Nye kriterium for å verna innkjøpsordninga
I 2016 vart det påmeldt 274 bøker på innkjøpsordninga for skjønnlitteratur for vaksne. Tre år seinare var talet på 346. – No gjer Kulturrådet endringar i ordninga, mellom anna ein mellombels reduksjon av utbetalinga til forlaga, seier rådsmedlem Anne Oterholm.
Auken i påmeldingar til innkjøpsordningane har gått føre seg over fleire år, men var tydelegast i 2019. – Teknologiutviklinga gjer terskelen for bokutgiving stadig lågare, samtidig som nokre nylege endringar i reglane har ført til fleire påmelde bøker, seier Anne Oterholm, som er rådsmedlem og leiar i Kulturrådets faglege utval for litteratur.
Les òg saka i Klassekampen i dag
Ikkje første gong
Den skjønnlitterære ordninga er såkalla automatisk, og skil seg frå resten av ordningane ved at alt som held ein viss kvalitet blir kjøpt inn og blir distribuert. – Det er nettopp denne automatikken som får mykje av æra for den langsiktige utviklinga av forfattarskap, og det faktumet at nye titlar kjem såpass raskt ut i biblioteka, fortel Oterholm.
Dette er ikkje fyrste gong det er store aukar i påmeldingane. Tidlegare vart utgivarar, forfattarar og Kulturrådet samde om avkortingar i utbetalingane til utgivarane når det vart mange påmeldingar i denne ordninga. På eit visst tidspunkt var avkortinga på heile 30 %.
– Det er ikkje ei god løysing at utgivarane år for år får mindre betalt for sin involvering i ei utgiving, seier Oterholm. – Eit godt redaksjonelt arbeid er viktig viss kvaliteten i utgivingane skal haldast oppe.
Endringar i kriteria
Situasjonen krev tiltak som kan verka godt på kort sikt. No har rådet endra kriteria for påmelding i den skjønnlitterære innkjøpsordninga, slik at færre forlag får sine påmelde bøker førehandsvurdert. Rådet har òg vedtatt ein mellombels avkorting av utbetalingane til forlaga på femten prosent. Avkortinga påverkar ikkje bøker for barn og unge. På litt lengre sikt blir det òg vurdert innføring av eit påmeldingsgebyr.
– Dette er nødvendige tiltak dersom ordninga skal kunna haldast oppe som automatisk, med dei fordelane det medfører for dei redaksjonelle miljøas føreseielegheit, inntektene til forfattarane, og rask distribusjon, seier Oterholm. Samtidig med desse endringane har Kulturrådet starta eit lengre arbeid for å sikra ordningas litteraturpolitiske formål. Høgskulen i Volda vil òg levera ein rapport til hausten som ser på alle tilskotsordningane på litteraturfeltet, irekna dei fem innkjøpsordningane.
Styrkar norsk språk
Den fyrste norske innkjøpsordninga vart etablert i 1965 for å styrka norsk språk og litteratur i ei tid der det stod dårleg til med utgiving, sal og lesing av litteratur skrive på norsk. Ordninga skulle bidra til føreseielegheit for forlaga, auka honorar til forfattarane og litteratur til lesarane gjennom biblioteka. Ordninga har vore grunnleggande for det arbeidet som har vore gjort og framleis blir gjort med tanke på langsiktig utvikling av litteratur på norsk.
I dag finst det fem innkjøpsordningar: Den skjønnlitterære ordninga, som no omfattar litteratur for både barn og vaksne, sakprosaordninga for vaksne, sakprosaordninga for barn og unge, ordninga for omsett litteratur og ordninga for teikneseriar. Desse er ulikt innretta, delvis av historiske årsaker. Fleire av dei har likevel det til felles at dei opplever ein pressa økonomi.
– Diskusjonen om innkjøpsordningane, budsjettstorleikar, enkeltinnkjøp og innretningar vil og skal òg halda fram i tida framover, seier Oterholm. – Vi skal sørga for å halda fram den gode dialogen vi har med både Forleggerforeningen og forfattarorganisasjonane. Både diskusjonane og dei kommande endringane har som hensikt å verna og styrka ein litteraturpolitisk ordning som har hatt og framleis har stor tyding for norsk litteratur og dei som les han.
Dei vedteke endringane:
- Ny innretning for kategori 2: Denne kategorien skal berre brukast av nye utgivarar. Ein ny utgivar er definert som ein aktør som aldri tidlegare har meldt bøker på til den automatiske innkjøpsordninga. Det gjeld òg når utgivaren er lik forfattaren. Nye utgivarar skal bruka kategori 2 heile det fyrste kalenderåret. Unntak er enkeltbøker omsett frå samisk til norsk, desse kan, uavhengig av forlag, blir meldt på i kategori 2.
- Nye betalingstabellar: Kulturrådet foreslår ein avkorting på 15 % i utbetalingane til forlaga. I fyrste omgang avgrensa til påmeldingar i perioden juni 2020 – februar 2021.
- Ny praksis for utbetalingstidspunkt: Det blir sett i gang eit arbeid for å førebu nye rutinar rundt utbetaling med tanke på implementering av nye rutinar hausten 2020.
- Det blir starta eit arbeid med innføring av eit påmeldingsgebyr for begge kategoriar. Påmeldingsgebyret skal dekka kostnader forbunde med vurdering, handtering og administrasjon av påmelde bøker. Dette kan tidlegast vera på plass våren 2021.