Museum og kulturvern

Norges dokumentarv

Pressemelding

29 dokument tatt opp i Noregs dokumentarv

Minnematerialet etter 22. juli 2011 er ei av dei 29 nye oppføringane i Noregs dokumentarv. Foto: Riksarkivet

Minnematerialet etter 22. juli 2011 er ei av dei 29 nye oppføringane i Noregs dokumentarv. Foto: Riksarkivet

Minnematerialet etter 22. juli 2011, arkivet etter Karen-Christine Friele og Noregs første kommersielle nettsider, Oslonett, er mellom dei viktige dokumenta som blir tatt opp i registeret over Noregs dokumentarv som blir lansert i dag.

Minnematerialet etter 22. juli 2011 inneheld materiale som er samla inn frå Oslo domkirke, Utvika, kommunar og norske utanriksstasjonar. Arkivet etter Karen-Christine Friele er ei viktig kjelde til den norske homorørslas historie.  Oslonett var den første kommersielle nettstaden i Noreg, der blant anna OL i 1994 og resultatet av folkerøystinga om EU same år blei formidla over internett til eit raskt veksande tal med husstandar.

- Komiteen er nøgde med at det no kjem inn 29 nye dokument og arkiv som spenner frå middelalderen til i dag, frå Noregs eldste brev til minnematerialet etter 22. juli, seier avdelingsdirektør Øyvind Ødegaard ved Riksarkivet, som er leiar for Den norske komiteen for verdas dokumentarv.

Sjå lista over alle oppføringane her.

 

-Aller mest nøgde er vi med at mange av dei nye innføringane dekker hol i registeret over område som tidlegare ikkje var med. No er både idretten og kristenlivet representert. Likeleies er no også barn, kvinner, etniske grupper, funksjonshemma og homorørsla komne med, fortel Ødegaard . 

Frå historiske dokument til feltundersøkingar

Det er eit svært breitt materiale som har kome med i registret.  Frå viktige historiske dokument som fragment av Frostatingslova, viktige bedriftsarkiv som arkivet etter Hjula Væveri og Alvøens Papirfabrik, dokumentasjon frå andre samfunnsektorar som skipinga av Det Norske Misjonsselskap, arkivet etter Anna og Erling Stordahl, til feltundersøkingar med avgjerande betydning for nyare norsk industrihistorie som arkivet etter Norsk utvalg for betong i sjøvann.

I vurderinga av om dokumenta skal takast med i registret er det tatt omsyn til autensitet, om dokumenta er unike og uerstattelege og om dei gjev unik dokumentasjon frå si samtid. I kriteria er det også lagt vekt på å gjere vurderingar i høve til tid – stad – menneske – emne og  tema – form og stil samt kulturell, åndeleg og religiøs verdi.

Her er lista med dei 29 nye oppføringane i det nasjonale registret med lenkje til meir informasjon og komiteens grunngjeving:

Dokument Institusjon
Arkivet etter Anna og Erling Stordahl 1923-1994 Valdresmusea/Opplandsarkivet avdeling Valdres folkemuseum
Arkivet etter slekten Aall på Ulefos Hovedgaard ca. 1660-1900 Telemark museum
Den første boka som vart trykt i Noreg, Almanakk for 1644 Nasjonalbiblioteket
Forhandlingsprotokoll for boktrykkernes sykekasse, Kristiania 1819 Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek (Arbark)
Osebergfunnet - original feltdokumentasjon 1904-1906 Kulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
Arkivet etter Camilla Collett 1831-1895 Nasjonalbiblioteket
Forhandlingsprotokol for Det Norske Missionsselskabs Generalforsamlinger 1842-1864 Misjonsarkivet, Misjonshøgskolen
Fragment av Frostatingslova ca. 1260 Riksarkivet
Arkivet etter Karen-Christine Friele 1932-2013 Universitetsbiblioteket i Bergen
Arkivet etter Leseforeningen for Kvinner 1874-1974 Nasjonalbiblioteket
Arkivet etter Norsk utvalg for betong i sjøvann 1962-2001 NTNU Universitetsbiblioteket
Spørrelistesvar ved Norsk etnologisk gransking 1946-2014 Norsk etnologisk gransking, Norsk folkemuseum
Skoleprotokollar frå 1800-talet Interkommunalt arkiv Troms
Interkommunalt arkiv i Vest-Agder
Minnematerialet etter 22. juli 2011 Riksarkivet
Handelsstedsarkivene i Salten og Lofoten 1801-1970 Nordlandsmuseet, Museum Nord, Arkiv i Nordland
Noregs eldste brev - pave Clemens III skriv til alle geistlege i Noreg i 1189 Riksarkivet
Det eldste brevet på gamalnorsk - frå Kong Filippus Simonsson om Hovedøya kloster ca. 1207-1217 Riksarkivet
Arkivet etter Hjula Væveri 1855-1957 Norsk teknisk museum
Norges to første trykk: Missiale Nidrosiense og Brevarium Nidrosiense, 1519 Nasjonalbiblioteket, Deichmanske bibliotek, NTNU Universitetsbiblioteket
Arkivet etter Arendals Turnforening 1857-2011 Aust-Agder kulturhistoriske senter
Oslonett 1993-94 Nasjonalbiblioteket
Wilsearkivet 1900-1949 Norsk folkemuseum, Nasjonalbiblioteket, Norsk Teknisk Museum, Norsk Maritimt Museum, Preus museum, Oslo Museum
Arkivet etter Trondheim priserett 1808-1814 Statsarkivet i Trondheim
Arkivet etter Ruth Maier 1933-42 Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret)
Riksantikvarens og Fortidsminneforeningens teikningar av historiske bygningar 1820-2007 Riksantikvaren
Arkiva etter Bergen havnevesen 1735-2012 Bergen byarkiv
Handelshusarkivene i Halden 1653-1960 Østfoldmuseene - Halden historiske Samlinger
Arkivet etter Alvøens Papirfabrik 1798-1981 Stiftelsen Lokalhistorisk Arkiv i Bergen
Arkivet etter Colin Archer 1868-1921 Foreningen Larvik Sjøfartsmuseum

 

Det fyrste opptaket til Noregs dokumentarv var i 2012, med opptaket i 2014 inneheld registret nå 91 dokument.

Meir informasjon om Noregs dokumentarv.

Kontakt

Øyvind Ødegaard, leiar av Den norske komiteen for verdas dokumentarv, tlf. 915 80 898, e-post: ovod@arkivverket.no

Hildegunn Bjørgen