NTNU Universitetsbiblioteket
Arkivet etter Norsk utvalg for betong i sjøvann 1962-2001
Arkivet er ei eineståande kjelde for å studere tidleg norsk offshore- og betongindustri, og med det starten på det norske oljeeventyret.
Publisert 01.12.2014
Sist endret 05.01.2021
Erfaringsmaterialet frå dei omfattande feltundersøkingane av marine betongkonstruksjonar langs norskekysten var avgjerande for bruk av betong i offshorekonstruksjonar.
Arkivet har høg samfunnsrelevans som teknisk-vitskapleg forskingsarkiv og er ei unik kjelde til forståing av kvifor Noreg har fått ein framståande internasjonal posisjon innan olje- og gassutvinning. Feltundersøkingane frå 1960-åra var også med på å danne det tekniske grunnlaget for eitt nytt internasjonalt regelverk for offshore betongkonstruksjonar i 1973.