Museum og kulturvern

Norges dokumentarv

Interkommunalt arkiv Troms, Interkommunalt arkiv Vest-Agder

Skoleprotokollar frå 1800-talet

Skoleprotokoll fra Målselv

Skoleprotokoll fra Målselv

Skoleprotokollane representerer ein viktig kjeldetype frå kommunal sektor og dokumenterer ein offentleg og obligatorisk skule i ein tidleg fase.

Arkivmaterialet speglar viktige tiltak i skulehistoria med omgangsskulane som inngang til utdanning. I tillegg har protokollane ein viktig tilleggsfunksjon ved å gje innblikk i barns oppvekstforhold med utfyllande bilete av enkeltpersonars liv og regionale særtrekk.

Til oppføringa inngår:

  • Skoleprotokollar frå Målselv kommune 1869-1885 med dokumentasjon av omgangsskulen i eit kolonisamfunn
  • Skoleprotokollar frå indre Vest-Agder 1828-1914 med dokumentasjon av barnevandrarane

Oppføringa kan utvidast med materiale som dokumenterer andre sider ved grunnskulevesenet.

Nominasjon av Skoleprotokollar frå Målselv kommune 1869-1885 (pdf)

Nominasjon av Skoleprotokollar frå indre Vest-Agder 1828-1914 (pdf)

Meir informasjon om skoleprotokoller frå Målselv hjå Interkommunalt arkiv Troms.

Kontaktpersonar

Troms: Rådgiver Janicken Elisabeth Olsen, telefon 907 06 884, jeo@ikatroms.no

Vest-Agder: Rådgiver Bård Raustøl, telefon 922 17 220, raustol@ikava.va.no