Hopp til innhold

Korleis blir det arbeidd med samisk kunst og kultur?

Det får du vita meir om den 19. april kl. 13:00-15:00 når me lanserer kartlegginga av arbeid med samisk kunst og kultur blant fleire hundre kunst- og kulturverksemder over heile landet.

19. april 2024

Legg arrangementet i min kalender

Digitalt og fysisk fra Karasjok

Kulturdirektoratet

Strømmes

Kulturdirektoratet, Sametinget og Samerådet inviterer heile kultursektoren til lansering av rapport og diskusjon om korleis det arbeids med samisk kunst og kultur blant verksemder i Noreg i dag.    

Rapporten frå sannings- og forsoningskommisjonen understrekar at kunst- og kulturverksemder har ei viktig rolle i forsoningsarbeidet. Men det har vore lite kunnskap om korleis verksemdene arbeider med samisk kunst og kultur i dag. Kva kompetanse finst, og kva er moglegheiter og hindringar for samarbeid? 264 verksemder har svart på undersøkinga, og no er resultata klare. Denne kartlegginga gir eit augneblinksbilete og grunnlag for vidare kunnskap og arbeid.   

Arrangementet blir strøymt over heile landet frå biblioteket i Sametinget i Karasjok. Det blir tolka mellom norsk og nordsamisk. Det er nokre fysiske plassar tilgjengeleg i Karasjok.   

Arrangementet er gratis, men du må melde deg på til digitalt eller fysisk nærvær. Frist for påmelding til fysisk deltaking er 10. april. Skjemaet er ope for påmelding til digital deltaking fram til 18. april kl. 16:00.  

Meld deg på her. 

Her finn du Facebook arrangementet.

Les meir om bakgrunnen for kartlegginga og alle spørsmåla verksemdene svarte på her.

 

  

Program 

Kl. 13:00 - 15:00

  • Velkommen frå møteleiar Maria Utsi 
  • Presentasjon av rapporten, v/ Ida Gram i Proba samfunnsanalyse 
  • Panelsamtale om innsikta og vegen vidare
    • Kulturdirektoratet ved Kristin Danielsen 
    • Sametinget ved Runar Myrnes Balto
    • Samerådet ved Åsa Larsson Blind
  • Kunstnarisk innslag ved musiker Niko Valkeapää
  • Panelsamtale med verksemder
    • Dáiddadállu ved Dine Fenger Lynge
    • Beaivváš ved Per Idar Ananiassen 
    • Music Norway ved Helene Dolva Broch
    • KODE ved Irene Snarby