Museum og kulturvern

Norges dokumentarv

Aktuelt

Nominer til Memory of the World 2017-2018!

Arkivet etter Roald Amundsens sydpolekspedisjon 1910-1912 ble tatt opp i UNESCOs internasjonale dokumentarvregisteret i 2005.

Arkivet etter Roald Amundsens sydpolekspedisjon 1910-1912 ble tatt opp i UNESCOs internasjonale dokumentarvregisteret i 2005.

Den norske komiteen for verdas dokumentarv opnar for nominasjonar til UNESCOs internasjonale Memory of the World-register. Nominasjonsfristen er 15. november 2017.

Memory of the World (MoW) vart oppretta i 1992 og er eitt av fleire UNESCO-program med føremål å gje eit nødvendig løft for å synleggjere og redde kulturarven.
Det finst register på internasjonalt, regionalt og nasjonalt nivå. Føremålet med registret er å auke medlemslandas medvit om eigen dokumentarv, oppfordre til vern av arven samt å gjere arven tilgjengeleg for eit størst mogleg publikum. Noregs dokumentarv er den norske delen av UNESCOs Memory of the World-register.

Det er nå opna for nye nominasjonar til det internasjonale registret. I dag er det fem norske innførslar i registret.    

Kven kan søkje?

Nominasjonar kan fremjast av enkeltpersonar, organisasjonar, institusjonar, regjeringar eller NGO-ar (Non Gorvernmental Organization). UNESCO prioriterer nominasjonar som er sendt gjennom den nasjonale Memory of the World-komiteen. I Noreg er dette Den norske komiteen for verdas dokumentarv. Norsk kulturråd er sekretariat for komiteen.

Vurdering av søknaden

Alle søknader vert vurderte at Den norske komiteen for verdas dokumentarv.
Det vert gjeve tilbakemelding om komiteens vurderingar til søkjarane. For søknader som er vurderte som aktuelle for nominasjon til det internasjonale registret, vil komiteen kome med tilrådingar om der er noko i søknaden som bør endrast før oversendinga til UNESCO.
Det er berre høve til å fremje to nominasjonar pr. land i kvar nominasjonsrunde.

Krav til søknaden

Søknaden må vere på engelsk og følgje det fastsette formularet og kriteria utarbeidde av UNESCO.

Bevaringsinstitusjonar, eller andre som ønskjer å fremje søknader, må berre fremje objekt som heilt klårt er av verdi for verdas dokumentarv. Dokument eller arkiv som er av meir avgrensa og nasjonal verdi vil ikkje verte fremja for UNESCO. Nominasjonen kan bestå av komplette arkiv, delar av arkiv, seriar eller til og med enkeltdokument i ei samling. Når eit dokument har blitt lagt til registret, kan ikkje dokumentgruppa endrast eller redefinerast.

Det er viktig å leggje ved relevant biletmateriale til søknaden og det er utarbeidd eigne kriterium for dette. Ein søknad vil også ha større tyngd dersom det ligg føre støttefråsegner frå viktige fagmiljø.

Slik vert søknaden handsama

November 2017:

Den norske komiteen handsamar innkomne søknader. Søkjarar får tilbakemelding om komiteens vurdering. I dei tilfella der komiteen meiner det er grunn til å fremje søknaden overfor UNESCO vert det gjeve ein ny frist til å sende inn ein justert søknad.

Februar 2018:

Den norske komiteen handsamar gjenverande søknader og gjer vedtak om kva søknader (maks 2) som skal fremjast overfor UNESCO.

Juni/juli 2019:

UNESCO gjer vedtak om nye innførslar i Memory of the World.
Det er den engelskspråklege versjonen med tilhøyrande kriterium, søknadsskjema og fristar kunngjorde på nettsida til UNESCO som er førande for prosessen.

Slik søkjer du

Fyll ut det internasjonale søknadsskjemaet fastsett av UNESCO her. 

Søknaden skal sendast elektronisk til: post@kulturrad.no innan 15. november 2017

Søknader der det ikkje er gjort bruk av UNESCOs elektroniske søknadsskjema eller som kjem inn etter fristen, vil verte avviste på formelt grunnlag.

Kontaktperson

Øyvind Ødegaard, leiar av Den norske komiteen for verdas dokumentarv, telefon 915 80 898