Museum og kulturvern

Norges dokumentarv

Aktuelt

Svartebok, Statoil og Sigrid Undset tatt opp i Noregs dokumentarv

Sigrid Undset. Foto: Alvilde Torps Eftf. / Nasjonalbiblioteket

Sigrid Undset. Foto: Alvilde Torps Eftf. / Nasjonalbiblioteket

Ei trolldomsbok frå mellomalderen, arkivet etter Sigrid Undset og styreprotokollen for Noregs største oljeselskap, Statoil, er mellom dei tolv viktige dokumenta som blir tatt opp i UNESCO-registeret over Noregs dokumentarv som blir lansert 9. desember.

Vinjeboka er den eldste bevarte trolldomsboka i Skandinavia og eineståande i sitt slag. Dette er den einaste svarteboka som er bevart frå katolsk mellomalder i Norge. Den er ei viktig kulturhistorisk kjelde med høg verdi som nasjonal kulturarv. Styreprotokollen etter Statoil er eit viktig symbol på den norske oljehistoria og arkivet etter Sigrid Undset gir eit unikt og heilskapleg vitnesbyrd om livet og arbeidet til ein av dei viktigaste forfattarane i Noreg.

- Aller mest nøgde er vi med at mange av dei nye innføringane dekker hol i registeret over område som tidlegare ikkje var med. Eg vil særleg trekke fram nye forhold frå mellomalderen, nye delar av næringslivet med Akers Mekaniske Verkstad og Statoil og ikkje minst dokumentasjon etter dei to sterke kvinnene Sigrid Undset og Ingrid Bjerkås, seier avdelingsdirektør Øyvind Ødegaard ved Riksarkivet, som er leiar for Den norske komiteen for verdas dokumentarv. 

- Det er òg gledeleg at fire nye bevaringsinstitusjonar er komne med på registeret. Det er Stiftelsen Oslo katedralskole, Fylkesarkivet i Oppland og Statsarkiva i Kristiansand og Stavanger, fortel Ødegaard. Dermed er så mange som 46 arkiv, bibliotek og museum over heile landet representerte i registeret.

I vurderinga av dokumenta er det tatt omsyn til autentisitet, om dokumenta er eineståande og uerstattelege og om dei gjev unik dokumentasjon med nasjonal betyding. I kriteria er det også lagt vekt på å gjere vurderingar i høve til tid – stad – menneske – emne og  tema – form og stil samt kulturell, åndeleg og religiøs verdi.

Her er lista med dei 12 nye oppføringane i det nasjonale registret med lenkje til meir informasjon og komiteens grunngjeving:

Dei nye oppføringane blir lansert på Sentralen i Oslo 9. desember kl 12.30.

Lanseringsseminaret blir strøyma direkte på Kulturrådets nettstad.

Noregs dokumentarv

Noregs dokumentarv er den norske delen av UNESCOs Memory of the World-register. Memory of the World vart oppretta i 1992, og er eitt av fleire UNESCO-program for å synleggjere og redde kulturarven. Noregs dokumentarv inneheld no 101 oppføringar, det fyrste opptaket av dokument i registret var i 2012. Privatpersonar, organisasjonar og institusjonar kan fremje søknader. Den norske komiteen for verdas dokumentarv vurderer og avgjer kva dokument som blir innskrivne i registret.

Meir informasjon om Noregs dokumentarv

Kontakt

Øyvind Ødegaard, leiar av Den norske komiteen for verdas dokumentarv, tlf. 915 80 898, e-post: ovod@arkivverket.no