Museum og kulturvern

Norges dokumentarv

Østfoldmuseene, Halden historiske samlinger

Handelshusarkivene i Halden 1653-1960

Mads Wiels hovedbok 1815-1820 - postering for Bomullsfabrikken

Mads Wiels hovedbok 1815-1820 - postering for Bomullsfabrikken

Handelshusarkiva i Halden er eit sjeldan døme på godt bevarte og eldre arkiv for ei verksemd med stor innverknad på norsk næringshistorie.

Materialet gjev innsyn i verksemda til dei fire førande patrisiarfamiliane Tank/Anker, Stang og Wiel og dokumenterer nyare produksjonsformer og organisering der personleg eigarskap vert svekka og industrielle produksjonsmåtar kjem inn. Handelshusarkiva er ei god kjelde til trelasthandelens rolle i ein region.

Sagbruk- og trelasthandel var gjennom ein lang periode eit viktig grunnlag for busetnad, byutvikling og sjøfart. Alle sider ved denne trelastnæringa er representert i arkivet, frå eigedomstilhøve og råstoffavvikling til foredling på sagbruka og utskiping.

Nominasjon av Handelshusarkivene i Halden 1653-1960 (pdf)

Kontaktperson

Arkivar, førstekonservator James Ronald Archer, telefon 918 13 147, jamarc@ostfoldmuseene.no