gå inn i vår tid, seier Engelsen. Ta det kulturelle mangfaldet i Noreg i dag. Korleis har dette endra samfunnet? Korleis vert desse endringane reflekterte i kunstproduksjonen, litteraturen osv.? Kritikken må analysere dette, tolke korleis kulturuttrykka skildrar aktuelle tematikkar, og tenke kreativt om korleis kritikken kan nå fleire med dei viktige debattane.

I denne utlysinga er det lagt vekt på å styrke eksisterande plattformer. Engelsen nemner tidsskrift, kulturhus, bibliotek som døme på slike. Også sosiale medium som Facebook og Twitter kan definerast som plattformer for formidling av kritikk, seier Engelsen.

– Kritikken må også fange opp dei som likar korte «statements», ikkje berre lange ti-siders analysar. Vi håpar flest mogleg finn det naturleg å ta del i kritikken, at eit aukande ønske om å dele erfaringar i kulturen og delta i den offentlege samtalen er ein sjølvsagt del av omgrepet «kunst- og kulturkritikk». Dersom kritikken berre skjer i lukka rom, møter han ikkje nok motstand. Vi håpar med denne utlysinga å få fram fleire ulike måtar å praktisere kritikk på, og i ulike stedar i landet, seier Engelsen.

Blir vurdert av eit tverrfaglig utval

Det er sett av tre millionar kroner til kunst- og kulturkritikken. Søknadane skal vurderast av eit tverrfagleg utval som består av seks medlemmer: Jorunn Veiteberg, Anne Oterholm, Sigurd Sandmo, Sissel Furuseth, Venke Marie Sortland og Helge Skog. Desse fattar også vedtak om tilskot.

- Reisestøtte til kritikarar, til dømes for å skrive om prosjekt som går føre seg rundt om i landet, vil vektast positivt, seier Engelsen. - Fagområda kulturarv, dans, barn og unge og tverrfagleg samarbeid er av særleg interesse for denne utlysinga.

Her kan du søke om prosjektstøtte til kunst- og kulturkritikk

Kontaktperson

Rolf Engelsen


blog comments powered by Disqus