Kulturrådsseminar på Riddu Riđđu: Det tapte området
Tvangsflyttinga av skoltesamar på første halvdel av nittenhundretalet belyser ei rekkje aktuelle problemstillingar rundt identitet og kulturarv i ei tid der mange folk er tvinga til å flytte på seg.
13. juli 2018 kl. 16:00 |
|
Senter for Nordlige Folk, Samuelsberg |
|
Kulturrådet og Riddu Riđđu-festivalen. |
Skoltesamar er ein samisk minoritet som bur i grensetraktene mellom Noreg, Finnland og Russland. På grunn av krig og påfylgjande fredsavtalar vart grensene endra, og mange skoltesamar vart tvangsflytta. Korleis vart den nye kvardagen i eit nytt område og under eit nytt regime? Korleis vidareførte ein kunnskap om naudsynte ressursar som fisk, fugl, dyr, planter og duodji-materiell i ei framandt landskap? Kva har tvangsflyttinga og politiske hendingar gjort med skoltesamisk kultur og tradisjon?
På seminaret blir det panelsamtale med mellom anna Zoya Mikhailovna Nosova, som er den siste skoltesamen på russisk side som har skoltesamisk som morsmål. Med i panelet er også Veikko Feodoroff, skoltesame på finsk side og Venke Tørmænen, skoltesame på norsk side, som begge har opplevd effekten av tvangsflyttinga. Me vil få høyre om korleis kvardagslivet er for skoltesamar i dag, og også kva tvangsflyttinga har gjort med deira kultur og tradisjonar.
Kurator, Honna Havas frå Äʹvv skoltesamisk museum vil innleia om skoltesamisk historie og kultur.
Seminaret er ein del av Kulturrådet si markering av Kulturarvåret 2018.