Museum og kulturvern

Norges dokumentarv

Nasjonalbiblioteket

Arkivet etter Ivar Aasen 1813–96

Arkivet dokumenterer arbeidet til en person med en viktig plass i norsk språkhistorie.

Nasjonalbiblioteket nominerte i 2011 tre grammatikkmanuskript frå det store arkivet etter språkforskaren og diktaren Ivar Aasen (1813-96) til Noregs dokumentarv: Dei to manuskripta til Sunnmørs-grammatikken og manuskriptet til Det norske Folkesprogs Grammatikk. Manuskripta blei nominerte representativt for heile arkivet etter Ivar Aasen. Manuskripta til Sunnmørs-grammatikken blei ikkje gjevne ut i Aasens levetid, men er viktige føresetnader for Det norske Folkesprogs grammatikk, som kom ut i 1848.

Ivar Aasens virke omfatta eit stort og uvurderleg viktig dokumentasjonsarbeid av dei norske målføra. På dette grunnlaget bygde han eit nytt norsk skriftspråk. På grunnlag av eige dokumentasjonsarbeid og grundige språkhistoriske og allmennlingvistiske studium, bygde han så det nye skriftspråket – med ordbok og grammatikk – og tok det sjølv i litterær bruk. Arkivet etter Ivar Aasen innheld nedslag av heile breidda av denne aktiviteten, Aasen som innsamlar, Aasen som språkvitar og språkbyggjar og Aasen som diktar.

Når Nasjonalbiblioteket  valde å nominere grammatikkmanuskripta, var det fordi det er som språkbyggjar at Ivar Aasen har sett eit avgjerande preg på utviklinga av Noreg. Etableringa av landsmålet, seinare nynorsken, var eit viktig demokratiserings- og danningsprosjekt, og handla om å gje vanlege folk utanom byane eit eige skriftspråk, slik at dei kunne bli samfunnsaktørar på lik linje med den bybaserte eliten. Etableringa av nynorsken gav vilkår for at norsk kultur, politikk og samfunn fekk utfalde seg på heimleg grunn og med breie lag av befolkninga aktivisert. Det nynorske skriftspråket har brakt fram nokre av dei største forfattarane i den norske litteraturhistoria, og nokre av dei viktigaste samlande tekstene, t.d. salmer som "Å leva det er å elska", eller "Gud signe vårt dyre fedreland". På godt og vondt har den norske språksituasjonen med to offisielle skriftspråk prega oss som samfunn, og har gjort nordmenn til eit svært språkmedvite folk. Det er ikkje å ta for hardt i å seie at Noreg ville ha hatt ei anna historie om ikkje Ivar Aasen hadde etablert landsmålet/nynorsken.

Nominasjoner fra Nasjonalbiblioteket (PDF)