Visuell kunst

Visuell kunst

Aktuelt

Kunstnarassistent­ordninga er på plass

Steinar Haga Kristensen er ein av kunstnarane som har fått støtte til å tilsetje kunstnarassistent. I 2018 skal han og Audar Kantun arbeide saman. Bilete frå utstillinga Brun Periode - Heimat. Foto: Steinar Haga Kristensen

Steinar Haga Kristensen er ein av kunstnarane som har fått støtte til å tilsetje kunstnarassistent. I 2018 skal han og Audar Kantun arbeide saman. Bilete frå utstillinga Brun Periode - Heimat. Foto: Steinar Haga Kristensen

Dei første tildelingane til kunstnarassistentordninga er gjort. 14 søkjarar fekk støtte til å tilsetje kunstnarassistent.

– Kunstnarassistentordninga i Kulturrådet kan profesjonalisere det visuelle kunstfeltet ytterlegare, seier utvalsleiar Geir Haraldseth. – Det høge talet på søknader som kom inn til samarbeid mellom etablerte kunstnar og yngre, nyetablerte utøvar, indikerer at ordninga er etterlengta.

14 kunstnarassistentar i 2018

Arrangørutvalet for visuell kunst handsama 69 søknader i midten av november i år. Mange av dei beste kunstnarane i Norge søkte og dei fleste kunstuttrykk var representerte.

14 kunstnarar fekk kr 285 000 kvar for å tilsetje assistent. Det betyr at ein av fem søkjarar vann fram. Utvalet fann tjue andre søknader støtteverdige, men grunna avgrensa økonomiske midlar kunne ikkje desse prioriterast.

Som vanleg for alle søknader til Norsk kulturfond er fagleg innhald, kvalitet og profesjonalitet utslagsgjevande for vurderinga. I tillegg la utvalet la særleg vekt på refleksjon over assistentens muligheiter for eiga utvikling og kunstnarleg karriere, særleg formulert i motivasjonsbrevet som var lagt ved søknaden.

Sjå alle tildelingar til kunstnarassistent

Erfarings- og kompetanseoverføring

Eit av måla med kunstnarassistentordninga er å hjelpe til med erfarings- og kompetanseoverføring mellom eldre og nyutdanna kunstnarar. - Med auka fokus på kunstnarøkonomien dei siste åra vil denne ordninga kunne hjelpe til med profesjonaliseringa i det visuelle kunstfeltet, mest sannsynleg vil begge utøvarar utvikle seg og kanskje også auke inntektene sine, sier Haraldseth.

Bakgrunn for ordninga

Basert på eit forslag frå Unge Kunstneres Samfund (UKS), etablerte Kulturrådet ei ny kunstnarassistentordning i oktober 2017 med 4 millionar kroner til rådvelde. Føremålet med ordninga er å gje kunstnarar i etableringsfasen høve til å arbeide som assistent for ein meir etablert kollega i ein 50 % stilling i eitt år. Samstundes vil assistenten kunne oppretthalde sin eigen kunstnarlege praksis og motta andre tilskott, som prosjektstøtte og stipend.

Vidareføring i 2018

Kunstnarassistentordninga vert vidareført og det er løyvd 4,1 millionar kroner for neste år. Søknadsfristen vert i mars 2018.

Støtteordning for kunstnarassistent

Kontaktperson

Inger Eri


blog comments powered by Disqus