Hopp til innhold
Rapport

Privatarkiv i musea

Åtte fylke fekk støtte til prosjektet Privatarkiv i musea. Sluttrapportane frå dette prosjektet er samla i denne publikasjonen.

Sluttrapport frå prosjektet Privatarkiv i musea

Arkivkartlegginga i 2005 viste at norske museum oppbevarte meir enn 30 000 hyllemeter privatarkiv og at størsteparten av dette materialet var uordna og utilgjengeleg for bruk. Musea mangla faglege og økonomiske ressursar til å ta seg av arkiva på ein forsvarleg måte.

Dette var bakgrunnen for at ABM-utvikling og Riksarkivet sette i gang prosjektet "Privatarkiv i museum" i 2007. I første omgang som eit pilotprosjekt.

Seks av åtte fylke har levert sluttrapport frå prosjektet. Dei rapporterer at dei har fått ei oversikt over tilstand og mengde i sine respektive fylke og har utarbeidd planar/avtalar for kven som skal gjere kva på privatarkivområdet. Fleire fylke har oppretta faste møtefora. I Hordaland har ein til dømes oppretta eit privatarkivnettverk.

Sluttrapporten viser også at kompetansen i musea har auka. Riksarkivet har som bidrag i prosjektet halde kurs og opplæring regionalt.

Hordaland (Hordaland fylkesarkiv), Østfold (Statsarkivet i Oslo), Nordland (Arkiv i Nordland), Sør-Trøndelag (IKA Trøndelag), Finnmark (Finnmark fylkesbibliotek) og Telemark (Telemark Museum) har levert sluttrapport. I tillegg har det blitt bevilga pengar til prosjekt i Møre og Romsdal (IKA Møre og Romsdal) og Troms (Statsarkivet i Tromsø), men sluttrapportane frå desse fylka var ikkje ferdige då redaksjonen blei avslutta i byrjinga av juni 2011.

Om publikasjonen

Privatarkiv i musea

Kulturrådet

2011