Kulturrådets årsrapport 2019
Kulturrådets direktør Kristin Danielsen tar eit tilbakeblikk på 2019 i samband med at Kulturrådets årsrapport nå er klar. Foto: Ilja Hendel
Kulturrådets årsrapport for 2019 er klar. Den fortel om eit år prega av debattar om kunstnarisk fridom, ny kulturmelding og fleire nye oppgåver til Kulturrådet, mellom anna knytt til mangfald, minoritetar og kulturøkonomi.
Årsrapporten gir eit bilete av heile bredda i Kulturrådet sine oppgåver. Frå behandling av søknader til kunstnarstipend og kunst- og kulturprosjekt til utvikling av museumsfeltet, arbeidet med nasjonale minoritetar og kartlegging av kulturøkonomi, for å nemne nokre.
I tillegg bar 2019 preg av mange debattar knytt til Kulturrådets oppdrag. Som all merksemda kring teaterframsyninga Ways of Seeing og til dels hard kritikk av tilskot til scenekunstframsyningar som ikkje falt i smak hos alle. Med særleg fokus på framsyningane til Vegard Vinge og Ida Müller.
Her kan du laste ned og bla i årsrapporten.
Ytringsfridom og frie kunstnarar
- Kampen for grunnleggjande rettar har kjenneteikna 2019, seier Kristin Danielsen i sin leiarkommentar. Ho trekk fram kampane som har gått føre seg blant både demokratiforkjemparar i Hongkong og undertrykte kunstnarar i Europa. I Noreg var dei første månadene av 2019 prega av debatten rundt teaterstykket «Ways of Seeing», som førte til sterke reaksjonar frå det politiske miljøet, og som til slutt førte til at ein justisminister måtte gå av.
- Dette truga likevel ikkje sjølve fridomen til å ytre seg. Kunstnarane bak «Ways of Seeing» har fått både prosjektstøtte og kunstnarstipend frå Kulturrådet. Langt på veg kan me seie at systemet vårt fungerer. Då er eg langt meir uroleg for viljen til å ytre seg. Eg trur me krev for mykje av kunstnarane våre dersom prisen for den kontroversielle kunsten er eit vedvarande press frå både myndigheiter og media, seier Danielsen i sin leiarkommentar.
Nytt mangfaldsoppdrag
I tillegg til ytringsfridom har mangfald vore eit viktig tema i 2019. Hausten 2019 fekk Kulturrådet formelt eit oppdrag frå Kulturdepartementet om å ta rolla som nasjonal mangfaldskoordinator for kultursektoren. Det kom i kjølvatnet av det treårige prosjektet «Inkluderande kulturliv i Norden», som Kulturrådet har leia på oppdrag frå Kulturdepartementet og Nordisk ministerråd, og som vart avslutta i 2019 med ein tredagars konferanse i Oslo.
- Funna frå inkluderingsprosjektet er langt frå oppløftande. Mange minoritetskunstnarar opplever at det finst utestengingsmekanismar på kulturfeltet som spesielt rammar synlege minoritetar. Men den gir oss eit nådelaust nullpunkt for mangfaldsarbeidet i norsk og nordisk kultursektor, og eit mål om at me saman skal utvikle verktøya for å styrkje dette arbeidet, seier Danielsen.
20 000 søknader
I tillegg til nye oppdrag og pågåande debattar held Kulturrådet fram med å handsame søknader frå heile kunst- og kulturfeltet. Det kom inn rekordmange søknader til Statens kunstnarstipend i 2019. Stipenda er eit knapt gode, og det blir stadig større konkurranse om å nå opp.
- Berre om lag 10 prosent av dei som søkjer stipend er så heldige å få positivt svar. Det betyr at det er mange dyktige kunstnarar som ikkje når opp. Vi er derfor svært glade for at det frå 2020 er løyvd 37 nye arbeidsstipend til kunstnarar. Det er noko både Utvalet for Statens kunstnarstipend og kunstnarorganisasjonane har arbeid for i ei årrekke, seier Kulturrådsdirektøren.
Til saman er det behandla meir enn 20 000 søknader og gitt meir enn 5 000 tilskot på til saman over ein milliard kroner til kunst og kultur over heile landet i 2019. Det er med på å gje eit tilbod til alle, frå fleire bøker til skulebiblioteka til utvikling og formidling av store og små prosjekt som treff dei aller fleste.
Kulturrådet arbeider vidare for å nå målet som er satt i den nye kulturmeldinga om å vere eit levande demokrati der alle er frie til å ytre seg, og der mangfald, skaparkraft og kreativitet er høgt verdsett. Eit inkluderande samfunn der kunst og kultur av ypparste kvalitet inspirerer, samlar og lærer oss om oss sjølv og omverda.
Her kan du laste ned og bla i årsrapporten.