Arkivartikkel

Aktuelt

Stavkyrkjer, lavvoar og solfestivalar – typisk norsk er ikkje berre norsk.

Sydisdans er en tradisjonell sørsamisk dans med røtter i foxtrot. Den praktiseres på tvers av landegrensene mellom Norge og Sverige. Den har oppstått på 1970-tallet og har videre utviklet seg til de nyere generasjonene. Bilete frå immateriellkulturarv.no

Sydisdans er en tradisjonell sørsamisk dans med røtter i foxtrot. Den praktiseres på tvers av landegrensene mellom Norge og Sverige. Den har oppstått på 1970-tallet og har videre utviklet seg til de nyere generasjonene. Bilete frå immateriellkulturarv.no

I år skal kulturarven i Noreg feirast i forbinding med det europeiske kulturarvåret 2018.

Kulturarv kan seiast å vera det historiske fundamentet eit samfunn står på, noko som inkluderer både fysiske bygg og gjenstandar som stavkyrkjer og reindriftslavvoar til musikk-, litteratur- og mattradisjonar og mykje meir. Men kulturarv handlar også om verdiar og identitet, og er slik sett også potensielt ein arena for politikk og makt.

Det europeiske kulturarvåret 2018 er initiert av EU-kommisjonen og vert markert over heile Europa. Dei ulike europeiske landa kjem i løpet av året til å gjennomføra ei rekkje aktivitetar med mål om at alle skal få moglegheit til å bli betre kjent med europeisk og nasjonal kulturarv.

I Noreg har ein mange tradisjonar og kulturminner ein ynskjer å ta vare på, men er ein nasjonal arv noko statisk og berre norsk? Har du til dømes tenkt på korleis den «heilnorske» mattradisjonen risengrynsgrauten med kanel i hovudsak består av utanlanske ingrediensar som har vorte importert frå Asia og andre delar av Europa heilt sidan vikingtida? Slik er det med mykje av det ein kallar norsk. Kulturarven i Noreg er i stadig utvikling og nye kulturmøter endrar oss og gjev nye forståingar om kven vi er som einskild menneske og som samfunn. Difor har ein valt slagordet «Typisk norsk – ikkje berre norsk».

Riksarkivaren er ansvarleg, saman med Riksantikvaren, for den nasjonale markeringa av Kulturarvsåret. 15. mars er starten på den nasjonale markeringa av det Europeiske kulturarvsåret i Noreg i Freia-salen i Oslo. Både kulturminister Trine Skei Grande og klima- og miljøminister Olav Elvestuen deltek. Arrangementet vert strøyma frå våre nettsider.

Kulturrådet vil i løpet av året vera med å arrangera fleire aktivitetar i forbinding med markeringa. Meir informasjon om dei einskilde arrangementa kjem seinare.

Det europeiske kulturarvåret på Facebook

Kulturarvåret 2018 på Instagram

blog comments powered by Disqus