Publikasjoner

Rapport

Å rydde i fortida - for framtida

Prioritering, avhending og destruksjon i museumssamlingar.

Rapporten gir eit innblikk i refleksjonar og erfaringar som er gjort i arbeidet med utarbeiding av dokumentet «Retningslinjer for prioritering, avhending og destruksjon av kulturhistoriske museumsgjenstandar» og utprøving av verktøy for å gjennomføre prioriteringsarbeid i kulturhistoriske samlingar.
 
Bymuseet i Bergen tok initiativ til eit samarbeid med Oslo Museum og Randsfjordmuseene AS, avdeling Hadeland Folkemuseum, og fekk i 2013 innvilga midlar frå Kulturrådet til eit to-årig prosjekt. 
 
Rapporten tar både for seg generelle, juridiske og etiske vurderingar og utfordringar, samt ulike tiltak som kan verte resultat av eit prioriteringsarbeid. Det er vidare fokus på erfaringar frå den praktiske gjennomføringa av to ulike prioriteringsprosjekt i regi av Bymuseet.
Skriftserie: Rapport
Navn: Å rydde i fortida - for framtida
Utgiver: Kulturrådet
Forfatter: Heidi Seilfaldet
Artikkelforfatter: Anne Bjørke
Utgivelsesår: 2017
ISBN (trykt utgave):978-82-8105-129-4
ISBN (online):978-82-8105-131-7